Kvernstein – livets steinar

Alle steinsortar er livets steinar. Mange var heilt nødvendige då folk skulle lage seg verktøy i steinalderen. Mange, mange fleire er uunverlege i vår tid: Du kan ikkje skrive på datamaskin eller papir utan stein, ikkje ringe på mobilen, ikkje bygge hus, ikkje køyre bil, ikkje pusse tennene… Det trengs stein – mineral – til nesten alt. Men kvernstein har likevel vore sett på som livets stein framfor alle andre. Det er fordi han vart brukt for å lage mat.

Ei fantastisk skubbekvern få steinalderen eller bronsealderen i Arkeologisk Museum i Stavanger. Les meir om denne kverna på websida til Per Storemyr
Ei fantastisk skubbekvern frå steinalderen eller bronsealderen, no i Arkeologisk Museum i Stavanger. Les meir om denne kverna på nettsida til Per Storemyr

Skubbekverna

Det byrja alt i steinalderen for mange tusen år sidan. Då kom skubbekverna i bruk. Ei skubbekvern var enkel: På ei meir eller mindre flat steinhelle vart ein stein – ein løpar – skubba fram og tilbake for å mose røter og andre ville vekstar. Sidan vart dei mosa «grønsakene» kokt eller steikt og nytta til menneskeføde.

Men det var ikkje berre «grønsaker» som vart mosa. Stein og mineral, til dømes raud oker, vart skubba ned til fint pulver og nytta som fargepigment. Så kunne ein male kroppen sin, ikkje minst når ein skulle ut i strid.

Forma til skubbekverna vart vidareutvikla i Det gamle Egypt og andre stader då jordbruksrevolusjonen tok til i yngre steinalder. I Noreg starta det for omkring 6000 år sidan. Dette var tida då menneska for alvor byrja å temje naturen, skaffe seg geiter, sauer og kyr – og langsomt fann ut av korleis korn kunne dyrkast.

Roterande romersk handkvern - 2000 år gammal. Rekonstruert i Vulkanpark i Eifel i Tyskland.
Roterande romersk handkvern – 2000 år gammal. Rekonstruert i Vulkanpark i Eifel i Tyskland.

Den roterande handkverna

Kornet måtte malast for å bli til mjøl. Med skubbekverna tok det lang tid. Det var hardt arbeid, mest kvinnearbeid, slik vi har sett det i Afrika heilt opp til våre dagar. Men snart fann ein opp ein ny måte å male kornet på. Det skjedde og ein eller annan stad i Nord-Afrika for 2500 år sidan.

For det er mykje enklare å mose kornet med ein sirkelbevegelse: Ved å dreie ein rund løpar rundt og rundt over ein stein som under ligg i ro. Midt i løparen er det ein opning der kornet blir ført ned for å verte knust mellom steinane. Så kjem det ut på sidene som mjøl.

Dermed var roterkverna fødd, handkverna, som også fortsatt er i bruk nokre stader i verda, igjen mest av kvinnene. Handkverna kom til Noreg allereie for knapt 2000 år sidan, gjennom alle dei kontaktane folket her i nord hadde med romarane og andre folk.

Vasskvern i full drift. Skor i Hyllestad.
Vasskvern i full drift. Skor i Hyllestad.

Vasskverna

Utviklinga gjekk vidare. For 2000 år sidan var det romarane som var herrefolk i Middelhavsområdet og Europa. Dei nytta handkverna i stor stil for å male korn. Men dei var også flinke til å nytte vasskraft og begynte å bruke vasshjul eller kvernkall for å drive dei store, runde kvernsteinane. Dette var fødselen til vasskverna. No vart det «industri», og det har tradisjonelt vore mannens domene.

Vasskverna kom til Noreg i tidleg mellomalder, for tusen år sidan. Handkverner var fortsatt i bruk, men ei vasskvern kunne male mjølet mykje fortare. Etter kvart overtok bygdemøller, der bøndene kunne få male kornet sitt mot betaling. Bygdemøllene var større og hadde meir avanserte drivverk, og dei klarte å drive endå større kvernsteinar. Omkring midten av 1800-talet blei mølleverksemda modernisert med store handelsmøller som sjølve kjøpte opp korn og sto for salet av mjøl.

Legendariske Bjølsen Valsemølle i 1910. Foto av Anders Beer Wilse. Fra Digitalt museum.
Legendariske Bjølsen valsemølle i 1910. Foto av Anders Beer Wilse. Frå Digitalt museum.

Valsemølla

Starten på slutten for naturlege kvernsteinar kom med den industrielle valsemølleteknologien, som blei teken i bruk rundt 1880 saman med meir bruk av støypte steinar. Valsemøllene brukte roterande valser for å knuse kornet. Valsene står i såkalte valsestolar som ein ser på bilete under.

I byrjinga på 1900-talet var det så godt  som slutt på kvernsteinsbrytinga i Noreg. Livets stein døydde nesten ut. Men ikkje heilt: For du kan framleis sjå han i aksjon og bruke han i Kvernsteinsparken!

Les vidare om: