Korleis kan vi redde den nasjonale steinbrotsarven?

Skarsjøen skiferbrot i Stjørdal, omkring 1900. Stjørdal hadde svært mange skiferbrot. No er dei alle nedlagde. Biletet er i Stjørdal historielags eige og har vore brukt i boka "Sånn va de!" ( 1999). Takk til Kjell Erik Petterson for utlån.
Skarsjøen skiferbrot i Stjørdal, omkring 1900. Stjørdal hadde svært mange skiferbrot. No er dei alle nedlagde. Biletet er i Stjørdal historielags eige og har vore brukt i boka «Sånn va de!» (1999). Takk til Kjell Erik Petterson for utlån.

Noreg har tusenvis av gamle steinbrot – ei kulturarv som er sterkt truga. Det gjeld ikkje så mykje godt verna steinalderbrot eller brot frå mellomalderen. Det gjeld den store arven frå den tidleg-moderne tida, frå 16-1700-talet og frametter; brota som bygde byane sine monumentale bygningar, fine bruer og vegar, fjøs og hus – og som sjølvsagt òg vart brukte til skulptur og ornamentikk. Nesten alle desse brota er nedlagde, mange er gløymde, dei fleste står utan vern. Dei vert øydelagde av utbygging, sjølv om mange er ressursar for god stein, m.a. til restaurering. Og samstundes som steinbrytning har vorte sterkt mekanisert, går det tradisjonsrike, manuelle steinhandverket i gløymsla. Alt dette må vi gjere noko med! Saman med Norges geologiske undersøkelse (NGU) har Norsk Kvernsteinsenter føreslått ein nasjonal strategi for vern og bruk av steinbrotsarven.

Kartleggingsprosjektet som vart utvida

I 2016 starta vi «Kartleggingsprosjektet» saman med NGU, Universitetet i Bergen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hyllestad kommune – og Riksantikvaren, som finansierte prosjektet. Målet var å sikre betre vern for kvernsteinsbrota i Hyllestad gjennom å legge dei inn i Askeladden, Riksantikvarens nasjonale database for kulturminne.

Gjennom prosjektet ytra Riksantikvaren ønskje om å sjå vidare på eit stort problem i Noreg, nemleg at det no er nærast umogleg å skaffe god stein til restaurering av gamle bygningar, skifertak osb. Ofte må ein importere frå utlandet til steinlandet Noreg(!) – eit land der dei fleste gamle steinbrot er både truga av utbygging og ikkje tilgjengelege for ny bruk.

Difor vart vi einige om å lage ei analyse av situasjonen og komme med framlegg om kva som kan gjerast.

Tre rapportar

No er prosjektet førebels avslutta og vi har utarbeidd tre rapportar:

  • Om korleis vi har drive med kartlegging i Hyllestad og lagt inn steinbrota i Askeladden. Vi laga oss eit system for korleis slike jobbar kan gjerast. Systemet kan òg nyttast for andre steinbrotområde. PDF
  • Om det heilt spesielle problemet med å skaffe kleberstein til store restaureringsoppgåver, t.d. på Nidarosdomen, Stavanger domkyrkje og i Bergen. Alle klebersteinsbrot er nemleg nedlagde! For berre 100 år sida var 30-40 brot i drift. I mellomalderen var det 100! PDF
  • Om forvalting av historiske steinbrot – heile steinbrotsarven – og bevaring av gammalt steinhandverk, med framlegg til ein nasjonal strategi for å betre på forholda. PDF

Steinbrotsarven

I dei to sistnemnde rapportane finst det oversiktar over steinbrot i Noreg, frå steinalderen til i dag. Dei eldste brota er godt dokumenterte, samt nokre brot fram til mellomalderen. Men tusenvis av nyare brot er korkje godt nok dokumenterte eller har noko vern, trass i at mange av dei har vore særs viktige for bygginga av Noreg frå 16-1700-talet og fram mot moderne tid.

Vi snakkar om heile regioner med spesielle steinbrottradisjonar, til dømes skiferdrifta på Otta og Voss, i Hardanger, Stjørdal og Alta; marmordrifta i Sunnhordland og Nordland, granittbryting i Iddefjorden, Oslo og Drammen, omkring Bergen og i Trøndelag – og alt som har å gjere med kleberstein og kvernstein i store delar av landet. Lokalt er det vidare hundrevis av brot som produserte for den næraste marknaden; til å byggje vegar, bruer, fjøs og heim! Ofte var det bonden sjølv som skaffa steinen.

Det er eit stort mangfald! Vi har noko kunnskap om mange av desse brota og tradisjonane, men den er ikkje samla og difor vanskeleg tilgjengeleg, ikkje berre for folk flest, men òg for fagfolk. Dessutan har kunnskapen knapt vore analysert i eit større perspektiv: Kor kom alle desse tradisjonane frå? Hadde dei opphavet sitt i mellomalderen? Eller endå lenger tilbake i tid?

Frå N. S. Beer & Cos. granittbrot ved Iddefjorden, her rett over på svensk side, truleg kring 1900. Foto: ukjend, i NGUs fotoarkiv
Frå N. S. Beer & Cos. granittbrot ved Iddefjorden, her rett over på svensk side, truleg kring 1900. Foto: ukjend, i NGUs fotoarkiv

Verdsetting av gamle steinbrot

Kvifor har ikkje steinbrot frå tidleg-moderne tid vore sett på som spesielt verneverdige? Vi trur det er fordi dei ligg i skuggen av anna bergverksdrift, av gruvedrift, som produserte for store marknader, som er spennande og som ber på ein tradisjon for skriftleg dokumentasjon. Gruvedrift er verdsarv i Noreg – på Røros. Men steinbrot vart det ikkje skrive mykje om; brot frå 1800-talet må vi difor ofte studere som pre-historiske brot, som brot frå steinalderen, altså med arkeologiske metodar.

Når ein gjer det, og samstundes finn pitte lite skriftleg dokumentasjon i arkiva, så teiknar det seg eit bilete av ein mangfaldig industri med fleire sett av verde: Det kan vere opplevingsverde og geologiske verde i eit spesielt menneskapt landskap, men fyrst og fremst historiske verde for forståing av korleis brota vart drifta, av det harde arbeidet i gamle dagar. Og sjølvsagt har brota òg potensielt økonomisk verde – og verde som kjelder til mindre mengder restaureringstein.

Lønsemd, lovverk – og utarming av handverk

I gamle dagar kan det sjå ut til at manuelt uttak av nokre skiferstein, ei lita granittblokk eller ein kleberstein ikkje vart sett på som noko stort problem. Det vart ganske enkelt gjort når ein hadde behov – eller når ein såg ein marknad. Eller når ein skulle restaurere ein bygning. I dag er det annleis, og mykje vanskelegare, av minst fem grunnar:

  • Det er ikkje lønsamt å bryte små mengder stein til restaurering, dermed vert import frå utlandet ein viktig opsjon.
  • Utstyret ein i dag brukar til steinbryting er ofte for stort til å ta ut små mengder stein. Ein må rydde seg god veg og sikre at førekomsten eller det gamle steinbrotet er stort og sikkert nok til at ein har plass til alle maskinane.
  • Gode metodar for manuell bryting går i gløymsla – eller vert sett på som så hardt og avleggs at få bryr seg med å ta dei opp att. Då er det verd å minne om at dei m.a. etterlet seg langt mindre sår i terrenget enn dei store maskinane.
  • Lovverket er eit effektivt hinder for småskala steinbryting. For alt uttak av naturstein er underlagt konsesjonslova og ei mengd andre forskrifter. Det gjer sitt til at enkeltpersonar og små bedrifter ikkje kan klare å sette i gang – om dei hadde ønskt det. Og om brotet er skikkeleg gammalt, så er det verna av Kulturminelova. Då trengs det arkeologiske undersøkingar og frigjeving frå Riksantikvaren.
  • Ein vert ofte hindra av dei offentlege anbodsreglane om ein vil ha norsk stein til å bygge nytt, eller til å steinlegge ei gate. Reglane er europeiske/internasjonale og om ein treng ein «granitt», så har ein ikkje gode metodar for å spesifisere kor han skal komme frå. Då vert det billigaste løysing: Granitt på verdsmarknaden, ofte frå Kina.
Frå dei tradisjonsrike skiferbrota i Oppdal. Foto: Hans Joramo. Biletet er nytta i ein artikkel på NRKs nettsider
Frå dei tradisjonsrike skiferbrota i Oppdal. Foto: Hans Joramo. Biletet er nytta i ein spenande artikkel på NRKs nettsider

Ein heilskapleg, nasjonal strategi

Kunnskap og informasjon, handverk, lovverk og lønsemd. Dette er viktige tema som må takast opp i ein heilskapleg, nasjonal strategi for å betre på forholda kring eldre natursteinbrot i Noreg. Og ein kan sjå til andre land som faktisk har gjennomført liknande arbeid, mellom anna Storbritannia.

Her er nokre av tiltaka vi føreslår:

  • Kunnskapsløft: Samle informasjon og gjere han enkelt tilgjengeleg. Dette gjeld særleg brota frå 16-1700-talet og fram til moderne tid
  • Rettleiing til ulike grupper om korleis ein kan handtere steinbrot og steinbryting
  • Dokumentere og eksperimentere med eldre handverk, live det opp att!
  • Arbeide for endring av lovverk, slik at det vert enklare å drive småskala steinbrot
  • Arbeide for vernestrategiar som ikkje berre inkluderer automatisk freding og vedtaksferding, men òg geoparkar og regionalparkar, utandørsmuseum og kultur/naturstiar
  • Gjennomføre einskilde prosjekter for å utvikle/vise Best Practice for heilskapleg steinbrotforvalting

Det må vere Riksantikvaren og NGU som står i spissen for starte opp. Men museum, fylke og steinindustrien må og på bana!

kvernsteinsparkens-skrifter-1-3-4

Fritt tilgjengelege rapportar

Rapportane frå prosjektet kan fritt lesast av alle som ønskjer. Dei inngår i ein ny serie vi har oppretta; «Kvernsteinsparkens skrifter»:

Heldal, T. og Storemyr, P. 2018. Forvaltning av historiske steinbrudd: Innspill til nasjonal strategi Rapport til Riksantikvaren fra Musea i Sogn og Fjordane, avd. Norsk Kvernsteinsenter, Hyllestad. Kvernsteins­parkens skrifter, 4, 44 s. PDF

Storemyr, P. 2018. Tusen år med brytning av kleberstein tok nettopp slutt. En historie om mekanisering og globalisering. Og om å gjenoppdage gammelt håndverk. Rapport til Riksantikvaren fra Musea i Sogn og Fjordane, avd. Norsk Kvernsteinsenter, Hyllestad. Kvernsteins­parkens skrifter, 2, 33 s. PDF

Storemyr, P. 2018. Kvernsteinsbruddene i Hyllestad. Kartlegging for Askeladden. Rapport til Riksantikvaren fra Musea i Sogn og Fjordane, avd. Norsk Kvernsteinsenter, Hyllestad. Kvernsteins­parkens skrifter, 1, 60 s. PDF

Tekst: Per Storemyr

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.