
I dag har vi tjuvstarta «sesongen» med besøk av 6. klassingane ved Hyllestad skule. Temaet var vikingtida, som elevane no lærar om i samfunnsfag. Det er flott å kunne vise elevane at Hyllestad var eit stort «industrisentrum» i vikingtida. Dei fekk prøve kvernhogging, smiing, laging av spinnehjul i kleberstein, kverning av korn og baking. Takk til lærar Øystein Osland for at han tok med seg elevane!
Elevane er dei fyrste i besøksstatistikken for 2018, som vi håpar skal bli enda betre enn 2017. I avisa Ytre Sogn kunne vi i dag vi lese at 2017 hadde ein auke på heile 40% samanlikna med 2016. Les heile artikkelen her.
Sjå også innlegg om besøkstala på heimesida til Musea i Sogn og Fjordane.