Ditt besøk

Opningstid ǀ Prisar ǀ Kafe&butikk ǀ Grupper ǀ Skular ǀ Utleige ǀ Kart

Kvernsteinsparken er eit friluftsmuseum som alltid er tilgjengeleg. Om sommaren (slutten av juni til slutten av august) tilbyr vi guida tur og aktivitetar:

  • Gå tur i det imponerande steinbrotslandskapet. Mellom kl. 12 og 16 er det omvising med ein ungdom frå Hyllestad skule.
  • Mal korn med handkverna eller skubbekverna og bli kjend med ulike korntypar.
  • Lag din eigen brøddeig av mjølet du nettopp har  male og bak flatbrød over bålet.
  • Få eit stykke kleberstein og skap noko fint ut av det.
  • Bruk slyngestokkane og lag eit bånd til klebersteinssmykket ditt.
  • Prøv oppstadveven og vev vidare…
  • Besøk smia og hjelp smeden med blåsebelgen (uregelmessig).
  • Tjørebrenning: Sjå på eller hjelp til å lage tjøre (uregelmessig).
  • Kos deg rundt bålet og nyt nybakt kvernsteinsbrød eller ei svele
  • Hels på kaninane våre og mat dei med løvetann

Geologiløypa: Er du interessert i geologi? Gå geologiløypa gjennom Hyllestad sentrum. Hefte til løypa får du i Kvernsteinsparken, ved parkeringsplassen til SPAR i Hyllestad sentrum eller du kan laste det ned her.

Kulturvandringsløype «Marthas Hyllestad» gjennom Hyllestad sentrum: På 8 stasjonar fortel Martha om hennar oppvekst i Hyllestad på 1950-talet. Det var ei verd utan fjernsyn, med få bilar og telefonar og med krigen fortsatt friskt i minne.
Start er i Kvernsteinsparken. Lydfila og meir informasjon finn du her.

Viktig: Gode sko og vêrfaste kle!

Kornet er malt til mjøl, deigen lagast – steiking over bålet neste!
Kornet er malt til mjøl, deigen lagast – steiking over bålet neste!

 


Opningstid 2018

  • 24. juni – 26. august 2018: kl. 10 – 17 (måndag stengt)
  • Guiding: kl. 12 – 16

Utanfor opningstida kan du besøke Parken på eiga hand og gå tur i området. Ta med deg heftet om Kvernsteinsparken som du finn ved resepsjonen eller du kan laste det ned her. Gruppebesøk, skulebesøk, utleige og spesialomvisinger finn stad heile året. Ta kontakt! (Tlf. 458 71 940)


Prisar for enkeltpersonar

  • Vaksen: NOK 60,-
  • Barn (7 – 17): NOK 30,-
  • Under 7: gratis

Kafé & butikk

I Kvernsteinsparken sel vi kaffi, kvernsteinsbrød og/eller sveler. I butikken vår kan du kjøpe handlaga suvenirer, smykkar og bruksting.

Kom til butikken & kafeen! Oppstadveven står også klar!
Kom til butikken & kafeen! Oppstadveven står også klar!

Gruppebesøk

Omvising i steinbrota (1 t)
Vi går tur i det meir enn tusen år gamle steinbrotlandskapet og høyrer ei litt annleis forteljing om vikingverda – prega av dyktige handverkarar, drivne handelsfolk og tolmodige kvinner som held kverna gåande.

  • Pris: 70,- / pers (vi bereknar minst 14 personer)
  • Grupper med meir enn 25 personar vart delt i to og kan gå parallelt

Omvising (1 t) med brødbaking (45 min) eller laging av klebersteinssmykke (45 min):
Etter omvisinga får alle prøve seg på handkverna, høyrer om matvaner for 1000 år sida og lagar brød over bål. Eller ein kan kombinere omvisinga med å lage klebersteinssmykke og flette bånd med slyngestokkane.

  • Pris brødbaking: 125,- / person (vi bereknar minst 15 personer)
  • Pris klebersteinssmykke: 150,- / person (vi bereknar minst 15 personer)

Språk: Norsk, engelsk, tysk


Skulebesøk

Workshop “Do it yourself” – som steinhoggarane for 1000 år sidan
Korleis var livet for 1000 år sidan når steinhoggarane i Hyllestad jobba i steinbrota og laga tusenvis av kvernstein? For skuler lagar vi eit skreddersydd opplegg med fokus på at alle kan gjere ting sjølve og vere tett på det som vert formidla.
Vi deler elevane i grupper som etter tur besøker ulike stasjonar. Disse kan vere:

  • Gå på oppdagingsferd i steinbrota
  • Male korn med handkvern, lage deig og steike flatbrød over bål
  • Lage smykke av kleberstein
  • Lage bånd med slyngestokkane
  • Oppleve smia
  • Sjå på kalkomnen og lesking av kalk
  • Prøve seg på tjørebrenning
  • Delta i vikingleikar

Pris: Skuleklasser har gratis inngang, materialbruk kostar NOK 20,-/ elev.
Varigheit: Vi skreddarsyr programmet etter kor mykje tid skulen har.


Gjer som Barnas turlag i Hyllestad - bruk Storehuset til ditt arrangement!
Gjer som Barnas turlag i Hyllestad – bruk Storehuset til ditt arrangement!

Utleige av Kvernsteinsparken

Bruk idylliske Kvernsteinsparken og det stemningsfulle Storehuset for ditt arrangement, bursdag, barnebursdag, firmabesøk, bryllaup – eller ganske enkelt ein fest!

  • Pris: NOK 1200,-

Her finn du Kvernsteinsparken

Ta kontakt på telefon: 458 71 940, eller e-post: post@kvernstein.no