
Noreg har tusenvis av gamle steinbrot – ei kulturarv som er sterkt truga. Det gjeld ikkje så mykje godt verna steinalderbrot eller brot frå mellomalderen. Det gjeld den store arven frå den tidleg-moderne tida, frå 16-1700-talet og frametter; brota som bygde byane sine monumentale bygningar, fine bruer og vegar, fjøs og hus – og som sjølvsagt òg vart brukte til skulptur og ornamentikk. Nesten alle desse brota er nedlagde, mange er gløymde, dei fleste står utan vern. Dei vert øydelagde av utbygging, sjølv om mange er ressursar for god stein, m.a. til restaurering. Og samstundes som steinbrytning har vorte sterkt mekanisert, går det tradisjonsrike, manuelle steinhandverket i gløymsla. Alt dette må vi gjere noko med! Saman med Norges geologiske undersøkelse (NGU) har Norsk Kvernsteinsenter føreslått ein nasjonal strategi for vern og bruk av steinbrotsarven. Les meir