Leire frå Askvoll for å reparere kalkomnen i Kvernsteinsparken

Blåleira i Vårdal i Askvoll er knallhard! Tung hakke og godt mot! Foto: Torbjørn Løland
Blåleira i Vårdal i Askvoll er knallhard! Tung hakke og godt mot! Foto: Torbjørn Løland

Kvernsteinsparken formidlar historia om kvernsteinsbrota i Hyllestad. Men vi jobbar òg med formidling av anna bergverkshistorie. Den handlar ikkje minst om gamle teglverk, der lokal leire vart teke i bruk for å lage byggestein og takpanner. Og leire treng ein til å bygge omnar som skal tåle høg temperatur. Difor tok vi ein tur til Askvoll, til dei viktigaste gamle teglverka på Vestlandet, Helle og Vårdal ved Holmedal. Teglverka vart lagt ned for mange år sidan, men det er framleis mykje leire her. Vi grov ut 150 kg i Vårdal. Leira skal brukast til å reparere kalkomnen i Kvernsteinsparken i slutten av juni.

Teglverka ved Helle og Vårdal var i drift frå 1890-talet til om lag 1970. Dei er ein del av historia om gründerverksemda i Holmedal og Askvoll, ja i heile Dalsfjorden i Sunnfjord. Leira var i grøvste laget, som på heile Vestlandet, og verka var nokre av dei få mellom Rogaland og Trøndelag. Dei forsynte m.a. Bergen med tusentals teglstein for å bygge byen. Helle og Vårdal var klassiske industriar som baserte seg på lokale råvarer, blåleire avsett på fjordbotnen under siste istid. Det var oppturar på verka, men forferdeleg mange nedturar grunna alt i frå tekniske problem til marknadsituasjonen. Det er ei bragd at verka klarte å halde det gåande i 80 år. Dei ga arbeid til mange, mange folk.

Vårdal teglverk i glansdagane, truleg på 1950-talet. Foto: Telemark Flyselskap AS, frå nettsida til Helle kulturverk
Vårdal teglverk i glansdagane, truleg på 1950-talet. Foto: Telemark Flyselskap AS, frå nettsida til Helle kulturverk
Hamna og moloen i Vårdal i dag, bygd med store mengder vrakstein frå teglverket.
Hamna og moloen i Vårdal i dag, bygd med store mengder vrakstein frå teglverket. Foto: Per Storemyr

Historia til teglverka er nedskrive og formidla av fleire historikarar og entusiastar, ikkje minst Kjell Eikemo (sjå lenker under). No har vi vorte kjend med denne viktige historia. Og sidan det ikkje finst god nok leire for å lage ildfastmørtel i Hyllestad, måtte vi berre ta oss ein tur til Vårdal for å grave ut nokre kilo. Leira skal brukast til å lage mørtel som toler meir enn 1000 grader. Ho skal brukast til å reparere kalkomnen i Kvernsteinsparken siste veka i juni 2018.

Vi grov i eit par timar. Leira er hard! Det var ikkje heilt enkelt å finne den beste staden for å grave leire, men vi fekk hjelp av Cecilie Utne. Cecilie har i mange år jobba for å gje Vårdal teglverk nytt liv. Det gamle verket brann og vart rive i 1990, men på tomta jobbar Cecilie og kompanjongar for å utvikle ferie- og turiststaden fjordlagunen.no; camping og hytter og meir. Og her har dei etablert Verket Pub og ein kafé. Molo har vorte bygd med mykje gammal teglstein – vrakstein frå drifta!

Verket Pub i Vårdal ligg idyllisk i den einaste av bygningane som er att frå den gamle tegldrifta.
Verket Pub i Vårdal ligg idyllisk i den einaste av bygningane som er att frå den gamle tegldrifta. Foto: Per Storemyr

Det er framleis gründerånd i Holmedal! Den tek vi med oss til Kvernsteinsparken for å reparere kalkomnen! Så håpar vi berre at leira ikkje er for grov.

Tusen takk til Cecilie Utne, Kjell Eikemo og Kurt Rutledal for hjelp til å spore opp leire.

Tekst: Per Storemyr

Lenker til historia om teglverka Vårdal og Helle:

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s