Vassbruksmiljøet i Skor

Gjennom tidene har menneska vore oppfinnsame for å få knust og kverna korn til mat og malt til ølbrygging. Kornet vart kalla ”Gudslånet”. Bygg og havre vart til graut og brød som var viktig kost i vikingtida og mellomalderen. Gulatingslova påla folk å bryggje øl, som var rekna som kosttilskot. Bygg var såleis nærast heilagt korn.

Gammalt kvernhus på Skor i Hyllestad
Gammalt kvernhus i Skor i Hyllestad

Bibelen omtalar korn og maling. Kornmalingsutstyr (skubbekvern den gong) var livsviktig og i 5. Mos. 24,6 vert det slege fast at ingen må ta ei kvern i pant, for då tek dei livsgrunnlaget frå folk.

Vasskverna

Skissa viser tverssnitt av ei vasskvern, med kvernkall, aksling, kvernsteinkornteine og mjølkiste.
Skissa viser tverssnitt av ei vasskvern, med kvernkall, aksling, kvernsteinane, kornteine og mjølkiste.

Det var kvinnene som i gamal tid stod for kornknusinga med skubbekverna, og seinare den roterande handkverna. Utover i mellomalderen tok vasskverna etterkvart over og letta arbeidet. Dei karakteristiske kvernhusa fanst i mest kvar bekkesildre, ofte med vassdemning (eller dytting) langt oppe i liene for å sikre kvernvatn. No fekk kornmalinga status og mannfolka overtok arbeidet, som vart ei viktig sosial samkome, ikkje minst då maltet til julølet, eller til familiesamlingar som t.d. bryllaup og gravøl, skulle malast.

Folketrua knytte underjordiske vetter som kvernknurr, fossegrimen, eller nøkken til fossedur og lyden av malande kverner. Fossegrimen lærde spelemennene dei finaste slåttane. Ein måtte hugse på å gje dei underjordiske nokre nevar med mjøl, eller eit spekekjøtlår, elles kunne kverna stanse på uforståeleg vis.

Eit stort kulturminnemiljø i Skor

I Skor i Hyllestad finst eit av dei finaste vassbruksmiljøa i landet; ein konsentrasjon av fem lafta kvernhus og ei grindbygd vassag. Alle vart restaurerte for nokre år sidan, dei fleste er framleis verksame, men isgang i fossen har fare stygt med eit par av vassrennene.

«Den trondhjemske postvei» ved vassbruksmiljøet i Skor. Ei bru av den solide sorten. Bakom skimtar vi den vassdrevne saga.

Det fine med vassbruksmiljøet i Skor er at «Den trondhjemske postvei» går rett ved kvernhusa. Her er mellom anna ei framifrå steinbru. Ved sida av Kongevegen over Filefjell er Postveien den første køyrevegen (for hest og vogn) i Sogn og Fjordane. Den vart bygd frå slutten av 1700-talet. Ein kan gå eller sykle langs Postveien gjennom heile Hyllestad og tilgrensande kommunar.

Enno finare er det at vassbruksmiljøet er ein del av eit verna naturmiljø i det såkalla Botnavassdraget som har ein allsidig funksjon for fleire artar av vassfugl i regionen. Det er særleg viktig som hekke- og trekklokalitet for ande- og vadefugl. Songsvane har hekka fleire gongar. Andre sjeldsynte artar i regionen som er funne hekkande i Skor er m.a. sørleg gulerle og sivsongar. Skor er det einaste våtmarksområdet i Sogn og Fjordane som var med i lista over 40 norske område i «Oversikt over viktige våtmarker i Norden».

Natur- og kulturmiljøet på Skor
Natur- og kulturmiljøet i Skor, med brua til Den trondhjemske postvei i midten.

Eit gammalt, restaurert skulehus rundar av kulturmiljøet på Skor (det kvite huset til høgre på bilete). Men det er likevel meir. For ein  av grunnane til at Skor vart eit viktig kulturmiljø ligg i geologien. Her finn vi mellom anna flotte morenar frå istida der t.d. skulehuset er bygd på.

Tekst: Ingemar Nordstrand. Redigert og utvida av Per Storemyr.

Les meir om