
Korleis kan museum og forskingsinstitusjonar få eit bredt publikum interesserte i forsking? 1. og 2. mai hadde Kvernsteinsenteret besøk frå Tyskland og Bergen for å drøfte dette spørsmålet. Norsk Kvernsteinsenter er med i eit forskingsnettverk om «materialitet» i forsking og didaktikk som vert koordinert av Høgskulen på Vestlandet i Bergen.
Leiar for nettverket, Meinrad Pohl, har lykkast med å få tak i Martina Sensburg og Julia Weidemüller frå Römisch-Germanisches Zentralmuseum (RGZM) i Mayen – eit av dei leiande arkeologiske musea i Tyskland. I Mayen finst det enormt store kvernsteinsbrot der m.a. romerane perfeksjonerte produksjon av handkverner.
Martina og Julia leiar eit så kalla «Citizen Science»-prosjekt som baserer seg på ideen om at «vanlege folk» skal drive med forsking. «Citizen Science» har blitt ein viktig trend i Europa for å auke forståing og interesse for forsking blant ikkje-forskarar. Oppdraget til Martina og Julia er å utvikle og teste ein forskingsstasjon der amatørar skal samanlikne to ulike typar handkverner. Målet er å finne ut om ei av kvernene malar kornet betre og raskare og om energiforbruket for å sveive kvernene varierer.

I Noreg er det inntil no berre få «Citizen Science»-prosjekt, så Kvernsteinsenteret skal undersøkje moglegheiter å innføre noko liknande her.
Tusen takk til Martina og Julia for veldig inspirerande presentasjonar og diskusjonar og til Meinrad og Dag Olav frå Høgskulen i Vestlandet for spennande samtaler!
Tekst og foto: Franziska Rüttimann