Då Noreg vart kristna for tusen år sidan, vart det sett opp ei mengd steinkrossar langs kysten. Frittståande steinkrossar er eit vestlandsfenomen. 40 steinkrossar frå vikingtid og mellomalder står ute i landskapet eller er tekne vare på. Av desse har 21 stått eller står i Sogn og Fjordane, 3 er i Hordaland og 16 i Rogaland.

Av dei 40 registrerte krossane, er 23 produserte i granatglimmerskifer frå steinbrota i Hyllestad. 17 av dei fins kringom i Sogn og Fjordane, 3 i Rogaland og 3 på museum.
Det var ikkje ein bestemt type steinkrossar som vart produsert i Hyllestad. Krossane varierer både i form og storleik. Krossen på Kvitsøy i Rogaland er den største blant dei som framleis står. Det er ein keltisk- eller irskpåverka kross som er litt over fire meter over bakkenivå.
Krossen i Korssundet er nesten fire meter høg og er anglisk- eller britiskpåverka. I tillegg til desse to fins det fleire store krossar frå Hyllestad, både i Rogaland og i Sogn og Fjordane.

I tillegg til dei store frittståande krossane, fins det ei rekkje mindre kyrkjegardskrossar som er hogde i granatglimmerskifer frå Hyllestad. Dei aller fleste av desse finn ein i Sogn og Fjordane. Den gamle kyrkjegarden i Hyllestad har ein liten kross i 3 av hjørna på kyrkjegardsmuren.
Gjennom handelskontaktar og vikingferder kom folk frå Vestlandet i kontakt med kristne område. Dei har såleis kjent til krossteiknet som eit viktig symbol alt i vikingtida, før kristendommen vart innført her i landet.
Krossane vart produsert som bestillingsvare frå steinbrota i Hyllestad. Dette var ikkje det same som dei tusentals kvernene. Gode steinhoggarar fekk ein kontrakt og hogde i vei!

Om det var likeeins med andre produkt frå steinbrota i Hyllestad veit vi ikkje. Men vi veit at det vart hogd mange gravheller, ljoresteinar og trau frå granatglimmerskiferen. Ei gravhelle er stor og forseggjort, og ho kan ha inskripsjonar. Men ljorestein (ein firkanta stein for opninga i taket over bålet) og trau (for grisemat, mellom anna), kan nok lagast av nesten kven som helst.

Tekst: Astrid Waage. Redigert og utvida av Per Storemyr.