Det finst kvernsteinsbrot over heile verda. Men ikkje alle steinsortar kan nyttast til kverner. Derfor vaks det ofte fram store steinbrot på stader som hadde spesielt god stein og som låg slik til at dei ferdig hogde kvernsteinane lett kunne handlast med og eksporterast.

Eit gammalt døme frå Egypt
Allereie i Det gamle Egypt, for nesten 5000 år sidan, utvikla det seg eit stort steinbrotslandskap i Aswan, rett ved breddene til Nilen, 800 kilometer sør for Kairo. Her kunne den veldig harde sandsteinen hoggast til framifrå skubbekverner, lastast på båtar og lett transporterast til hundretals byar og landsbyar langsmed verdas lengste elv. Sjølv om det blei hogd litt kvernstein i lokale brot, vart den gode Aswansteinen heilt dominerande i Egypt i fleire tusen år. Verksemda har etterlete eit månelandskap, der fleire tusen brot no ligg som krater i ørkenen.

Den gongen hogde ein kvernstein med verktøy av andre harde steinar. Ein hadde ikkje metall som var hardt nok til å hogge hard stein med. Det same gjekk føre seg i Noreg på same tid. Men i Noreg vart det ikkje utvikla noko stort skubbesteinsbrot. Ein nøgde seg ofte med å samle lause steinblokkar av rimeleg god stein, som nokre gonger vart tilpassa med hogging av andre harde steinsortar for å få ei god form på kverna.
Jarnet kjem
Det var ikkje før grekarane og romerane invaderte landet at jarnet kom i stor bruk i Egypt. Det fann stad på same tid som i Noreg, for litt meir enn 2000 år sidan. Med hakker og meislar av jarn, kunne ein hogge hard stein mykje lettare enn tidlegare.
Utviklinga av den roterande handkverna og vasskverna fell saman med bruken av jarn. Men det finst faktisk døme på at handkverner vart laga med steinvertøy, mellom anna på Kanariøyane.
Då romerane erobra store landområde i Europa, vart det etablert store kvernsteinsbrot på mange stader. Eit av dei viktigaste finst i Eifel ved Rhindalen i Tyskland, der den vulkanske steinen basalt vart nytta; ein steinsort som alltid har vore ettertrakta til kvernstein. I Eifel hadde den vorte nytta heilt sidan steinalderen, og då som skubbekverner.

I Eifel vart det hogd millionar av kvernstein heilt fram til våre dagar, både i vanlege steinbrot og i brot under jorda. Steinane vart skipa ut med båtar på Rhinen. Mange vart skipa nord til Danmark i vikingtida og mellomalderen. Det er ein lang transportveg, men den følgde kjente, urgamle handelsvegar langsetter kystane av Nord-Europa.
Hyllestad i Ytre Sogn
Det kan synast underleg at ein liten stad som Hyllestad lengst vest i Noreg vart ein stor, europeisk eksportør av kvernstein allereie i vikingtida, for meir enn 1000 år sidan. Men kanskje er det ikkje så rart: For i Hyllestad finst det nesten like god kvernstein som i Eifel. Her har vi granatglimmerskifer; ein skifer som er full av det harde mineralet granat. Ein framifrå kvernstein! Når dei mjukare delane av steinen slipast ned, kjem det alltid nye granatar til syne. Det er dei som kan kverne kornet.


I Danmark møttest nesten kvernsteinane frå Eifel og Hyllestad i vikingtida og mellomalderen. Men ikkje heilt. For handelen med kvernstein følgde dei gamle handelsvegane og -kontaktane. Og Hyllestadhandelen hadde andre mål enn Eifelhandelen.
Hyllestadstein gjekk til mange stader øst i Danmark, Sør-Sverige, Nord-Tyskland, kanskje til Polen, og i mindre grad til Island og dei andre øyene i Atlanterhavet. Handelen i Sør-Noreg var stor, men faktisk mindre omfattande enn til Danmark og Sverige.
Korfor Hyllestad?
Hyllestad hadde ein framifrå stein. Men og ei framifrå lokalisering. Nett som Aswan langs Nilen, eller Eifel ved Rhinen: Ytst i Sognefjorden, som frå gamle dagar har vore eit av Noregs viktigaste vegkryss, der båtfolk frå fjorden, kysten og havet møttest.
Vi kjenner vikingane som farande på havet. Dei hadde nesten heile Europa som tumleplass for røvartokter og handel. Dei kriga og slo seg ned i England og fleire andre stadar. Dette var i ei tid då byane vaks fram, då urbaniseringa i Europa tok til. Alt folket trong kvernstein for å få mjøl. Men dei kunne ikkje lage kvernstein sjølve i landsbyane.

Det kunne dei heller ikkje i mellomalderen, då handelen mellom Noreg og Europa auka. Særleg viktig for handelen med kvernstein frå Hyllestad var «storbyen» Bergen, berre ei dagsreise unna. Frå Bergen vart hyllestadstein distribuert vidare til dei som ikkje kunne lage kvernstein sjølve.
Folk måtte altså bytte til seg eller kjøpe kvernstein. Frå Hyllestad og Eifel og mange andre stadar. Og derfor vart produksjon av kvernstein så viktig i Hyllestad. Mange folk vart heilt avhengige av at det sat steinhoggarar i den vesle bygda og hogg kvernstein. Det er nett som i dag, når vi treng poteter eller tannkrem eller datamaskiner.
Noreg som kvernsteinsland
Noreg har vore eit stort kvernsteinsland. I Saltdal i Nordland tok storproduksjonen til i sein vikingtid og blomstra i mellomalderen, med eksport til mange delar av Noreg. Her nytta ein også granatglimmerskifer som i Hyllestad. Det same gjeld for Vågå i Oppland og Brønnøy i Nordland, men her hadde ikkje produksjonen same store omfang, og den kom i gang seinare enn i Hyllestad og Saltdal.

Den aller største produksjonen gjekk føre seg i Selbu i Trøndelag. Kanskje starta det alt i mellomalderen, men det vart ikkje fart på sakene før i meir moderne tid, frå 16- og 1700-talet og spesielt på 1800-talet. Då vart Selbustein eksportert vidt og breitt i heile Nord-Europa. Selbu har nesten same stein som i Hyllestad, men i staden for dei viktige granatane, finn ein i Selbustein eit hardt mineral som heiter staurolitt.
Selbu er unntaket som stadfestar regelen: Her var det framifrå stein, men den hadde ei elendig plassering; langt oppe på fjellet mot grensa til Sverige. Likevel vart det Noregs største kvernsteinsbrot.
Sidan Selbu hadde stordrift til innpå 1900-talet, finst det mykje etnografisk material og skriftlege kjelder om kva som gjekk føre seg på fjellet om vinteren. For det var vinterdrift i Selbu; om sommaren måtte jo bøndane dyrke jorda og passe buskapen. Desse kjeldene er uvurderlege som samanlikningsmaterial når vi ynskjer å forstå kva som gjekk føre seg i Hyllestad og andre kvernsteinsbrot i vikingtida og mellomalderen.
Visste du at dei bygde seg snøhytter for å hogge ut kvernstein i Selbu når snøføyka var som verst? Kvernstein som ga folk i heile Nord-Europa mjøl i gamle dagar.
