Les om «Geologien som verdiskapar» medan vi jobbar med ny rapport om «UNESCO Global Geopark i HAFS-regionen»

For meir enn 400 millionar år sidan: Da låg HAFS-regionen i ei klemme mellom Ur-Europa og Ur-Amerika. På eit ufatteleg djup, medan verdas største fjellkjede, Den kaledonske fjellkjeda, reiste seg ovanpå. Det er eit mirakel at regionen har klart seg så bra som han har! Illustrasjon: Per Terje Osmundsen, NGU.
For meir enn 400 millionar år sidan: Da låg HAFS-regionen i ei klemme mellom Ur-Europa og Ur-Amerika. På eit ufatteleg djup, medan verdas største fjellkjede, Den kaledonske fjellkjeda, reiste seg ovanpå. Det er eit mirakel at regionen har klart seg så bra som han har! Illustrasjon: Frode Holst/Per Terje Osmundsen.

I desse dagar er vi nesten ferdige med eit større prosjekt for HAFS Regionråd: «UNESCO Global Geopark i HAFS-regionen: Eit nytt fyrtårn for HAFS og Sogn og Fjordane?» Det handlar om ein helt unik geologi som verdiskapar i utkantregionen HAFS, kanskje også om eit nytt perspektiv på framtida i regionen? Bakgrunnen for prosjektet er eit anna prosjekt for Regionrådet: «Geologien som verdiskapar» (2012-2015). Rapporten frå dette prosjektet har ikkje tidlegare vore tilgjengeleg for folk flest. No kan han lesast medan vi bur oss på svaret om HAFS kvalifiserer til UNESCO Global Geopark – og kva regionen kan vente seg om ein i framtida søkjer ein slik status.

«Geologiprosjektet» var eit samarbeid mellom Norsk Kvernsteinsenter, Norges geologiske undersøkelse, Regionrådet og HAFS-kommunane. Det handla om å utforske geologien i regionen og leggje til rette for såkalla «geolokalitetar», stader der ein kan sjå og få kunnskap om den framifrå geologien. Vandreruter vart føreslegne og geotavler vart sett opp på utvalde stader, t.d. på Rossvikheia i Hyllestad.

Geoguidar og teikneserie

Det vart vidare utarbeidd to «Geoguidar», ein for Hyllestad og ein for Værlandet-Bulandet. Og så vart det jobba fram ein «teikneserie» som visar korleis berggrunnen i regionen er et resultat av ei geologisk utvikling som har gått føre seg i mange hundre millionar år.

Her i HAFS er det særskilt to fenomen som set regionen på det internasjonale geologikartet. For her kan utviklinga til ei av verdas største fjellkjeder, Den kaledonske fjellkjeda, studerast i detalj. Fjellkjeda var like stor som Himalaya då ho var på det høgste for meir enn 400 millionar år sidan. Men ho var også svært «djup»: For fjellkjeda vart danna då to kontinent støtte saman: Gamle Europa (Baltika) gjekk regelrett under eit anna kontinent, Gamle Amerika (Laurentia).

Granatglimmerskifer, eklogitt og konglomerat

Der, nede i djupet, vart bergartar forma under høgt trykk og høg temperatur: Granatglimmerskifer og eklogitt. Vi veit alle at granatglimmerskiferen mykje seinare blei ein viktig økonomisk ressurs for regionen, til kvernstein for heile Nord-Europa. Rutilførande eklogitt er notidas strid: Naboen vår, Naustdal, har fått han i fanget på Engebøfjellet. Skal det utvinnast titan frå denne eklogitten?

Men ei fjellkjede varar ikkje evig. Jorda er i konstant rørsle. Og Den kaledonske fjellkjeda vart så høg og så tung at ho kollapsa under si eiga vekt. I den geologiske perioden devon, inntil 360 millionar år sida, «sklei» ho ut og eroderte så raskt at gigantiske «steinrøyser» vart danna. Desse steinrøysane er i dag dei såkalla «devonfelta» på Vestlandet; svære område med konglomerat og sandstein. Lihesten-Solund-Værlandet-Bulandet er ei av «røysene», Kvamshesten ei anna.

Noregs første geologiske kart

Det er storslått geologi i eit storslått kystlandskap! Så storslått at Noregs første og eit av verdas eldste geologiske kart vart teikna av området kring 1820. Men kan geologien omsetjast til klingande mynt? Kan han setje regionen på det internasjonale turistkartet? Kan han verte til endå meir glede for alle som bur her i utkantstroka?

Noregs første og eit av verdas eldste geologiske kart. Teikna over HAFS-regionen på byrjinga av 1820-talet av den tyske geologen Carl Friedrich Naumann.
Noregs første og eit av verdas eldste geologiske kart. Teikna over HAFS-regionen på byrjinga av 1820-talet av den tyske geologen Carl Friedrich Naumann.

UNESCO Global Geopark?

Kven veit. Men om ikkje lang tid vil vi få nokre svar. Snart legg vi fram ein ny rapport for Regionrådet. Ein rapport som drøftar om det vil høve seg for regionen å søkje om status som UNESCO Global Geopark. I ein slik park er det ikkje berre geologien som vil verte viktig, men også kulturhistoria, naturen – og næring basert på berekraftig utvikling. Følg med!

Rapport

  • Løland, T & Heldal, T. 2015. Geologien som verdiskapar. Sluttrapport frå HAFS-prosjektet. Last ned PDF

Geoguidar

Hyllestadseminaret 2017

  • Seminaret tok opp spørsmålet om UNESCO Global Geopark i HAFS, sjå omtale på websida vår.

Tekst: Per Storemyr

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.