Ei lærerik kalkbrenning saman med Arkeologisk Museum ved Universitetet i Stavanger

Lawrence lagar frukost på kalkomnen. Herleg!
Lawrence lagar frukost på kalkomnen. Herleg!

Helga 8-10 mars brann vi kalk for fjerde gong på 5 månader i testomnen i Kvernsteinsparken. Brenninga kom i stand som eit samarbeid med Arkeologisk Museum i Stavanger. Ho starta eigentleg ei veke tidlegare, med jakt på marmor for brenning på øya Talgje og i Hafrsfjord i Rogaland. Vi fann ei åre på Talgje. Så kom stavangerfolket med ei tønne marmor for å brenne. Det vart ei lang og tung, men svært lærerik brenning. Les meir