
Audun Oppedal har vore ein av Kvernsteinsparkens store støttespelarar i mange år. Og no har han kalka sauefjøsen sin med brend Hyllestadkalk. Frå kalkomnen i Kvernsteinsparken. Ei bøtte med brentkalk, lesking med vatn på staden. Det vart til tjukk måling for to strok på 60 kvadratmeter fjøsveggar. Nett som i gamle dagar. «Eg hugsar at bestefar min og far min kalka fjøsen kvart år for å gjere det reint og kvitt og fint. No vil eg gjere det same.» Grunnen er at moderne produkt ikkje kan måle seg med tradisjonskalk. Så no er fjøsen til Audun ein del av Kvernsteinsparkens kalkomnsprosjekt, som vert støtta av Riksantikvaren.
Det er mykje drit i ein fjøs. Mykje drit. Difor må ein drive godt reinhald og vedlikehald. I gamle dagar vart veggane i fjøsen måla med kalk kvart år. Brend og leska kalk er desinfiserande, han er sterkt alkalisk, har pH 14 og tek knekken på bakteriar og sopp og drit og lort. Samstundes er han ei god og dekkande måling. Ei måling som gjer det lyst og fint på det gamle viset. Ikkje blygrå sement…
Men tradisjonell kalking av fjøs er i sterk nedgang. For no har me sement og alskens ferdigprodukt som ein kan kjøpe i butikken eller bestille med eit tastetrykk på internett. «Det er ikkje gode produkt», meiner Audun. «Dei er for tette og for sterke og kan ramle ned etter nokre månader» Det vert ikkje fint heller.
Audun gjekk til verks med høgtrykkspylaren i fjøsen sin, der murane stort sett vart bygde med gråsteinsmurverk i 1937. På hausten i fjor spyla han vekk all dårleg sementslemming som opp gjennom åra hadde festa seg dårleg. Så let han det torke opp. Og så leska han brentkalken frå omnen i Kvernsteinsparken med vatn og laga seg kalkmåling, eller rettare: kalkslemming. Han gjorde det på augemål. Som han hugsa det frå bestefar sin og far sin.
Her er det ikkje Audun Oppedal, men Oddvin Kverhellen – som leskar nybrend Hyllestadkalk under brenninga i kalkomnen i Kvernsteinsparken (juni 2017).
Etter leskinga: Først eit strok som grunning, så eit nytt strok dagen etterpå, når grunninga hadde festa seg. For å gjere det fint.
Det vart fint. Det er fint. Etter eitt år er det ingen teikn til skadar. Kalken held godt, men han har fått misfarging i dei delane av fjøsen som har murverk i bakken. Det er normalt. For i bakken er det vatn og vatnet tek med seg så ymse. Det viktige er at kalken held seg på plass! Og det gjer han!



Og no skal det snart kalkast igjen på Sæsol. Eitt år har gått. Til hausten er det tid for vedlikehald og fornying. Så vert fjøsen lys og fin og – rein! Med lokal Hyllestadkalk.
Til alle bønder og dei som har ein fjøs: Kom til Kvernsteinsparken, så skal det bli kalk! Vi byggjar no om omnen så han skal tole brenning av tradisjonskalk i mange år. Slik skal me gje dykk den kalken de treng! Og me skal og lage kalk til restaurering av gamle byggverk av stein i Noreg. Om lukka står oss bi.
Tekst og foto: Per Storemyr
Kalkomnprosjektet i Hyllestad er støtta av Riksantikvarens program for bevaring av ruinar.
Her er historia om bygging av kalkomnen og brenning i Kvernsteinsparken:
- Bygging av omn og brenning i 2017 (på engelsk)
- Høyr NRK-programmet «Museum» om kalkomnen (1. juli 2017)
Og her er artiklar om vidareføring av prosjektet i 2018:
- Riksantikvaren og «kalk-Norge» støtter videre arbeid med den «middelalderske» kalkovnen i Kvernsteinsparken!
- HOTMIX! Nybrent Hyllestadkalk leskes og testes som restaureringsmørtel på Stavanger domkirke
- Til Otta for å sjå på kleberhistoria – og handle kleberstein!
- Leire frå Askvoll for å reparere kalkomnen i Kvernsteinsparken
- Sand frå Loneland til kalkomnen i Kvernsteinsparken
One thought on “Gjer som Audun Oppedal: Kalk fjøsen med Hyllestadkalk frå omnen i Kvernsteinsparken!”