Velkommen til Per Christian som ny formidlingsleiar i Kvernsteinsparken!

Per Christian Burhol i Kvernsteinsparken: Fyrste dag på jobben i går, med mange besøkande i Parken.
Per Christian Burhol i Kvernsteinsparken: Fyrste dag på jobben i går, med mange besøkande i Parken.

I desse dagar treff du på vår nye formidlingsleiar i Kvernsteinsparken. Per Christian Burhol heiter han, og vi er veldig glade for å ha fått ein så kompetent medarbeidar etter Torbjørn Løland som gjekk over på AFP i vår.

Per Christian er frå Elverum og har mastergrad i arkeologi frå Universitetet i Bergen (2012). Han har jobba som avdelingsleiar både ved Vest-Agder-museet, avdeling Lista og Måsøy museum i Finnmark. No kjem han igjen til eit lite sted i utkanten! Han trivst vel med det!

Men Sogn og Fjordane er ikkje noko ukjend fylke for Per Christian. Mastergraden sin tok han på dei gamle reinfangstanlegga i Fresvikfjella (sjå oppgåva i Bora) og han har vore feltleiar for arkeologiske prosjekt i fylkeskommunen. Så Hyllestad er kanskje litt som å komme «heim»!

Per Christian har stor og variert erfaring med formidling av arkeologi og historie, og vi er spesielt glade for at han er nokså «steingal». Han kan mellom anna knakke flint. Med tid og stundar fiksar han nok ei kvern eller to også! Han seier sjølv at han har fått draumejobben, der han kan få jobbe både praktisk og teoretisk med det han likar best. Kvernsteinsparken er jo eit av dei få, vel det einaste, fast bemanna steinbrotmuseum i Noreg.

Med seg på flyttelasset har han sin Jenny Konecny, opphaveleg frå Canada, som har fått seg jobb som lærar på Våge skule i Fjaler. Dei har busett seg i «Gamle» Hyllestad og, som vi ser på sosiale mediar, så er dei på utkikk etter tomt eller hus til å kjøpe. Det lover bra for framtida!

Vi ønsker Per Christian og Jenny velkommen og lukke til med livet i Hyllestad og Fjaler! Vi gler oss til godt samarbeid i åra som kjem, så vi saman kan utvikle Norsk Kvernsteinsenter og Kvernsteinsparken.

Tekst og foto: Per Storemyr

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.