UNESCO Global Geopark i HAFS? Studietur til Italia og Sveits

Her diskuterer dei godt om ein mogleg UNESCO Global Geopark i HAFS. På ein benk i ein geopark i Italia. Alle ordførarane i HAFS og kultursjefen i Fjaler. Foto: Trude Søilen.
Her diskuterar dei godt om ein mogleg UNESCO Global Geopark i HAFS. På ein benk i ein geopark i Italia. Alle ordførarane i HAFS og kultursjefen i Fjaler. Foto: Trude Søilen.

HAFS Regionråd og arbeidsgruppa for UNESCO Global Geopark i HAFS har vore på studietur. Vi besøkte Sesia Val Grande UNESCO Global Geopark i Nord-Italia og Entlebuch UNESCO Biosfærereservat i Sveits. Målet var å studere korleis parkar er organisert og kva effektar dei har for samfunn og næringsliv. Geoparkar, Biosfærereservatar og Regionalparkar er tre parktypar som alle er basert på den same ideen: Å vere motor for ei positiv, berekraftig samfunnsutvikling. Sånn vil vi ha det i HAFS! Les meir

Ny rapport om UNESCO Global Geopark og gode tilbakemeldingar frå HAFS Regionråd!

Brurastakken på Atløyna i Askvoll: Noregs finaste fold. Vil verte eit ikon i ein UNESCO Global Geopark i HAFS.
Brurastakken på Atløyna i Askvoll: Noregs finaste fold! Kan verte eit ikon i ein UNESCO Global Geopark i HAFS!

I går presenterte avdelingsdirektør Franziska Rüttimann vår nye rapport om UNESCO Global Geopark for HAFS Regionråd. Det er Musea i Sogn og Fjordane/Norsk Kvernsteinsenter og Hyllestad kommune som har jobba fram rapporten, med midlar frå Regionrådet og med god hjelp frå Sognefjorden Kystpark. Presentasjonen og rapporten fell tydelegvis i smak, for rådet fatta vedtak om å gå vidare med utviklingsprosessen. No skal ei arbeidsgruppe, med leiar av rådet Gunhild Berge Stang i spissen, sjå på moglegheiter for organisasjon og finansiering. Vi er kjempeglade! Vi har tru på at HAFS om nokre år vert ein del av «UNESCO-familien» og kan vise fram unik geologi, natur og kulturhistorie – til glede for oss sjølv – og for mange fleire besøkande enn i dag. Les meir

Les om «Geologien som verdiskapar» medan vi jobbar med ny rapport om «UNESCO Global Geopark i HAFS-regionen»

For meir enn 400 millionar år sidan: Da låg HAFS-regionen i ei klemme mellom Ur-Europa og Ur-Amerika. På eit ufatteleg djup, medan verdas største fjellkjede, Den kaledonske fjellkjeda, reiste seg ovanpå. Det er eit mirakel at regionen har klart seg så bra som han har! Illustrasjon: Per Terje Osmundsen, NGU.
For meir enn 400 millionar år sidan: Da låg HAFS-regionen i ei klemme mellom Ur-Europa og Ur-Amerika. På eit ufatteleg djup, medan verdas største fjellkjede, Den kaledonske fjellkjeda, reiste seg ovanpå. Det er eit mirakel at regionen har klart seg så bra som han har! Illustrasjon: Frode Holst/Per Terje Osmundsen.

I desse dagar er vi nesten ferdige med eit større prosjekt for HAFS Regionråd: «UNESCO Global Geopark i HAFS-regionen: Eit nytt fyrtårn for HAFS og Sogn og Fjordane?» Det handlar om ein helt unik geologi som verdiskapar i utkantregionen HAFS, kanskje også om eit nytt perspektiv på framtida i regionen? Bakgrunnen for prosjektet er eit anna prosjekt for Regionrådet: «Geologien som verdiskapar» (2012-2015). Rapporten frå dette prosjektet har ikkje tidlegare vore tilgjengeleg for folk flest. No kan han lesast medan vi bur oss på svaret om HAFS kvalifiserer til UNESCO Global Geopark – og kva regionen kan vente seg om ein i framtida søkjer ein slik status.

Les meir