«Citizen Science» i Kvernsteinsparken?

Diskusjonar om «Citizen Science» i Kvernsteinsparken. Frå venstre: Martina og Julia frå RGZM i Tyskland, Meinrad frå Høgskulen på Vestlandet, Torbjørn frå Hyllestad og Dag Olav frå Høgskulen på Vestlandet
Diskusjonar om «Citizen Science» i Kvernsteinsparken. Frå venstre: Martina og Julia frå RGZM i Tyskland, Meinrad frå Høgskulen på Vestlandet, Torbjørn frå Hyllestad og Dag Olav frå Høgskulen på Vestlandet

Korleis kan museum og forskingsinstitusjonar få eit bredt publikum interesserte i forsking? 1. og 2. mai hadde Kvernsteinsenteret besøk frå Tyskland og Bergen for å drøfte dette spørsmålet. Norsk Kvernsteinsenter er med i eit forskingsnettverk om «materialitet» i forsking og didaktikk som vert koordinert av Høgskulen på Vestlandet i Bergen. Les meir

Stor rapport om kvernsteinshogging frå Torbjørn Løland!

Torbjørn Løland hogger kvernstein i
Torbjørn Løland hogger kvernstein i «eksperimentbrotet» i Kvernsteinsparken i Hyllestad. Foto: Astrid Dyrkorn Løland

Torbjørn Løland trekkjer seg no tilbake som formidlingsleiar i Kvernsteinsparken. Då er det på sin plass at det vert utgjeve eit gigantisk arbeid – skrive av Torbjørn sjølv: «Kvernsteinshogging i Noreg: Om handverket knytt til kvernsteinsproduksjonen». Det er eit arbeid av det sjeldne slaget. Som set saman geologi, handverk og tradisjonar. Og som trekk inn poesien i steinen. Slik berre Torbjørn kan gjere det. Les meir