Sand frå Loneland til kalkomnen i Kvernsteinsparken

Loneland – eit klassisk sandtak.
Loneland – eit klassisk sandtak.

Ein treng mange materialar til eit restaureringsarbeid på ein «gammal» kalkomn, som den i Kvernsteinsparken: Eldfast naturstein, vanleg naturstein, leire, brentkalk, treverk, jarn. Og mange verkty; hammar og meisel, sag, mureverkty, spikar, tommestokk, bøtter og spann – vatn! Har vi gløymd noko? Sand! Vi treng sand for å lage god, gammaldags kalkmørtel; til fuging og pussing, til å mure stein! Difor tok vi ein tur til Ola Kjell Loneland og det største sandtaket i nærleiken, på Loneland, i Fjaler, nær grensa til Hyllestad.

Sand, pukk og grusressursar i HAFS-regionen. Loneland ligg rett sør for Flekke. Kart: NGU.
Sand, pukk og grusressursar i HAFS-regionen. Loneland ligg rett sør for Flekke. Kart: NGU.

Ola Kjell Loneland har jobba med sand i fleire tiår. Han veit korleis sand til muring og pussing skal vere. Han har levert til prosjekt i heile regionen. Men det er ikkje gode tider på Loneland. Folk vil sjeldan ha rein natursand til murejobbar no for tida, dei vil ha ferdigprodukt i sekkar frå store nasjonale og internasjonale leverandørar. Lokal sand frå Loneland vert no mest brukt på leikeplassar og i sandkassar til ungane.

Difor slår vi eit slag for Ola Kjell og sand på Loneland! Vi slår eit slag for lokal produksjon! På Loneland er det framifrå sand som kan brukast til murejobbar. Vi skal bruke sanden saman med kalken vi brende i fjor til å lage muremørtel og pussmørtel for å reparere kalkomnen i Kvernsteinsparken siste veka i juni. Det er ikkje så mykje sand vi treng. Så kjem det mange gode murarar frå andre stadar i Noreg med andre brentkalkar. Dei skal og blandast med sand frå Loneland og brukast til å reparere kalkomnen.

Sanden frå Loneland må siktast for at vi skal få gode produkt. Gjennom eit 4 mm sikt får vi god muresand, kanskje blir det fin sand til ein «edelpuss» på kalkomnen om vi siktar på 2 mm? Vi skal eksperimentere. Og så kjem resultata til nytte innan restaurering av gamle steinbygningar i Noreg.

Kart over sand- og grusførekomstane på Loneland. Oransje er sikker avgrensning, lys oransje er sannsynleg avgrensning, fiolett er ressursar for pukk. Kart: NGU
Kart over sand- og grusførekomstane på Loneland. Oransje er sikker avgrensing, lys oransje er sannsynleg avgrensing, lilla er ressursar for pukk. Kart: NGU

Sanden – og grusen – på Loneland er nok avsett i eit delta i slutten av den siste istida, for meir enn 10 000 år sida. Den gongen frakta breelvane store mengder sand og grus ut til havet. Elvene eroderte berggrunnen oppstrøms og la frå seg sand og grus når dei møtte havet. I databasen og kartkatalogen til Norges geologiske undersøkelse (NGU) kan vi lese om Loneland:

«Deltaavsetning med godt sortert og lagdelt sand-/grusmateriale med dominans av sand. Noko stein. Mot nordaust ser det ut til at massane inneheld meir finsand og silt. Fallprøver viser at materialet er mekanisk sterkt. Rett sør for avsetninga på begge sider av elva er det mindre avsetninger med tilsvarande materiale.»

Sand er altså ikkje «berre sand». Sand er vitskap! Og sand er ikkje ein «uendeleg» ressurs. Verdas sandførekomstar er i sterk nedgang, vi brukar for mykje! Til vegar, til betong, for å byggje hus, til all infrastruktur som eit moderne samfunn treng. Vi brukar uendelege mengder sand!

Bilen vert fylt opp med eit lass med sand for testing. Seinare kjem vi att for å hente meir.
Bilen vert fyld opp med eit lass med sand for testing. Seinare kjem vi att for å hente meir.

Difor er det viktig at lokal sand vert brukt til lokale prosjekter (om det framleis er sand der ein bur!). Slik vart det gjort gjennom store delar av historia, berre ikkje nett no. Brukar ein lokal sand kan ein få eit forhold til sand som ressurs, og transporten vert kortare og meir miljøvenleg.

Ein kan fort skjøne at om all sand på Loneland vert vekke, så er ikkje Loneland lenger den staden vi kjenner. Og då skjøner vi at at også sand i framtida må brukast med vett: Vi kan ikkje lenger berre kaste mobiltelefonar, bilar og plastikk. Alle materiala i desse produkta skal gjenbrukast, erstattast med andre material som det er meir av eller som lettare kan gjenbrukast, slik at samfunnet kan verte berekraftig.

Det er det same med sand. Sand kan ikkje brukast utan tanke på verda etter oss.

Kjelder

Tekst og foto: Per Storemyr

Kalkomnsprosjektet i Kversteinsparken støttast av Riksantikvaren

One thought on “Sand frå Loneland til kalkomnen i Kvernsteinsparken

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.