
Vi har fleire gonger tidlegare rapportert om framdrifta i «Kartleggingsprosjektet» . Det er eit prosjekt støtta av Riksantikvaren for å legge inn oppdaterte opplysningar om kvernsteinsbrota i Hyllestad i den nasjonale kulturminnedatabasen «Askeladden». No er prosjektet førebels avslutta med mykje innlagd informasjon og ein større, open rapport.
Prosjektet vart kalla «Kartverktøy for forvalting av steinbrotlandskapet i Hyllestad» (2016-17) og har hatt Riksantikvaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hyllestad kommune, Universitetet i Bergen og Norges geologiske undersøkelse som partnarar.
Hovudformålet har vore å legge inn Noregs og Nord-Europas største steinbrotlandskap frå vikingtida og mellomalderen på ein moderne måte i Askeladden, Riksantikvarens nasjonale database for kulturminne. Men prosjektet har også hatt andre mål, som du kan lese om her.
Her er nokre av resultata frå prosjektet:
- Innlegging av heile steinbrotlandskapet i Hyllestad som kulturmiljø i Askeladden, for forvalting. Heile kulturmiljøet kan også sjås i Kulturminnesøk, men visinga er enno ikkje fullt operativ.
- Utarbeiding av mal for detaljert kartlegging, mellom anna med LiDAR (radarskanning frå fly) som grunnlag
- Innlegging av ein testdel (Kvernsteinsparken) frå kartlegginga i Askeladden – som såkalla «lokalitetar» og «enkeltminne», for forvalting. Kan også sjås på Kulturminnesøk
- Utarbeiding av lokale, GIS-basert temakart for formidling og forsking
- Forslag til forbetringar for korleis gamle steinbrot vert innlagde i Askeladden
- Forslag til tema til diskusjon når det gjeld definisjon og avgrensing av eit stort steinbrotlandskap som kulturmiljø
I dei kommande åra vil heile steinbrotlandskapet verte kartlagd på nytt – og litt om litt verte å finne i detaljert form i Askeladden.
I rapporten vert heile arbeidet beskrive. Prosjektet kan sjås på som eit case-studium for hjelp til kartlegging av også andre gamle steinbrot – og innlegging i Askeladden.
Her er den opne rapporten:
Storemyr, P. 2018. Kvernsteinsbruddene i Hyllestad. Kartlegging for Askeladden. Rapport til Riksantikvaren fra Musea i Sogn og Fjordane, avd. Norsk Kvernsteinsenter, Hyllestad. Kvernsteinsparkens skrifter, 1, 60 s. Last ned PDF
Nokre kart frå prosjektet:

