Turistinfo

Turistkontor ǀ Sjå & gjere ǀ Overnatting ǀ Mat ǀ Reise ǀ Kart ǀ Regionen

I Hyllestad opplev du Noreg langt vekk frå masseturisme! Her kan du nyte fjell og fjord, utforske naturen og møte ei eineståande historie der sjøen, den skrinne jorda og steinen sto i sentrum. I gamle dagar var det sjøen som knytte folk saman. Då var Hyllestad eit knutepunkt som så mange andre bygder langs kysten. I dag ligg Hyllestad vekk frå store tettstader, vegar og flyplassar. Her er det ro. Men her er det òg utvikling i verftsindustri, havbruk og alle moglege lokale verksemder.

Gygrekjeften på Lihesten: Hyllestad si Trolltunge!
Gygrekjeften på Lihesten: Hyllestad si Trolltunge!

Turistkontor i Kvernsteinsparken

I sommarsesongen (24.6. – 26.8.2018) er Kvernsteinsparken turistkontor for Hyllestad.
Opningstider: ty – sø, 10 – 17 (måndag stengt)
Telefon: 45 87 19 40 (betent heile året)

Informasjon om regionen: Fjord Kysten. Sjå òg Visit Norway sine sider om Hyllestad. Ei god guidebok om stader det er verd å besøke på Vestlandet: OPPTUR KYSTEN Bergen-Stad (Selja Forlag).

Kva kan du sjå og gjere?

Kulturminne

  • Kvernsteinsbrota/Kvernsteinsparken er det viktigaste kulturminnet i Hyllestad og bygdas einaste museum. Her får du vite alt om kvifor Hyllestad i vikingtida og mellomalderen var Nord-Europas største steinbrot, produsent av kvernstein – livets stein. Her får du òg sjølv ta del i handverket.
  • «Marthas Hyllestad« – ei kulturvandring med Martha gjennom Hyllestad sentrum – slik det var på 50-talet. Start er i Kvernsteinsparken. Turen går innom den mellomalderske kyrkjegarden i Hyllestadvikja.
  • Geologiløypa gjennom Hyllestad sentrum. Heftet til løypa finn du i kassane ved geologitavlene foran SPAR i Hyllestad sentrum og i Kvernsteinsparken.
  • Vandringar langsmed Den Trondhjemske postveien, ein av dei finaste historiske vegane i Noreg, med mange steinbruer. I Hyllestad er vegen stort sett merka og rydda.
  • Postvegen går til Skor (sjå ut.no), som har eit av dei verkeleg fine historiske vassbruksmiljøa i Noreg; fleire restaurerte kvernhus og gamal oppgangssag. Ei perle!
  • Du kan ta turen til idylliske Lifjorden, som kong Olav Kyrre visstnok meinte kunne bli staden for ein stor by for 1000 år sidan. Han valde seg Bergen i staden. I Lifjorden kan du besøke minnesteinen om Havørnulukka, den første sivile flyulukka i Noreg (1936).
Det flotte vassbruksmiljøet i Skor
Det flotte vassbruksmiljøet i Skor
Foss bru i Hyllestad frå 1806 - eit av dei fremste minnesmerka langs Den Trodhjemske postvei
Foss bru i Hyllestad frå 1806 – eit av dei fremste minnesmerka langs Den Trodhjemske postvei

Turar

  • Tur opp til mektige Lihesten, som er det høgste fjellet i Hyllestad og eit særmerkt landemerke på vestlandskysten. Her kan du klatre, eller du kan gå lettare ruter til toppane, sjå ut.no. Du kan òg tinga deg tur med Lihesten 777. Regnver og storm er deira spesialitet!
  • Om Lihesten ikkje er nok; så kan du gå enkle eller meir krevjande 2 til 5-6 timars turar til alle heiene og fjelltoppane i bygda; dei fleste har storslagen utsikt mot hav, fjord og fjell. Stiane er merka og du finn dei fleste turane på ut.no. Vi sel òg turkart i Kvernsteinsparken.
Lihesten - Hyllestad sitt ikon!
Lihesten – Hyllestad sitt ikon!
På fjelltur i Hyllestad.
På fjelltur i Hyllestad – på veg til toppen av Lihesten.

Norgeshistorias mest spektakulære overnatting! I hengekøyer på Gygrekjeften! Frå TV Norge sin serie 71 grader nord (2015).

Fjord og fiske

  • Du kan padle med kajakk og kano på fjorden eller på nokre av Hyllestads mange fine vatn. Du kan òg fiske og leige deg båt for ein tur på fjorden (fleire overnattingsplassar har båtutleige, t.d. Fjordkick i Sørbøvåg).
  • Gjestehamner finst i Leirvik og Sørbøvåg (sjå Båtmagasinet).
Kano og fiske på Åfjorden
Kano og fiske på Åfjorden

Overnatting

Du kan gratis sette opp teltet ditt i Kvernsteinsparken! Ta kontakt om du treng hjelp. Om du vil overnatte på anna vis:

Hotel:

Airbnb:

  • Det er i dag omlag 30 som tilbyr airbnb i Hyllestad, sjå oversikten hos airbnb.no

Camping/hytter:

Mat

Hotella i Leirvik og Lavik har restaurantar, fleire andre overnattingsplassar har ymse former for servering (sjå over). Det er daglegvarebutikkar i Leirvik, Hyllestad og Sørbøvåg. Bensinstasjonar finst i Lavik, Hyllestad og Sørbøvåg. Her kan du m.a. handle kioskvarer i opningstidene.

Reise

  • Til Hyllestad kjem du lettast med eigen bil. Vanlegast er å ta av frå E39 ved ferjekaia i Lavik. Herfrå er det ca. 25 min til Kvernsteinsparken.
  • Du kan òg reise med hurtigbåten sørfrå (Bergen, ca. 2 t) eller nordfrå (Selje, ca. 3 t). Hurtigbåtkai finst i Rysjedalsvika, ca. 13 km frå Kvernsteinsparken. Sjå Norled sine websider for tidtabell. Det går korresponderande buss frå Rysjedalsvika til Leirvik og vidare, men ver merksam på rutetidene! Sjå Kringom sine websider for tidtabell.
  • Det finst mange ekspressbussar sørfrå (Bergen) og nordfrå (Førde) som stoppar i Lavik. Herfrå må du ta lokalbuss (Kringom).
  • Taxi i Hyllestad og regionen, t.d. Leirvik Taxi, tlf.: 957 88 100
  • Så kan du sjølvsagt komme med sykkel! Med lite trafikk og storslagen natur, er Hyllestad og regionen godt egna for sykkeltur!
Den finaste reisemåten på kysten: Ekspressbåten mellom Bergen og Selje
Den finaste reisemåten på kysten: Ekspressbåten mellom Bergen og Selje

Kart

Kart med nokre av attraksjonane og overnattingsmoglegheitane i Hyllestad
Kart med nokre av attraksjonane og overnattingsmoglegheitane i Hyllestad

Highlights i regionen

Landet lengst vest i Noreg, frå Gulen og Solund, til Hyllestad, Fjaler og Askvoll – og vidare nordover, er ein region for aktivferie; for båtliv, kajakk, vandring, sykling og sterke naturopplevingar. Sjå fjordkysten.no om kva regionen kan by på.

I nærleiken av Hyllestad kan vi føreslå dette:

  • Besøk den 4 m høge krossen i Korssund som kjem frå Hyllestad og har stått som landemerke i 1000 år.
  • Dra til Lammetun og utforsk dei nifse bunkarane frå 2. verdskrig (sjå Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane).
  • Øyhopping: I nabokommunane Solund og Askvoll går du ombord i den regulære postbåten og besøker dei vakre øyane i havgapet.
  • På øyane Værlandet/Bulandet kan du besøkje Norsk Sjøfuglsenter og gå fine turar i det forblåste landskapet.
  • Ta turen til Eivindvik i Gulen kommune og besøk Gulatingstaden, den eldste og viktigaste tingstaden i Noreg som går tilbake til vikingtida. Her er det anlagt ein flott park.
  • Sjekk elles ut.no for turar og vandringar!
...eller berre eit forfriskande bad i Atlanterhavet...
…eller berre eit forfriskande bad i Atlanterhavet…