Stor rapport om kvernsteinshogging frå Torbjørn Løland!

Torbjørn Løland hogger kvernstein i
Torbjørn Løland hogger kvernstein i «eksperimentbrotet» i Kvernsteinsparken i Hyllestad. Foto: Astrid Dyrkorn Løland

Torbjørn Løland trekkjer seg no tilbake som formidlingsleiar i Kvernsteinsparken. Då er det på sin plass at det vert utgjeve eit gigantisk arbeid – skrive av Torbjørn sjølv: «Kvernsteinshogging i Noreg: Om handverket knytt til kvernsteinsproduksjonen». Det er eit arbeid av det sjeldne slaget. Som set saman geologi, handverk og tradisjonar. Og som trekk inn poesien i steinen. Slik berre Torbjørn kan gjere det.

Les meir

Kvernsteinsbrota i Hyllestad i «Kulturminnesøk» og «Askeladden»

Kvernsteinsparken i Hyllestad slik han no ser ut i Kulturminnesøk, Riksantikvarens offentlege database basert på Askeladden
Kvernsteinsparken i Hyllestad slik han no ser ut i Kulturminnesøk, Riksantikvarens offentlege database basert på Askeladden

Vi har fleire gonger tidlegare rapportert om framdrifta i «Kartleggingsprosjektet» . Det er eit prosjekt støtta av Riksantikvaren for å legge inn oppdaterte opplysningar om kvernsteinsbrota i Hyllestad i den nasjonale kulturminnedatabasen «Askeladden». No er prosjektet førebels avslutta med mykje innlagd informasjon og ein større, open rapport. Les meir

Korleis kan vi redde den nasjonale steinbrotsarven?

Skarsjøen skiferbrot i Stjørdal, omkring 1900. Stjørdal hadde svært mange skiferbrot. No er dei alle nedlagde. Biletet er i Stjørdal historielags eige og har vore brukt i boka "Sånn va de!" ( 1999). Takk til Kjell Erik Petterson for utlån.
Skarsjøen skiferbrot i Stjørdal, omkring 1900. Stjørdal hadde svært mange skiferbrot. No er dei alle nedlagde. Biletet er i Stjørdal historielags eige og har vore brukt i boka «Sånn va de!» (1999). Takk til Kjell Erik Petterson for utlån.

Noreg har tusenvis av gamle steinbrot – ei kulturarv som er sterkt truga. Det gjeld ikkje så mykje godt verna steinalderbrot eller brot frå mellomalderen. Det gjeld den store arven frå den tidleg-moderne tida, frå 16-1700-talet og frametter; brota som bygde byane sine monumentale bygningar, fine bruer og vegar, fjøs og hus – og som sjølvsagt òg vart brukte til skulptur og ornamentikk. Nesten alle desse brota er nedlagde, mange er gløymde, dei fleste står utan vern. Dei vert øydelagde av utbygging, sjølv om mange er ressursar for god stein, m.a. til restaurering. Og samstundes som steinbrytning har vorte sterkt mekanisert, går det tradisjonsrike, manuelle steinhandverket i gløymsla. Alt dette må vi gjere noko med! Saman med Norges geologiske undersøkelse (NGU) har Norsk Kvernsteinsenter føreslått ein nasjonal strategi for vern og bruk av steinbrotsarven. Les meir

Med marinarkeologane frå Sjøfartsmuseet på tokt i Hyllestad

Tord Kristian Karlsen har nett fått opp ein kvernstein frå botnen av Myklebustfjøra i Hyllestad. Thomas Bjørkeland fraus der nede i vatnet og løfta han opp!
Tord Kristian Karlsen har nett fått opp ein kvernstein frå botnen av Myklebustfjøra i Hyllestad. Thomas Bjørkeland fraus der nede i vatnet og løfta han opp!

Denne veka har marinarkeologar frå Bergens Sjøfartsmuseum trassa kulde og sno og dykka etter kvernstein langs Sørefjorden og i Myklebustfjøra i Hyllestad. Målet var å kartfeste stein som av ein eller annan grunn har hamna på havets botn. Det kan vere vrakstein frå den store produksjonen på land, men òg ferdige kvernstein som vart mista då dei skulle lastast på båt for eksport til den store verda i vikingtida og mellomalderen. Undersøkingane er ein del av Sjørfartsmuseet sitt forvaltingsansvar for marinarkeologien på Vestlandet – og dei er viktige for Kvernsteinsparken: for såleis kan vi betre forstå, formidle og hjelpe til med å forvalte steinbrotlandskapet. Ein stor del av landskapet finn ein på fjordbotnen! Les meir

Ny rapport om UNESCO Global Geopark og gode tilbakemeldingar frå HAFS Regionråd!

Brurastakken på Atløyna i Askvoll: Noregs finaste fold. Vil verte eit ikon i ein UNESCO Global Geopark i HAFS.
Brurastakken på Atløyna i Askvoll: Noregs finaste fold! Kan verte eit ikon i ein UNESCO Global Geopark i HAFS!

I går presenterte avdelingsdirektør Franziska Rüttimann vår nye rapport om UNESCO Global Geopark for HAFS Regionråd. Det er Musea i Sogn og Fjordane/Norsk Kvernsteinsenter og Hyllestad kommune som har jobba fram rapporten, med midlar frå Regionrådet og med god hjelp frå Sognefjorden Kystpark. Presentasjonen og rapporten fell tydelegvis i smak, for rådet fatta vedtak om å gå vidare med utviklingsprosessen. No skal ei arbeidsgruppe, med leiar av rådet Gunhild Berge Stang i spissen, sjå på moglegheiter for organisasjon og finansiering. Vi er kjempeglade! Vi har tru på at HAFS om nokre år vert ein del av «UNESCO-familien» og kan vise fram unik geologi, natur og kulturhistorie – til glede for oss sjølv – og for mange fleire besøkande enn i dag. Les meir