
Den nye heimesida til Kvernsteinsparken er på nett! Klikk innom! No vert alt samla på ein stad. Gløym «Norsk Kvernsteinsenter», «Musea i Sogn og Fjordane, Avd. Norsk Kvernsteinsenter», «kvernsteinsbrota i Hyllestad», you name it: Alt er no her: kvernsteinsparken.no.
Vi feirar med eit blikk attende: For no er det snart 25 år sidan «Kvernsteinslauget» vart stifta og den eineståande historia til Kvernsteinsparken tok til. Den tok faktisk til så tidleg som i 1977. Den tok naturleg nok til allereie i Vikingtida! Vi feirar med videoar og podcasts! Frå NRK TV, NRK Radio og Youtube.
NRK TV – Norge Rundt 29. oktober 1977

Eit sjeldant interessant innslag frå NRKs «Norge Rundt» for 40 år sida. Hyllestads fyrste industri – dei meir enn tusen år gamle kvernsteinsbrota – er gjenoppdaga og vert samanlikna med moderne industri, Løland Verft, nå Havyard. Begge var – og er – hjørnesteinar i Hyllestad! Store, internasjonale, framtidsretta!
Innslaget har høg aktualitet! Det tek opp utfordringar i utkantstrok, reduksjon i folketal, hjørnesteinsbedrifta si posisjon. Men og kor viktig kulturhistoria er!
NRK TV – Norge Rundt 28. juni 1991

No vert det fart! Det store funnet av kvernstein på fjordbotnen i Alverstraumen nord for Bergen fortel at det eingong var storindustri i Hyllestad. I programmet får vi sjå frå berginga av kvernsteinane (som no er utstilde i Kvernsteinsparken, utlånt av Bergen Sjøfartsmuseum), og vi får høyre Mathias Stigedal og Gunnhild Systad fortelje om brot og arbeid og slit!
NRK TV – Norge Rundt 25. mai 2007

Det har gått seksten år sidan 1991. I 2007 var Kvernsteinsparken eit etablert museum og skuleungdommen hadde innteke Parken. Her eit klipp frå det som kom til å bli eit unikt samarbeid mellom skule og museum.
Youtube – Under vatn! av Atle Ove Martinussen 2009
«Ein vanleg dag på jobben» for marinarkeologane Arild Marøy Hansen og Elling Utvik Hammer ved Bergen Sjøfartsmuseum. Det er Atle Ove Martinussen som har filma undersøkinga av kversteinslasta på fjordbotnet i Alverstraumen.
NRK Sogn og Fjordane 26. november 2010

Foto: Vegard Foseide / NRK. Klikk på foto for TV-program
I 2010 vart steinbrota i Hyllestad nominerte som UNESCO verdsarv. Stor stemning! Men stemning har diverre lagt seg av di nominasjonen (enno?) ikkje har resultert i verdsarvstatus. Men steinbrota er framleis på UNESCO si tentative verdsarvliste. Sjå også reportasje her.
Youtube – Kvernsteinsparken av Silje Bråstad 2012
Ein flott film om Kvernsteinsparken og skuleprosjektet av Silje Bråstad! Produsert for Norsk Kvernsteinsenter med støtte frå Riksantikvaren.
Youtube – Kvernsteinsrock! 29. juni 2013
Kvernsteinsrock! Etter suksessen i 2011 vart det ny runde i 2013. Denne gongen var det Leo Ajkic som presenterte og losa folk gjennom konserten! Sjå også fotoserie på firda.no.
NRK Radio – Museum 1. juli 2017

Ei ny tid. Kvernsteinsparken utvidar steintilbodet! For i Hyllestad har det ikkje berre vore kvernsteinsdrift. Det har og vore kalkbrenning i gamle dagar, på Smilla. Her kan du høyre korleis det gjekk då den nye kalkomnen var i full fyr i juni 2017.
*

Framtida? I dei neste åra vil vi halde oss til utviklingsplanen (PDF, 45 MB) som vart utarbeidd i 2016. Den er tenkt realisert i etappar, med fyrste etappe fram til 2020. Følg med!
Tekst: Per Storemyr