Ein kulturminnepris for lokal innsats. Det forpliktar.

Torbjørn fekk kulturminneprisen i lag med Per Olav Mathiesen frå Rendal – av Riksantikvar Hanna Geiran i Stavanger den 29. oktober. Foto: Per Storemyr
Torbjørn fekk kulturminneprisen i lag med Per Olav Mathiesen frå Rendal – av Riksantikvar Hanna Geiran i Stavanger den 29. oktober. Foto: Per Storemyr

Som alle no veit, fekk Torbjørn Løland Riksantikvaren sin kulturminnepris for 2019. Gratulasjonar! Han fekk den for sitt framifrå arbeid med kvernsteinshistoria i Hyllestad og i Noreg. I takketalen sin til Riksantikvar Hanna Geiran og heile kulturminnenoreg delte han prisen med Hyllestad, med kommunen, med bygda. For dette er ein pris som set fokus på betydinga av lokal innsats. Utan lokal innsats, dugnad og entusiasme er det vanskeleg å drive godt kulturminnevern. Utan folk som Torbjørn, utan det han står for, så stopper kulturminnenoreg. Les meir