Stor rapport om kvernsteinshogging frå Torbjørn Løland!

Torbjørn Løland hogger kvernstein i
Torbjørn Løland hogger kvernstein i «eksperimentbrotet» i Kvernsteinsparken i Hyllestad. Foto: Astrid Dyrkorn Løland

Torbjørn Løland trekkjer seg no tilbake som formidlingsleiar i Kvernsteinsparken. Då er det på sin plass at det vert utgjeve eit gigantisk arbeid – skrive av Torbjørn sjølv: «Kvernsteinshogging i Noreg: Om handverket knytt til kvernsteinsproduksjonen». Det er eit arbeid av det sjeldne slaget. Som set saman geologi, handverk og tradisjonar. Og som trekk inn poesien i steinen. Slik berre Torbjørn kan gjere det. Les meir