
Denne veka har marinarkeologar frå Bergens Sjøfartsmuseum trassa kulde og sno og dykka etter kvernstein langs Sørefjorden og i Myklebustfjøra i Hyllestad. Målet var å kartfeste stein som av ein eller annan grunn har hamna på havets botn. Det kan vere vrakstein frå den store produksjonen på land, men òg ferdige kvernstein som vart mista då dei skulle lastast på båt for eksport til den store verda i vikingtida og mellomalderen. Undersøkingane er ein del av Sjørfartsmuseet sitt forvaltingsansvar for marinarkeologien på Vestlandet – og dei er viktige for Kvernsteinsparken: for såleis kan vi betre forstå, formidle og hjelpe til med å forvalte steinbrotlandskapet. Ein stor del av landskapet finn ein på fjordbotnen!
Det har tidlegare vore mange dykk etter kvernstein i Sørefjorden og Åfjorden. Arild Marøy Hansen, Irene Baug, Atle Ove Martinussen og fleire med dei, har funne ei mengd med kvernstein og store haugar med vrakstein frå hogginga på land. Dei har teke flotte bilete og såleis gjort verda under vatn tilgjengeleg for folk flest.

Men under tidlegare undersøkingar har ikkje funna på fjordbotnen vorte registrerte med GPS. Vi veit difor ikkje heilt nøyaktig kor dei viktigaste funna ligg. Slik kunnskap er naturlegvis viktig for å kunne forvalte landskapet, når det skal byggjast nye brygger, eller når eit nytt oppdrettsanlegg skal etablerast eingong i framtida.
Kvernsteinlandskapet under vatn er automatisk freda av Riksantikvaren, likeeins som alle brota på landejorda. Om ein veit kva som finst på botnen, og kor det ligg!, kan ein komme til gode løysingar mellom utbyggjarar og vernemyndigheiter.
Marinarkeologane fann, som venta, ei mengd kvernstein, ikkje minst i området Rønsetklubben-Aurgota-Otringsneset. Her ligg det store brot heilt attmed fjorden, og mykje vrakstein vart difor kasta på sjøen – eller har seinare hamna på botnen etter flodbølgjer (som flodbølgja etter steinraset frå Katlenova i 1998).

I dag har eg vore med marinarkeologane på søk etter kvernstein i Myklebustfjøra. Dette trur vi har vore den viktigaste utskipingstaden for kvernstein frå dei store brota på Myklebust og i Kvernsteinsparken. Fjøra er allereie definert som eit verna område i Askeladden, Riksantikvarens kulturminnedatabase. Men kor ligg eigentleg kvernsteinane?
Vi gjorde eit søk på eit par hundre meter frå det ytste neset og innover i vika. Det kom fram nokre kvernsteinar ved neset og flytebrygga, men overraskande få langsmed stranda. Dette var truleg sjølve utskipingstaden allereie i vikingtida og ein kan tenkje seg at kvar ein kvernstein som fell på sjøen under lasting, raskt vart dykka etter i gamle dagar. Difor ligg det ikkje stein att her. Det er jo ikkje djupt, og alle ferdige kvernstein var kostbare.

Men austover frå stranda tok det heilt av: Utanfor bergnabbane her er det fleire titals kvernstein og mykje vrakstein. Dei fleste kjem truleg frå brotet som ligg i «urskogen» mellom Hyllestad barnehage og fjøra. Dette brotet har vore lite påakta. Sidan det er så mykje stein i sjøen, så er brotet truleg mykje større enn kva vi til no har meint.

Det vart ei god, men frykteleg kald oppleving i snoen! Marinarkeologane er nok botnfrose etter fem dagar på og i sjøen! Takk til dykk alle tre, Tord Kristian Karlsen, Eirik Herdlevær og Thomas Bjørkeland. Vi er takknemlege for den gode kontakten med Sjøfartsmuseet! No tek ein ny generasjon over for Arild Marøy Hansen. Takk Arild!
Tekst og foto: Per Storemyr
