Med marinarkeologane frå Sjøfartsmuseet på tokt i Hyllestad

Tord Kristian Karlsen har nett fått opp ein kvernstein frå botnen av Myklebustfjøra i Hyllestad. Thomas Bjørkeland fraus der nede i vatnet og løfta han opp!
Tord Kristian Karlsen har nett fått opp ein kvernstein frå botnen av Myklebustfjøra i Hyllestad. Thomas Bjørkeland fraus der nede i vatnet og løfta han opp!

Denne veka har marinarkeologar frå Bergens Sjøfartsmuseum trassa kulde og sno og dykka etter kvernstein langs Sørefjorden og i Myklebustfjøra i Hyllestad. Målet var å kartfeste stein som av ein eller annan grunn har hamna på havets botn. Det kan vere vrakstein frå den store produksjonen på land, men òg ferdige kvernstein som vart mista då dei skulle lastast på båt for eksport til den store verda i vikingtida og mellomalderen. Undersøkingane er ein del av Sjørfartsmuseet sitt forvaltingsansvar for marinarkeologien på Vestlandet – og dei er viktige for Kvernsteinsparken: for såleis kan vi betre forstå, formidle og hjelpe til med å forvalte steinbrotlandskapet. Ein stor del av landskapet finn ein på fjordbotnen! Les meir