Steinhoggarane og makta

Det var nok ikkje steinhoggarane sjølve som fekk den store fortenesta av kvernsteinshogginga i Hyllestad. Det fikk makta som eigde landet. Og makta i vikingtid og mellomalder var stormenn og kongar, seinare også kloster og kyrkjer. Land var ein viktig ressurs, det var grunnlaget for makt, i går som i dag. Derfor måtte ein ha kontroll med innmark og utmark, fjell – og hav. Det var i utmarka ein fann det verdfulle kvernberget.

Frå vikingtida til 1930

Steinhoggarane strevar, kyrkjemakta passar på. Det eldste kjende bilete av arbeid i steinbrot, frå 1400-talet (Bartholomaeus Anglicus, De proprietatibus rerum. British Library, Ms. Royal 15 E III, fol.102.)
Steinhoggarane strevar, kyrkjemakta passar på. Det eldste kjende bilete av arbeid i steinbrot (for kyrkjebygging), frå 1400-talet i Frankrike (Kjelde: British Library)

Steinbrota i Hyllestad var i kontinuerleg drift frå 700-talet til bortimot 1930. Då seier det seg sjølv at organiseringa av steinbrotverksemda må ha endra seg mykje. For samfunnet har jo forandra seg; verksemda tok til i vikingtida før kristendomen vart innført, då land og gard vart eigd av stormenn og småkongar. Så auka produksjonen sterkt på same tid som Noreg vart samla og kristna gjennom 900- og 1000-talet, i ei tid då dei fyrste «storkongane» hadde den øvste makta og mykje land.

Produksjonen nådde nye høgder etter at bispeseter, kloster og kyrkje, styrka makta si over landområder utover 1100-talet. Ofte fekk dei land som kongen tidlegare hadde konfiskert frå stormennene.

Og sjølv etter at produksjonen dala ved Svartedauden i 1349-50, var disse institusjonane framleis viktige maktfaktorar fram mot reformasjonen i 1537. Men aristokratiet og lokale storbønder kunne sjølvsagt også eige land og gardar.

Klostra vart oppløyste eller verdsleggjort ved reformasjonen og snart vart aristokratiet og lensherrane til danskekongen dei store jordeigarane. Men no nærmar vi oss moderne tider og store omveltingar i eigedomstruktur, med sjølveigande bønder som det viktigaste prinsippet. Likevel skal vi hugse på at husmannsvesenet, den siste rest av det gamle samfunnet, ikkje vart oppløyst før i 1928.

Bundne gardsfolk

Husmennene leigde hus og gjerne ein jordflekk av gardeigarane – og dei hadde lenge plikt til å arbeide på garden. Men dei tok seg også betalt arbeid, til dømes i dei mange steinbrota som vart sett i drift for bygginga av det nye Noreg på 1800-talet.

Det er ikkje veldig langt herifrå til korleis det var i vikingtida. Då var folk rett nok mykje sterkare bundne til stormenn og jordeigarar, men slik hadde dei også vern. Trælar var det i vikingtida, dei sto nedst på rangstigen, men dei kunne jo likevel vere dyktige handverkarar!

Dette er ikkje verken bundne gardsfolk eller trælar. Det er steinbrytarar som hogg kleberstein på det urgamle viset enno i 1932. På den tida var det elles vanleg å nytta boring og sprenging. Biletet visar korleis det kan ha sett ut i i eit steinbrot for 1000 år sida. Frå Vesleseterberget ved Otta. Kjelde: Maihaugen, Lillehammer.
Dette er verken bundne gardsfolk eller trælar. Det er steinbrytarar som hogg kleberstein på det urgamle viset med hakker enno i 1932. På den tida var det elles vanleg å nytta boring og sprenging. Biletet visar korleis det kan ha sett ut i eit steinbrot for 1000 år sida. Frå Vesleseterberget ved Otta. Kjelde: Maihaugen, Lillehammer.

Mykje talar for at det var gardsfolket og kanskje også trælane til stormennene som sto for hogginga av handkverner i enkle, grunne brot i Hyllestad i den fyrste delen av vikingtida. Kanskje var det vinterarbeid for å dekkje behovet på garden og i bygda? Kanskje var det pliktarbeid som betalte for kosten, senga og vernet? Så tok stormannen overskotet.

Djupe brot og vasskvern kjem

Men så fann nokon ut at hyllestadsteinen var så god at han kunne eksporterast. Frå 900-talet måtte produksjonen av handkverner aukast, og kanskje var dette tida då dei fyrste djupare brota kom i produksjon. Å drive eit djupare brot var vanskelegare enn å hogge seg ein kvernstein i bergoverflata. Men ikkje vanskelegare enn at røynde gardsfolk kunne klare det. Dette veit vi frå etnografiske studiar i Selbu, der det var bøndene sjølve som sto for den store drifta på 1800-talet.

Då eksport vart viktig: 505 kvernsteinar som gjekk ned med mann og mus i Alverstraumen utanfor Bergen. Dei var berga for nokre år sidan. No kan ein sjå dei i Storehuset i Kvernsteinsparken.
Då eksport vart viktig: 505 kvernsteinar som gjekk ned med mann og mus i Alverstraumen utanfor Bergen, kanskje i mellomalderen. Dei vart berga for nokre år sidan. No kan ein sjå dei i Storehuset i Kvernsteinsparken.

Men kanskje 900-talet likevel var tida då ein eller nokre få spesialiserte steinhoggarar kom til bygda? Slik trur vi det var når det gjeld storproduksjonen av klebersteinsgryter som også tok til i Noreg på same tid. Kanskje arbeidde steinhoggarane saman med gardsfolk og trælar? Kanskje vart ein og annan unggut så god at han fekk status som driven steinhoggar og kunne leie gjengar med arbeidsfolk?

Snart vart det også behov for steinar til vasskvernar; også dette sette større krav til steinhoggaren. Kanskje dei mest spesialiserte fekk betalt i klingande mynt? Kanskje dei andre fortsatt fekk kost, seng og vern som takk for innsatsen?

Klostermakta og Bergen

Etter alt å døme fekk klostermakta hand om dei største steinbrota i Hyllestad på 1100-talet. Dei store brota på garden Myklebust var eigd av Munkeliv kloster i Bergen, brota på Rønset kan ha vore under kontroll av Nonneseter, også eit benediktinarkloster i Bergen.

Munkeliv kloster på Nordnes i Bergen, slik det kan ha fortona seg i mellomalderen. Rekonstruksjon av firmaet Arkikon, bilete frå filmen deira om mellomalderen i Bergen
Munkeliv kloster på Nordnes i Bergen, slik det kan ha fortona seg i mellomalderen. Rekonstruksjon av firmaet Arkikon, bilete frå filmen deira om mellomalderen i Bergen

«Storbyen» Bergen, berre ei dryg dagsreise unna med båt, var sentral for kvernsteinsdrifta. Fyrst og framst var byen eit senter for vidaredistribusjon til andre stader i Noreg, Danmark og Sverige. Men bygginga av kyrkjer, kloster og andre steinbygningar, som var intens frå 1100-talet, kan også ha sendt både teknologi og handverkarar til Hyllestad.

Bergen syda av steinhoggarar på denne tida, både dei som kunne hogge skulptur og dei som nøgde seg med enklare bygningstein. Mange av desse arbeidde nok også i klebersteinsbrota for å skaffe stein til bygginga. Kanskje nokre av dei vart sende til Hyllestad for å hjelpe til med utviklinga av dei store brota her?

Mariakyrkja i Bergen, frå 1100-talet, då både kyrkjebygging og kvernsteinshogging var på topp.
Mariakyrkja i Bergen, frå 1100-talet, då både kyrkjebygging og kvernsteinshogging var på topp.

For no kjem tida med dei verkeleg store brota i kvernberget; velorganiserte, djupe brot, med opp til 10 meter høge veggar. Det var krevjande å utvikle slike brot.

Klostra kan ha overlate drifta av steinbrota til leiglendingane (dei som dreiv gardane til klostra) og gardsfolket, kanskje under leiing av røynde steinbrytarar. No fanst det nok ikkje lengre trælar i brota, for træledomen forsvann utover i mellomalderen. Men det er også mogleg at klostra leigde ut brota til meir profesjonelle steinhoggarar, noko vi veit fann stad i kvernsteinsbrota i Eifel i Tyskland i mellomalderen.

Leiga kan klostra ha tatt ut ved å drive inn ei viss mengd kvernstein, men også pengar og varer, etter at steinbrotsfolket hadde seld alle kvernsteinane i Bergen for distribusjon vidare.

Den lokale kyrkjemakta

Dei lokale kyrkjene på Øn og Hyllestad eigde også kvernberg og hadde nok liknande interesser som klostra i Bergen. Men desse brota utover langs Åfjorden er mindre enn storbrota på Myklebust og Rønset. Derfor kan det godt vere at organiseringa av drifta var annleis, med eit større lokalt preg, og med mindre grad av eksport, om i det heile.

Men det er også mogleg at dei store aktørane leigde brot av dei lokale kyrkjene og ein og annan stormann. Truleg vil vi aldri få gode svar på slike spørsmål.

I Hyllestad lå ei kyrkje i mellomalderen, truleg bygd i tre. I dag er det inga kyrkje her, men ein kyrkjegardsmur, krossar og gravplater som fortel om makta til den litle landsens kyrkja – også om makta ho hadde over kvernsteinshogginga.
På Hyllestad låg ei kyrkje i mellomalderen, truleg bygd i tre. I dag er det inga kyrkje her, men ein kyrkjegardsmur, krossar og gravplater som fortel om makta til den vesle landsens kyrkja – også om makta ho hadde over kvernsteinshogginga.

Etter Svartedauden

Svartedauden (1349-50) ga kvernsteinsdrifta i Hyllestad ein knekk. Men ho kom seg opp att, om ikkje i same omfang som tidlegare. Handelen gjekk til dei same områda i Noreg, Danmark og Sverige, og truleg med dei same aktørane som tidlegare. Hansabyen Bergen hadde stor makt i denne tida, men kvernsteinshandelen ser ikkje ut til å ha vore særleg påverka av hanseatanes strenge handelsrestriksjonar.

Etter reformasjonen tok kvernstein få Selbu nærast totalt over kvernsteinsmarknaden. Frå denne tida av vart sjeldan hyllestadstein frakta utover den lokale og regionale marknaden. Men det kom eit oppsving etter at krutet vart innførd og vasskverner soleis lettare kunne produserast.

Truleg gjekk fortenesta av denne steinbrotsverksemda rett i lomma til dei som utførde ho: bøndene sjølve. Men skatt av inntekta måtte dei sjølvsagt betale, det veit vi frå skriftlege kjelder frå 1700-talet.

Brotet til Hans Solaas på Bjørkåsen ved Skor i Hyllestad. Her vart den siste kvernsteinen hogd i 1930. Foto: Tom Heldal
Brotet til Hans Solaas på Bjørkåsen ved Skor i Hyllestad. Her vart det hogd kvernstein heilt fram til 1930. Foto: Tom Heldal

Les vidare om: