Kvernsteinsbrota i Hyllestad

Kvernsteinsbrota i Hyllestad er Nord-Europas og Noregs største steinbrot frå vikingtid og mellomalder. Dei er også eit av landets største kulturminner i utstrekning. I hundretal steinbrot jobba det steinhoggarar som laga eit industrilandskap prega av bratte brotveggar, djupe hol og store skrotmasser. Men no ligg dei fleste brota i tett skog og under tjukke lag av mose. Dei er ikkje lette å sjå, anna enn i Kvernsteinsparken, som er rydda.

Det vakraste kvernsteinsbrotet i Hyllestad - under ein liten foss.
Det vakraste kvernsteinsbrotet i Hyllestad – under ein liten foss.
«Dronninggruva» i Kvernsteinsparken i Hyllestad. Ho er oppkalla etter Dronning Sonja som opna Kvernsteinsparken i 2002. Sjå den store vaskvernsteinen som ligg uløyst i brotet!

10 kvadratkilometer kulturminne

Likevel kan ein ane det imponerande brotlandskapet mange andre stader, spesielt der brotveggane kan vere opp mot 10 m høge og minne om dei verkeleg store, gamle steinbrota i verda, i Egypt og Italia, Frankrike og England.

Det særmerkte med Hyllestad er likevel ikkje storleiken på kvart einskild brot, men at brotlandskapet samla har så stor utstrekning. Med vegar og hamner, og gardar som var involverte i drifta, utgjer brotlandskapet heile 10 kvadratkilometer land langsmed Åfjorden. Det er 2,5% av kommunens areal. Frå gammal tid i Noreg er det berre kvernsteinsbrota i Selbu og hellebrota i Ølve i Hardanger som kan måle seg med dette. Men desse er yngre enn Hyllestad. Ølve var i drift frå mellomalderen, Selbu hovudsakleg etter 1500-talet.

Kart over alle registrerte kvernsteinbrot i Hyllestad kommune (fiolette sirklar). Det er 16 kilometer mellom Hyllestad og Skifjorden. Etter Heldal og Bloxam 2007
Kart over alle registrerte kvernsteinbrot i Hyllestad kommune (fiolette sirklar). Det er 16 kilometer mellom Hyllestad og Skifjorden. Etter Heldal og Bloxam 2007
Kart over brota ved Kvernsteinsparken.
Kart over brota ved Kvernsteinsparken.

Dei største brota finst i nærleiken av dei to gamle gardane Myklebust og Rønset. Her ligg ein stor del av dei 367 enkeltbrota som er registrerte i Hyllestad. Du kan ta ein tur i dei alle på eiga hand, men det er berre Kvernsteinsparken som er tilrettelagd for besøkande. Hugs at alle spor etter kvernsteinsdrifta er freda av Riksantikvaren. Du kan ikkje ta med deg heim øydelagd kvernstein som du finn i brota! Du lyt nyta han i landskapet han er ein del av!

Korleis ser eit gammalt steinbrot ut?

Om ein fjernar mosen og skogen, ser ein at steinbrota i Hyllestad har mange ulike former. Dei eldste, frå vikingtida, er ofte grunne brot der ein kan sjå mange «rundingar» som er spor etter hogging av handkverner i bergsidene. Det ser nett ut som ein flat peparkakedeig, der kakene er stempla ut.

Dei eldste «peperkakebrota» i Hyllestad. Her frå Sæsol, der drifta kan gå tilbake til 700-talet e.Kr.
Dei eldste «peparkakebrota» i Hyllestad. Her frå Sæsol, der drifta kan gå tilbake til 700-talet e.Kr. Det var før vikingtida kom skikkeleg i gong.

Snart vart det behov for fleire kvernsteinar. I sein vikingtid og mellomalder måtte ein gå mykje djupare inn i berget. Ein laga seg plattformer langs skrentar og hogde seg nedover og innover, slik at det til slutt vart danna dei høge brotveggane vi kan sjå i dag. Mange brotveggar er noko avrunda; det er fordi ein hogde ut rundingar, både handkvern og vasskvern, ovanfrå og ned. Nett som om ein hadde teke ut mynt for mynt i ein kronestabel!

Eit stort kvernsteinsbrot på Myklebust i Hyllestad. Folk druknar i veggen!
Eit stort kvernsteinsbrot langt inne i skogen på Myklebust i Hyllestad. Den hogde veggen er 10 meter høg. Kan du sjå den unge klatraren?

Mykje seinare, på 1800-talet, kom krutet i bruk i Hyllestad. Då bora dei fyrst hol ved å drive ned minerbor med handmakt, så sette dei ei ladning i holet og sprengde i veg. Då fekk dei ei blokk som det vart hogd vasskvern av.

Eit hav av utsprengde blokker frå den moderne drifta i Hyllestad. Ein kan skimte ei vasskvern. Ho sprakk då ho vart hogd frå ei blokk for 100 år sidan.
Eit hav av utsprengde blokker frå den moderne drifta i Hyllestad. Ein kan skimte ei vasskvern. Ho sprakk då ho vart hogd frå ei blokk for kanskje hundre år sidan.

Hoggespor

All hogginga har etterlete seg ei mengde spor etter bruk av hakker og anna jernverktøy i brotveggane. Nokre av dei viktigaste hoggespora er lange «striper» som følgjer veggane langsetter (horisontalt). Dei vart utvikla då ein hogde ut kvernsteinen på plattformar nedetter veggane; fyrst vart eitt nivå hogd ned, så eitt til og eitt til. Slik blei det danna seriar av striper.

Hogge
Hogge»striper» i kvernsteinsbrota i Hyllestad. Her frå Kvernsteinsparken.

Viktig er også kilehola omkring hogde kvernstein som framleis sit fast i berget. Dei visar at det vart utvist stor forsiktigheit ved løysinga av steinen. For det er mange små hol, tett i tett kring heile steinen. Hakker kan ha vore nytta til å hogge hola, der det sidan vart banka inn ein meisel… litt lengre… og litt lengre – heilt til steinen losna. Slik det vart gjort då skuleungdom i Hyllestad prøvde seg for ikkje lenge sidan:

Løysing av kvernstein – risky business!

Mange gonger gjekk det gale. Kanskje var det ei usynleg sprekk i steinen. Då var to-tre dagars arbeid fåfengd. Men hoggarane lærte nok mykje av alle feila. Ikkje minst å lese berget. Så var dei atter på jakt etter det beste kvernberget.

Det ligg tusental halvferdige og øydelagde kvernstein att i steinbrota. Dei vitnar om mange tunge dagar…

Skrot, skrot, skrot – også på havets botn

Som alle steinbrot er kvernsteinsbrota i Hyllestad prega av skrot; steinblokker som ikkje kunne brukast og steinfliser som vart til overs frå hogginga (og øydelagd kvernstein). Det vart mykje meir skrot enn ferdig stein. Alt måtte hivast. I moderne steinbrot kan skrot vere eit stort problem, men i dag bruker vi gjerne skrotet oppatt, til vegar, kaier og andre utbyggingsprosjekt.

Visste du at haugane i Kvernsteinsparken skjular skrot etter kvernsteinsdrifta?
Visste du at haugane i Kvernsteinsparken skjular skrot etter kvernsteinsdrifta?

For oss er skrotet i eit gammalt steinbrot like verdfullt som brotveggane. Ein kan lese mykje ut av skrotet: Om brotverksemda var godt organisert, slik ho ofte var i Hyllestad, vart skrotet kasta opp i store haugar litt vekk frå brotkanten slik at det ikkje kom i vegen for vidare drift. Seinare kunne ein også bruke tomme og avslutta steinbrot for å kvitte seg med skrot.

Eit stort «skrotlandskap» finn ein også under vatnet langs Åfjorden. Frå steinbrota som låg langsmed fjorden kunne skrotet hivast rett i sjøen. Her finn ein også ei mengd kvernstein som gjekk tapt då lastinga på båtar gjekk gale – og turen til den store verda måtte utsettast. I dag eit dykkarparadis, spesielt ved Otringsneset og Aurgota!

Kvernstein på havets botn - i Hyllestad
Kvernstein på havets botn – i Hyllestad

Hamner, vegar – og den finaste smia i verda

I gamle dagar hadde ein ikkje tog og lastebil. Om dei skulle langt vekk, måtte tunge laster fraktast sjøvegen. Ved steinbrota i Hyllestad finst det fleire gamle hamner. Frå brota på Myklebust tok ein steinen til hamna i Myklebustfjæra, frå Rønset til hamner på Otringsneset og Aurgota.

Her finn ein handfaste prov på lasting av kvernstein – og lossing av varer som skulle til Hyllestad: Fortøyingshol. Dei vart hogd direkte inn i berget.

Hogd fortøyingshol i berget på Otringsneset
Hogd fortøyingshol i berget på Otringsneset

Frå brota oppe i liene gjekk det stiar og smale vegar til hamnene. Ein brukte ikkje vogner for steintransport, men sledar som vart trekte med okse eller hest, både sommar og vintar.

Steinbrotsveg ned til fjorden frå brota på Rønset
Steinbrotsveg ned til fjorden frå brota på Rønset

Steinhoggarane måtte kvesse reiskapen sin. Ofte. Utan kvasse jarnhakker var det vanskeleg å hogge god kvernstein. Derfor finn vi smier i kvernsteinsbrota. Og slik har det vore i alle verdas steinbrot sidan jarnet vart viktig for meir enn 2500 år sidan. I Hyllestad har vi ei særmerkt smie. Ho ligg under ein hellar på Rønset. Arkeologen Irene Baug fann ho for nokre år sidan.

Den finaste smia i verda! Ho var lagt under ein hellar på Rønset i Hyllestad for tusen år sidan. I mørket under hellaren kunner smeden lett sjå når jarnet gløda fint.
Den finaste smia i verda! Ho var lagt under ein hellar på Rønset i Hyllestad for tusen år sidan. I mørkret under hellaren kunne smeden lett sjå når jarnet gløda fint.

Les meir om: