Prosjekt

Museumsutvikling ǀ Kalkomn ǀ Kartlegging ǀ Geopark ǀ DKS ǀ Vandring ǀ UNESCO

Kvernsteinsparken driv alltid utviklings-, formidlings- og forskingsprosjekt ved sida av den daglege aktiviteten. For tida held vi på med et stort prosjekt for å utvikle utandørsmuseet vårt med besøkssenter og nye aktivitetar. Vi byggar ein tradisjonell kalkomn, vi driv med ny kartlegging av heile det 10 kvadratkilometer store steinbrotlandskapet og vi arbeidar for at regionen om nokre år skal bli UNESCO Global Geopark.

Museumsutvikling

I 2016 vann firmaet «Groenlandbasel Architektur und Ausstellungen» (Sveits) anbodskonkurransen om utvikling av Kvernsteinsparken til eit «ordentleg» steinbrotmuseum, det fyrste i Nord-Europa med besøksenter.

Det planlagde besøkssenteret i Kvernsteinsparken (illustrasjon: Groenlandbasel)
Det planlagde besøkssenteret i Kvernsteinsparken (illustrasjon: Groenlandbasel)

Planen skal realiserast i etappar. Fyrst skal nokre av dei eksisterande bygningane i Kvernsteinsparken oppgraderast, samstundes skal turopplevinga i Parken gjerast mykje betre, mellom anna ved etablering av ein lengre, kombinert kultur/trimsti. Det skal ryddast skog og dyr skal ut på beite. Sidan skal det byggast eit besøksenter med multimedia-rom, resepsjon, kafé og kontorar.

For tida jobbar vi med realisering/finansiering. Planen er og ein del av sentrumsutvikling i Hyllestad og har blitt godt motteke av bygdefolket. Planen kan lastas ned her (45 MB)

Bygging av kalkomn

I Hyllestad er det ikkje berre kvernsteinsberg. Her finst òg marmor som sidan 1800-talet vart brukt til å produsere kalkmørtel og jordbrukskalk. Kanskje går kalkhistoria heilt attende til mellomalderen? Kalk er forløparen for moderne sement. I gamle dagar kunne ein ikkje bygge murar utan kalkmørtel. I dag krev Riksantikvaren at all restaurering av gamle steinbygningar og ruinar skal gjerast med bruk av kalkmørtel.

Kalkomnen brenn og Oddvin leskar den første kalken!
Kalkomnen brenn og Oddvin leskar den første kalken!

Difor har vi bygd ein kalkomn i Kvernsteinsparken. Den er bygd i stein, slik vi trur det vart gjort i romertida og mellomalderen – og fyrste brenning gjekk føre seg under Kvernsteinsmarknaden i juni 2017. Prosjektet er støtta av Riksantikvaren. Den brende og leska kalken skal fyrst brukast under restaureringa av ruinane av Selja kloster i Nordfjord, Noregs mest berømte kloster. Men vi har òg avtaler med andre restaureringsprosjekt i Noreg. Om kalken vert bra motteke, så har vi eit produkt for «eksport»!

Les heile kalkomnshistoria (på engelsk)

Høyr NRK programmet «Museum» om kalkomnen i Hyllestad (sendt 1. juli 2017)

Og her kan du sjå ein liten videosnutt frå bygginga av omnen.

Kartlegging av steinbrota

Steinbrota i Hyllestad er store. 10 kvadratkilometer. Eit gigantisk kulturhistorisk landskap som truleg får merkelappen «av nasjonal interesse» i 2018 (innan Riksantikvarens program for  «kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse»). Brota vart kartlagde for meir enn 10 år sidan, men dei er knapt representerte i Noregs nasjonale kulturminnedatabase «Askeladden».

Detaljkart over Otringsneset. Her ligg steinbrota som perler på ei snor.
Detaljkart over Otringsneset. Her ligg steinbrota som perler på ei snor.

Saman med Riksantikvaren er vi no snart ferdige med eit prosjekt for å kartlegge brota på nytt, med ny teknologi. Alt skal inn i «Askeladden», alt skal gjerast tilgjengeleg for nasjonal, regional og lokal forvalting, slik at vi i framtida veit kor det finst gamle brot frå vikingtida og mellomalderen – og skjønar at her kan vi ikkje utan vidare bygge nye hus og vegar!

For folk flest er alle data frå Askeladden tilgjengelege på «Kulturminnesøk» og «Kulturminner overalt».

UNESCO Global Geopark

Geologane er einige: HAFS-regionen rår over ein unik og internasjonal framifrå geologisk arv som få andre område kan måle seg med. Kvernsteinshistoria er berre eit av mange kapittel i den storarta forteljinga om korleis landskapet vårt vart skapt. Men kva kan vi gjere for å formidle, bevare og ikkje minst skape verdiar ut av denne skatten som ligg under føtene våre?

Hyllestadseminaret 20|7
Hyllestadseminaret 2017

I 2015 vedtok UNESCO ei ny ordning som heiter UNESCO Globale Geoparkar og som er likestilt med kategorien «verdsarv». For at eit område kan kalle seg for UNESCO Global Geopark og får lov å bruke det prestisjefylte UNESCO-merket må det oppfylle mange krav: Internasjonal geologisk verd, ei berekraftig forvaltning av både natur- og kulturarv og – heilt sentralt – brei forankring i lokalsamfunnet. Ein Geopark skal vere eit samfunnsprosjekt der mange aktørar er involvert, bidreg og får noko att.

Norsk Kvernsteinsenter er no (2017) prosjektleiar i eit forprosjekt som Hyllestad kommune har ansvar for og Regionrådet i HAFS finansierer. Målet er å drøfte om HAFS-regionen burde satse på etableringa av ein UNESCO Global Geopark. NKS har gjennomført eit omfattande geologiprosjekt frå 2012 – 2015 som viste at geologien i regionen kvalifiserer for ein UNESCO Global Geopark.

Sjå vår Geoguide for Kvernsteinsparken (pdf)

Den kulturelle skulesekken (DKS)

I 2016 starta Musea i Sogn og Fjordane opp eit prosjekt med Den kulturelle skulesekken. Målet er å tilby eit formidlingsprogram på dei 6 museumsavdelingane for alle 9. klassar i fylke frå skuleåret 2017/2018 av. Programma skal ha ein generell del om kva eit museum er og ein del der elevane blir kjent med den einskilde avdelinga. MiSF satt ned ei arbeidsgruppe for å gjennomføre prosjektet i samarbeid med «Seanse – senter for kunstproduksjon» – og resultatet vart framifrå: Tidskapselen!

Sjå artikkel frå Seanse her.

Kulturvandringsløype «Marthas Hyllestad»

Her er Martha som lita jente i Hyllestad. Foto: privat.
Her er Martha som lita jente i Hyllestad. Foto: privat.

I samarbeid med destinasjonsselskapet Visit Fjordkysten er det opna ei kulturvandringsløype gjennom Hyllestad sentrum. Løypa heiter «Marthas Hyllestad» og publikum skal gå til fots til 8 stasjonar der dei kan høyre «Martha» – ei voksen kvinne frå Hyllestad – fortelje om hennar oppvekst på 1950-talet. Lydfilene er tilgjengelege frå ei webside og kan høyrast med mobiltelefonen.

Til Marthas Hyllestad

Under kan du få eit inntrykk av korleis Hyllestad har endra seg gjennom knappe 100 år – i eit hefte som vart laga i 2016.

hyllestadgarden-forside
Spasertur gjennom Hyllestadgarden

UNESCO-søknaden «Kulturminne frå vikingtida»

Kvernsteinsbrota i Hyllestad står på UNESCO si tentative liste for verdsarv i ein felles søknad med seks andre «Viking Age Monuments and Sites» i Norden (m.a. Borrehaugane og vikingtidsgravene i Vestfold). I juli 2015 avgjorde verdsarvkomiteen at nominasjonen må omarbeidast. I 2016 og 2017 har det ikkje skjedd noko meir med søknaden. Men kvernsteinsbrota i Hyllestad står fortsatt på den tentative lista til UNESCO.

Les vidare om: