Stor rapport om kvernsteinshogging frå Torbjørn Løland!

Torbjørn Løland hogger kvernstein i
Torbjørn Løland hogger kvernstein i «eksperimentbrotet» i Kvernsteinsparken i Hyllestad. Foto: Astrid Dyrkorn Løland

Torbjørn Løland trekkjer seg no tilbake som formidlingsleiar i Kvernsteinsparken. Då er det på sin plass at det vert utgjeve eit gigantisk arbeid – skrive av Torbjørn sjølv: «Kvernsteinshogging i Noreg: Om handverket knytt til kvernsteinsproduksjonen». Det er eit arbeid av det sjeldne slaget. Som set saman geologi, handverk og tradisjonar. Og som trekk inn poesien i steinen. Slik berre Torbjørn kan gjere det.

Torbjørn har eit hjarte for Hyllestad, han har eit hjarte for kvernstein og han har eit hjarte for steinhandverk. Ikkje minst har Torbjørn eit hjarte for folk! Folk i dag og folk før i tida. Og difor er rapporten han har skrive så verdfull: Torbjørn har testa ut det som testast kan innan kvernsteinshogging. Han har studert det eine kvernsteinsbrotet etter det andre, i Noreg og i andre land. Og han klarar å sjå den einskilde steinhoggaren i spora som har vorte etterletne.

Men Torbjørn seier det best sjølv, i samandraget til den store rapporten:

Kvernsteinshogging som handverk har lang tradisjon i Norge. Måten å utføre arbeidet på har i all hovudsak vore lik over heile landet. Dette gjeld både for hogging i fast fjell og hogging frå blokk. Grunnen til dette er ikkje meir mystisk enn at mennesket har ei høgt utvikla evne til å finne rasjonelle og effektive måtar å arbeide på. Om ein likevel går tett innpå og ser på detaljane i arbeidet, vil vi kunne oppdage individuelle og lokale variasjonar. Sjølv om vi kan sjå på oss menneske som ei unison gruppe, er likevel kvar enkelt av oss unike med våre eigne personlege forutsetningar. Det er med å forklare kvifor vi kan finne små og store variasjonar i arbeidet sjølv innafor same lokaliteten. Går vi grundig til verks, er det ikkje tilstrekkeleg å undre seg over korleis ”dei” har gjort det. Spørsmålet må vere kva ”han” har gjort nett her.

Å forstå, og heilt ut kunne forklare alle handlingsmønster i kvernsteinsbrota, er av den grunn nyttelaust og heller ikkje nødvendig. Kvar stein som er laga har si unike historie som berre delvis kan bli oss til del. Så også med dei eller den som utførte handverket.

Rapporten er ein av dei siste i rekkja innan Millstone-prosjektet som vart avslutta for nokre år sidan. Det var Norges geologiske undersøkelse (NGU) med Gurli Meyer i spissen som dreiv dette viktige prosjektet for Noreg, for verda – og for Hyllestad.

Rapporten vil verte standardlesing innan eksperimentell arkeologi i Noreg og er ope tilgjengeleg på nettstaden til NGU: Kvernsteinshogging i Norge (rapport nr. 2018.003)

Tekst: Per Storemyr

Kvernsteinshogging! Foto: Kim Søderstrøm, Riksantikvaren
Kvernsteinshogging! Foto: Kim Søderstrøm, Riksantikvaren

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.