
Likar du å formidle gammalt handverk – og er interessert i stein, arkeologi og historie? Då kan det vere vi har ein jobb for deg! Vi er på jakt etter ein formidlar som også likar å fortelje born, ungdom, vaksne, grupper – alle som kjem på besøk – om kva som er viktig i Kvernsteinsparken! Sjå utlysinga på heimesida til Musea i Sogn og Fjordane. Frist: 8. januar 2018. Så har du jula til å tenke på saken!