Ein nasjonal handverksfest! Ombygging av kalkomnen i Kvernsteinsparken i Hyllestad

Nokre av ovnsbyggjarane. Frå venstre: prosjektleiar Per Storemyr, Leif Akse, Terje Berner, Franziska Rüttimann, Jakob Solheim, Chris Pennock, Ann Meeks, George Murphy, Kjell Magnar Myklebust og Bjørn Idland.

Siste veka i juni bygde vi om kalkomnen i Kvernsteinsparken. Eit nasjonalt symposium om praktisk handverk støtta av Riksantikvaren. Vi hadde med oss 7 av dei beste fagfolka i Noreg og 8+ av dei beste dugnadsarbeidarane i landet, flotte folk frå Hyllestad. Kalkomnen vart bygd i 2017, men etter ei brenning vart han så skada av den høge varmen at han måtte byggjast om. No får vi brennkammer i eldfast kleberstein mura med eldfast leiremørtel. No skal omnen tole mange brenningar i framtida. Brenningar for å produsere brentkalk til restaurering av Noregs gamle steinbygningar – og til å kalke fjøsen! Les meir