Til Otta for å sjå på kleberhistoria – og handle kleberstein!

...og så handla vi 8 tonn tilskoren kleberstein få lageret til Norsk Kleber på Otta... Foto: Per Storemyr
Frå lageret til Norsk Kleber på Otta. Her har vi handla 8 tonn kleberstein.

Vi skal byggje om kalkomnen i Kvernsteinsparken med kleberstein! Om berre to månader! Kleber er som kjend motstandsdyktig mot varme og lagrar varme betre enn annan stein. Og kleber vert brukt til omnar. Difor tok Torbjørn og Per førre veka turen til Norsk Kleber på Otta, Noregs store produsent av moderne kleberomnar, for å bestille 8 tonn tilskoren stein. Vi landa ein avtale – og samstundes nytta vi høvet til å sjå på verdas finaste historiske saghus for kleber, på Sagflaten ved Sel, saman med kjentmann Kjell Voldheim.

Kalkomn og kleber
Kalkomnen i Kvernsteinsparken fekk så hard medfart av fem dagar med 1000 grader under brenninga i fjor at han må reparerast. Grundig! Vi har vist at den «mellomalderske» omnen fungerer; no vil vi ha ein omn som er haldbar og kan tåle mange brenningar. Vi skal ikkje rive omnen, men «fore» den innvendig med kleberstein og samstundes lage nye opningsbuer i kleber.

Dette er ikkje ein historisk korrekt måte å reparere kalkomnar på, men sidan kleber har så stor og lang tradisjon i Noreg, så har vi altså valt å gjere nok eit spennande eksperiment: Ein kalkomn laga i kleberstein! I tillegg til gryter, bygningsstein og fleire andre ting, så vart faktisk kleber i nytta til smelteomnar/masomnar frå 1600-talet til langt innpå 1900-talet. Mellom anna til foring og svært forseggjorte «topplokk».

Inne i et kråkeslott der kleberstøvet ligg tjukt: Saghuset på Sagflaten i Sel. Foto: Per Storemyr
Inne i et kråkeslott der kleberstøvet ligg tjukt: Saghuset på Sagflaten i Sel.

Industriomnar og kleber
Kleberstein for smelteomnar vart produsert på fleire stadar i Noreg frå slutten av 1800-talet, ikkje minst i Otta-distriktet, som har landets største klebertradisjonar. Her har det vore drift i fleire titals steinbrot, helt sidan vikingtida og sikkert lenge før – og her vart det produsert foringstein i tusental for industriomnar verda over i eit heilt spesielt saghus, på Sagflaten, rett ved Sel. For kleber er så mjuk at han utan vidare kan sagast, med alt frå ei enkel stikksag til store rammesager, sirkelsager og diamantsager.

Saghuset på Sagflaten
Saghuset på Sagflaten var i drift frå 1918 til 1982. Då forlèt arbeidarane huset og flytta ned til Otta. Ei ny tid var i emning og ingen tenkte noko særleg på å rydde opp. Og takk for det! For i dag står saghuset som eit kråkeslott av eit minne. Opnar ein døra, trår ein inn i ei svunne tid, nett som om huset vart gløymd for 40 år sidan.

Her møter ein solid gründerand i eit totalt fråvær av moderne HMS. Her står mange eldre steinsager under et tjukt lag av kleberstøv i eit vaklande, uisolera bygg som kvar vinter trugar med å gje etter for snøen som samlar seg på taket. Korleis var det å jobbe her i i 35 minusgrader om vinteren? Ekstra tøffe må dei ha vore, karane, for det var visst ikkje mykje sjukdom på dei.

Torbjørn Løland og Kjell Voldheim ved eit av Noregs mest spesielle industrikulturminne: Saghuset på Sagflaten ved Sel. Foto: Per Storemyr
Torbjørn Løland og Kjell Voldheim ved eit av Noregs mest spesielle industrikulturminne: Saghuset på Sagflaten ved Sel.

Vår kjentmann, Kjell Voldheim, kunne fortelje at lokale aktørar no jobbar med å sikre det vaklevorne saghuset for framtida, saman med Riksantikvaren, Fortidsminneforeningen og Kulturminnefondet. Det er svært prisverdig! For det finnast ikkje maken i Noreg, kanskje ikkje i heile verda.

Ei linje til Hyllestad
No vil det i framtida òg gå ei linje frå saghuset, til Otta og vidare heilt til Hyllestad: Vi har no bestilt 8 tonn tilskoren stein hos Norsk Kleber, meist frå det no nedlagde brotet oppe på Pillarguri. Siste veka i juni kjem det gode murarar og kalkfolk frå Trondheim, Hamar, Oslo og Stavanger for å hjelpe med å bygge om kalkomnen i Kvernsteinsparken med all kleberen – og med vår eigen kalk frå brenninga i fjor.

Vi kjem attende med oppdateringar. Fylgj med! Og velkomen til kalk & kleber i Kvernsteinsparken 24-30 juni!

Tusen takk til Kjell Voldheim for framifrå selskap! Og takk til Frode og Arnfinn hos Norsk Kleber for avtale om 8 tonn tilskoren kleber!

Tekst og foto: Per Storemyr

Vidare lesing om kalkomnen i Kvernsteinsparken:

Vidare lesing om kleber på Otta og saghuset på Sagflaten:

Kalkomnsprosjektet i Kversteinsparken støttast av Riksantikvaren

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.