Skuleprosjektet

Hyllestad er kjend i heile Noreg for sitt skuleprosjekt. I mange år har ein del av undervisninga til åttandeklassen på Hyllestad skule gått føre seg i Kvernsteinsparken. Her har ungdomane fått undervisning i ei rekke fag knytt til bygda si eige historie, ikkje minst den 1300 år gamle kvernsteinshistoria.

Video om Skuleprosjektet av Silje Bråstad

Ungdomane har lært seg tradisjonsrike handverk (steinhogging, smiing, veving, matlaging, vedhogging og mykje meir), dei har fått utdanning i språk, geografi og matematikk, og mange har hatt sommarjobb som gaidar for gjestar frå nær og fjern i Kvernsteinsparken. Mange har vorte flinke i handverk og har gitt kunnskapen vidare til mange hundre besøkande. Andre har lært seg så god engelsk at dei på strak arm kan ta med seg utanlandske gjestar på tur i Kvernsteinsparken.

Teater kan òg vere del av opplæringa i Parken. I 2017 var det stor framsyning under Kvernsteinsmarknaden: «Den heilage Ingebjørg», etter ei historie av Norvald Tveit..

Dei tre siste åra var samarbeidet mellom Kvernsteinsparken og Hyllestad skule organisert gjennom valfaget «Levande kulturarv». Ein halv dag annankvar veke i heile skuleåret fekk ungdomane undervisninga si i Kvernsteinsparken. Du kjem til å møte nokre av dei under besøket ditt i Kvernsteinsparken! Ungdomen er våre viktigaste gaidar!

Unge steinhoggarar i Hyllestad!
Unge steinhoggarar og formidlarar i Hyllestad!

Eit slikt samarbeid mellom skule og museum styrkar lokal identitet og livskraft i ein liten utkantkommune vest i Noreg! Ikkje minst er handverk og praktisk arbeid viktig for dei elevane som ikkje er så gode til å ta til seg teoretisk kunnskap på skulebenken. Vi kan fortelle historier om ungdomar som fekk liva sine endra i møte med handverk og praktisk arbeid i Kvernsteinsparken. Plutseleg var det «taparane» som verkeleg kunne vise kva dei dugde til!

I møtet med ei lang historie jamnar det seg ut…

Framtida for skuleprosjektet er ikkje heilt klarlagd. Men vi er viss på at Hyllestad skule, kommunen og Kvernsteinsparken finn ei god løysing.

Sjå artikkel frå Distrikssenteret: Unge formidlarar i Hyllestad.

Les vidare om: