Hyllestadseminaret

Kvart år sidan 2002 har vi skipa Hyllestadseminaret – eit nasjonalt seminar om ulike tema Kvernsteinsenteret er opptatt av. Seminara er ope for ALLE interesserte, fag- og lekfolk.

Hyllestadseminaret 2019, 28. juni, 12 – 19

Småskala kalkbrenning i Noreg i dag – og i morgon / PROGRAM

I Noreg vert det no brend tradisjonskalk på Hamar, i Trondheim, på Agatunet i Hardanger og i Hyllestad. Småskala brenning har og funne stad i Osloregionen og på Røros. Men det finst nesten ikkje tradisjonskalk for sal. Tradisjonskalk vert brukt på staden, til særskilde restaureringsprosjekt.

Det må ein gjere noko med. Vi treng t.d. ein «pool» av ymse tradisjonskalk for sal, som murarar og restaureringsprosjekt kan kjøpe. Om vi ikkje gjer det, så vil murarar og andre aktørar kjøpe NHL, industrikalk eller kalk frå utlandet. Erfaringar visar at mange kjøpar NHL. Vil vi ha det slik i framtida?

Seminaret vil vise erfaringar med småskala kalkbrenning og ein vil diskutere korleis det kan etablerast slik produksjon for sal. Vi vil og trekkje inn erfaringar frå andre land og andre felt, m.a. tjørebrenning og steinproduksjon.

Seminaret er ope for alle. Påmelding innan 30.4.2019
Stad: Fleirbrukshuset i Hyllestad sentrum, 200 m frå Kvernsteinsparken

 

Hyllestadseminaret vart ikkje arangert i 2018. I staden vart det laga eit nasjonalt, praktisk fagseminar/murarseminar 25-29 juni: Ombygging av kalkomnen i Kvernsteinsparken.

Hyllestadseminaret 2017, 29-30 april

UNESCO Global Geopark i Ytre Sogn/HAFS?

Ein unik geologi som motor i distriktsutvikling? Skal vi føreslå Ytre Sogn/HAFS-kommunane som kandidat til UNESCO Global Geopark? Dette vart drøfta med dei tre eksisterande Geoparkane i Noreg og fleire fagfolk i det 15. Hyllestadseminaret. Svaret var: JA! Medarrangørar var Norges geologiske undersøkelse og Sognefjorden Kystpark.
Programm: Hyllestadseminaret 2017 – Program.

Hyllestadseminaret 20|7
Hyllestadseminaret 2017: Tur på Lihesten, i riket til devonkonglomeratet!

Her kan du sjå bidraga frå våre føredragshaldare:

Avisa Ytre Sogn bidrog som alltid med god reportasje!

Hyllestadseminaret 2017 - reportasje i avisa Ytre Sogn
Hyllestadseminaret 2017 – reportasje i avisa Ytre Sogn

Hyllestadseminaret 2016, 23-24 april

Korleis formidle eit kulturlandskap?

Programmet for Hyllestadseminaret 2016
Program for Hyllestadseminaret 2016

Det 14. Hyllestadseminaret satte fokus på kulturlandskap og korleis ein kan formidle det. Kulturlandskap – det er så mangt: Hav, kyst, fjord, hei, fjell – og ikkje minst gamle steinbrot. Landskapet er ressursen som menneska har brukt og sett sine spor i. Det er prega av synlege endringar og inngrep som hus, vegar, steinmurar, kaianlegg, spor etter dyrking – og drift i tidlegare steinbrot. Samtidig ber kvar brukar av eit landskap med seg sitt indre bilde av landskapet, fullt av minner – og kunnskap om korleis ressursane vart brukte og korleis dei kan brukast i dag.

Det er mange historier knytt til eit landskap. I seminaret utforska vi korleis ein kan fortelje dei og kva utfordringar landskapsformidlarar møter.

Medarrangørar var Folkeakademiet i Hyllestad og vår søsteravdeling i Musea i Sogn og Fjordane, De Heibergske Samlingar/Sogn Folkemuseum på Kaupanger.

Reportasje frå Hyllestadseminaret 2016 i avisa Ytre Sogn 29.4.2016
Reportasje frå Hyllestadseminaret 2016 i avisa Ytre Sogn 29.4.2016

Her kan du sjå dei fleste bidraga frå våre framifrå føredragshaldare:

Hyllestadseminaret 2015, 25-26 april

Korleis tek vi vare på tradisjonelt steinhandverk?

Program for Hyllestadseminaret 2015
Program for Hyllestadseminaret 2016

Seminaret sitt mål var å fremme forståing for steinhandverk i dagens Noreg og å diskutere kva betydning dette har hatt og skal ha i framtida – også i Hyllestad. Gjennom kvernsteinsindustrien var bearbeiding av stein eit viktig fag for Hyllestad i gamle dagar. Men det er også eit fag som vi framleis er heilt avhengige av, ikkje minst for å formidle historia til alle som besøker oss.

Medarrangør var Hyllestad folkeakademi og Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR). NDR er landets fremste miljø innan steinhoggarhandverket.

Les vidare om: