Årsprogram 2021
Pga. corona-situasjonen har vi inntil vidare ikkje planlagd nokon arrangement.
Årsprogram 2019
Laurdag, 18. mai, 12 – 15
Sankekurs for nybegynnera!
Samspel arrangerar også i år sankekurs i Kvernsteinsparken.
Fredag, 24. mai, 19.30, Hotel Sognefjord
Bidrag – ei interaktiv fotoutstilling av Kim Søderstrøm
Kvernsteinsparken støttar ei spennande utstilling av fotografen Kim Søderstrøm der du mellom anna kan sjå vakre bilete frå kvernstein på havets botn. Utstillingsopning er 24. mai med føredrag frå fotografen.
Laurdag, 15. juni, 10.30 – 15.00
Klebersteinskurs
Kleberstein er eit fantastisk materiale som er lett å bearbeide. VI får besøk av tyske Pedi som er steinhoggar og ekspert på kleberstein. I kurset lærar du å lage ein skål som kan brukast som matskål eller oljelampe.
Kurset vil bli halde på engelsk, viss ønska kan vi omsetje.
For vaksne og barn frå 10 år (barn under 12 år må ha ein vaksen med seg).
Pris: 450,-
Påmelding: post@kvernstein.no / 45 87 19 40
Laurdag, 22. juni, 12 – 16
Kvernsteinsmarknad
Handverksprodukt, lokalmat og aktivitetar for vaksne og barn.
20.00
Pubkveld med konsert frå Honky Dories

Søndag 23. juni, 10 – 17
Sesongstart i Kvernsteinsparken. Sommarsesongen varer til 25. august.

Onsdag, 26. juni – søndag, 30. juni
KALKNETTER
Vi ærar dei gamle kalkbrennarane i bygda og i heile Noreg, i heile verda. Dei som visar vegen når vi no tek opp att eit av dei viktigaste tradisjonshandverka. I kvernsteinsbygda Hyllestad, der også kalk var viktig i gamle dagar.
Program:
–Brenning av kalkstein i den store omnen i 5 døgn med oppstart onsdag, 26. juni, kl. 12.
–Føredrag for alle om kalkbrenning og kalk (torsdag)
-George Murphy lagar kalkskulptur som i steinalderen (onsdag – torsdag)
-Bent Erik Myrvoll visar gamle måleteknikkar med kalk (fresco/stucco lustro) (onsdag – torsdag)
-Minibrenning av østersskjell med kol (onsdag/torsdag)
-Etablering av tradisjonell kalkkule for å oppbevare kalken (torsdag – søndag)
Oversikt over heile programmet
Fredag, 28. juni, 12 – 19
Hyllestadseminar: Småskala kalkbrenning i Noreg i dag – og i morgon
Tradisjonskalk til restaurering av gamle steinbygningar er meir og meir etterspurd – men korleis sikre produksjonen når det ikkje er lønsamt? Vi har invitert kalkekspertar frå Noreg og Sverige for å diskutere løysingar.
Måndag, 22. juli, 10 – 14.30 / tysdag, 23. juli, 10.30 – 15.00
Handverkskurs for barn (10 år og eldre):
Smiing og tinnstøyping
Kurset varer ein dag og du vil vere 2 timar i smia og jobbe 2 timar med tinnstøyping.
Pris: 450,-
Påmelding: post@kvernstein.no / 45 87 19 40
Meir info kjem på fb-sida vår
Onsdag, 24. juli / torsdag, 25. juli, kvar dag 10 – 16
Smikurs for nybegynnarar
Du vil vere 2 dagar i smia og lære nokon grunnleggjande ferdigheitar i smiing.
Kursleiar: Bruno Staub, smed frå Sveits (kurset går føre seg på engelsk)
Pris: 2500,- (for medlemer i Kvernsteinslauget eller Frendar Vikinglag 1500,-)
Påmelding: post@kvernstein.no / 45 87 19 40
Meir info kjem på fb-sida vår
Fredag, 26. juli / laurdag, 27. juli, kvar dag 10 – 16
Smikurs for vidarekomne
Kursleiar: Bruno Staub, smed frå Sveits (kurset går føre seg på engelsk)
Pris: 2500,- (for medlemer i Kvernsteinslauget eller Frendar Vikinglag 1500,-)
Påmelding: post@kvernstein.no / 45 87 19 40
Meir info kjem på fb-sida vår
Søndag, 18. august, 12 – 16
Familiesøndag med aktivitetar for heile familien
Søndag, 8. september, 12 – 16
Geologiens dag
Nærmare info kjem etterkvart.
Kulturvandringar i Hyllestad
Saman med Hyllestad Folkeakademi og Sogelaget arrangerer Norsk Kvernsteinsenter turar til «gløymde» tidlegare verksemder, buplassar og gardar. Vi høyrer om kven som levde sitt liv der, og korleis det gjekk med dei.
Dato for nye kulturvandringar kjem etterkvart.