Ny rapport om UNESCO Global Geopark og gode tilbakemeldingar frå HAFS Regionråd!

Brurastakken på Atløyna i Askvoll: Noregs finaste fold. Vil verte eit ikon i ein UNESCO Global Geopark i HAFS.
Brurastakken på Atløyna i Askvoll: Noregs finaste fold! Kan verte eit ikon i ein UNESCO Global Geopark i HAFS!

I går presenterte avdelingsdirektør Franziska Rüttimann vår nye rapport om UNESCO Global Geopark for HAFS Regionråd. Det er Musea i Sogn og Fjordane/Norsk Kvernsteinsenter og Hyllestad kommune som har jobba fram rapporten, med midlar frå Regionrådet og med god hjelp frå Sognefjorden Kystpark. Presentasjonen og rapporten fell tydelegvis i smak, for rådet fatta vedtak om å gå vidare med utviklingsprosessen. No skal ei arbeidsgruppe, med leiar av rådet Gunhild Berge Stang i spissen, sjå på moglegheiter for organisasjon og finansiering. Vi er kjempeglade! Vi har tru på at HAFS om nokre år vert ein del av «UNESCO-familien» og kan vise fram unik geologi, natur og kulturhistorie – til glede for oss sjølv – og for mange fleire besøkande enn i dag.

Rapporten har tittelen «UNESCO Global Geopark i HAFS-regionen: Eit nytt fyrtårn for HAFS og Sogn og Fjordane?». Han kan lastas ned her. Han inneheld ei beskriving av kva ein UNESCO Global Geopark er. Det er eit samfunnsprosjekt! Og rapporten gjer ei analyse av kva som skal til for at HAFS kan få ein slik framifrå status. Det er ikkje umogleg. Det er sannsynleg!

Eit nytt fyrtårn for HAFS og Sogn og Fjordane: Rapport om moglegheitene for ein UNESCO Global Geopark i regionen.
Eit nytt fyrtårn for HAFS og Sogn og Fjordane: Rapport om moglegheitene for ein UNESCO Global Geopark i regionen

Her er samandraget av rapporten:

Unik geologisk arv

HAFS-regionen (kommunane Gulen, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund) – heilt vest i Noreg – rår over ein unik geologisk arv: For 400 millionar år sidan fantes det her ei fjellkjede så stor som Himalaya! Opphavet til – og restane av – fjellkjeda pregar heile landskapet og blir i dag studert av geologar frå heile verda. Norsk Kvernsteinsenter og Norges geologiske undersøkelse (NGU) i Trondheim har nyleg gjennomført «Geologiprosjektet», der det blei utarbeidd geologi-løyper i regionen for å formidle denne naturskatten til publikum. Dessutan anbefalte NGU å undersøke kva som skal til for å etablere ein UNESCO Global Geopark. HAFS er på NGU si liste over moglege geoparkar i Noreg.

I HAFS-regionen finst det allereie ein park: I 2017 blei det med Sognefjorden Kystpark etablert ein Regionalpark med base i Solund. Han har i dag 30 medlemer, både frå det offentlege og det private. Regionalparkar har mykje til felles med Geoparkar: Begge definerer seg som samarbeids­plattform og utviklingsverktøy for lokalsamfunnet. Og for merkevarebygging av regionen.

Rapporten fortel om kva ein UNESCO Global Geopark er, korleis han bør vere organisert, kva UNESCO krev, kva HAFS-kommunane kan vente seg av positive effektar og korleis Sognefjorden Kystpark kan samkøyrast med ein Geopark.

UNESCO Globale Geoparkar er likestilte med UNESCO verdsarvstader

UNESCO innførte kategorien UNESCO Global Geopark (UGG) i 2015 og likestilte Geoparkane med verdsarvstadene. Ein UGG er eit berekraftig samfunnsutviklings- og verdiskapings­prosjekt basert på ein region sin natur- og kulturarv. UGG-statusen er berre aktuell for regionar som har ein internasjonal framifrå geologisk arv – slik ekspertane meiner at HAFS-regionen har! UGG-konseptet gir ein region eit godt grunnlag for å utvikle lokalsamfunna og nærings- og reiselivet på ein berekraftig måte.

UNESCO-merket er eit av dei mest prestisjefulle varemerka i heile verda

For HAFS-regionen kan ein UNESCO Global Geopark verte eit godt utviklingsverktøy og fungere som ei felles samarbeidsplattform for å utnytte regionen sine natur- og kulturverdiar i mykje større grad enn kva som er tilfelle i dag. Heilt sentralt står UNESCO-merket med sin høge marknads­verdi: Med UNESCO-merket vil HAFS-regionen få tildelt det mest ettertrakta kvalitetsstempelet ein reisedestinasjon i verda kan få. Samtidig forpliktar dette regionen til å verne natur- og kulturstader og til å levere opplevingsprodukt av høgste kvalitet.

UNESCO-merket gjer det lettare å få tilført både kapital og kompetanse til regionen. Det er ikkje til å kome forbi: Vi er ein utkantregion: Her vert det i dag produsert store verdiar for «AS Noreg», men her er det ikkje mange som vil bu. Vi treng fleire folk, meir kompetanse og meir kapital!

Ein destinasjon med UNESCO-stempel vert ein del av eit UNESCO-nettverk og kan m.a. samarbeide om marknadsføring, sal og merkevare­bygging med andre UNESCO-stadar i nærleiken: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Urnes Stavkyrkje og Bryggen i Bergen – og ikkje minst alle andre UNESCO-stader i heile verda. Ein UNESCO Global Geopark i HAFS vil vere eit fyrtårn av høg internasjonal klasse! Og kan trekke til seg ikkje berre besøkande som legg att penningar, men og fagfolk som vil bu her.

Ein UNESCO Global Geopark er eit stort prosjekt som krev ressursar og kreativ nytenking

I rapporten finst det døme frå dei to andre, etablerte norske Geoparkane (Gea Norvegica i Vestfold/Telemark og Magma i Rogaland/Vest Agder). Dei viser at ein UGG er eit stort og ambisiøst prosjekt. For å oppfylle krava til UNESCO og for å oppnå dei ønska resultata, er det viktig å ha nok ressursar tilgjengelege frå starten av. Finansieringa må vere sikra på lang sikt, elles vil UNESCO ikkje kunne tildele statusen. Fylkeskommunen, kommunane og private aktørar bør vere eigarar av Geoparken, ikkje berre for å sikre finansieringa, men også for å sikre den viktige, lokale forankringa som UNESCO krev.

Den norske staten har i dag inga støtte til korkje Geoparkar eller Regionalparkar, men det vert no jobba aktivt for å nå målet om statleg medfinansiering av parkane. UNESCO-merket aleine er ikkje nok til å trekke mange turistar. Det er viktig at Geoparken skapar spennande og oppsiktsvekkande opplevingstilbod i regionen slik at HAFS blir ein reason to go for reisande.

Kvernsteinsparken, Kystparken og Friluftsrådet som ressursar

HAFS-regionen har svært gode føresetnader for å komme i gang med ein UNESCO Global Geopark. Med Norsk Kvernsteinsenter/Kvernsteinsparken, ei avdeling i Musea i Sogn og Fjordane, finst det eit fagmiljø som har kompetanse innan geologi, kulturhistorisk bruk av stein og formidling, og som rår over eit godt geofagleg nettverk. Kvernsteinsparken kan, om ønskjeleg, fungere som Geopark-besøkssenter (UNESCO krev at ein UGG har ein stad der publikum vert mottatt og får informasjon).

Sognefjorden Kystpark vil bidra til etableringa av ein UGG og har definert dette som eit av måla sine. Vidare kan Fjord­kysten Friluftsråd vere med på å løyse nokon av oppgåvene til ein UGG, som t.d. vedlikehald av geolokalitetar, skilting og guidekurs.

Desse tre institusjonane med sine respektive kompetansar og nettverk har såleis allereie tilrettelagt mykje som trengst for ein Geopark. Saman med andre etablerte institusjonar som destinasjonsselskapet Visit Fjordkysten og Norsk Kystkulturakademi vil dei vere sentrale på vegen vidare mot å få etablert ein UGG.

Framifrå geologi og perspektiv for framtida

I følgje ekspertane oppfyller HAFS-regionen den viktigaste føresetnaden til å kunne bli ein UNESCO Global Geopark: Framifrå geologi. Det er få andre norske regionar som oppfyller dette kravet.

Etableringa av ein UGG er eit prosjekt som krev samarbeid mellom kommunane, målretta investeringar og kreativ nytenking. Gevinsten vil vere at HAFS-regionen blir løfta fram som ein UNESCO-region og får etablert eit samfunnsutviklingsverktøy som skapar arbeidsplassar, perspektiv og stoltheit i lokalsamfunnet.

Den geologiske skatten ligg klar – no er det opp til oss å bestemme om vi vil nytte han, investere i han og løfte HAFS til ein UNESCO-region som det berre finst nokon få av i heile verda.

Rapporten

Det er mykje meir informasjon og analyse i sjølve rapporten. Kor skal t.d. grensene for ein UNESCO Global Geopark i HAFS-regionen gå? Les alt her:

Tekst og foto: Per Storemyr

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.