Bli med på steineventyret!

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Her er det spennande aktivitetar for barn og vaksne. Bli med på steineventyret!

Kornmaling med handkvern - som for 1000 år sidan
Kornmaling med handkvern – som for 1000 år sidan

I Kvernsteinsparken tar vi deg med på ei reise tilbake til vikingtida og mellomalderen. Då var det stor aktivitet i Hyllestad! I hundrevis av steinbrot jobba steinhoggarar og tok ut kvernstein etter kvernstein. Kvernstein var noko alle måtte ha. Utan kvernstein ikkje noko mjøl – og ingen mat! Kvernstein i hundretusental forlét Hyllestad og vart seld i heile Noreg, Danmark og Sverige. Her er det snakk om stor industri, dyktige handverkarar, drevne handelsfolk og mykje pengar!

I Kvernsteinsparken ventar deg ein fin tur gjennom steinbrotslandskapet. Etter turen kan du male korn, bake brød, lage klebersteinsmykke, drive med anna handverk eller kose deg ved bålet med kaffi og noko godt å ete.

Guida tur i kvernsteinsbrota
Guida tur i kvernsteinsbrota

Besøk Kvernsteinsparken! Kva skjer? Lær meir om historia! Ta del i landet lengst vest i Noreg! Finn ut kven vi er! Nyhende!