UNESCO Global Geopark i HAFS? Studietur til Italia og Sveits

Her diskuterer dei godt om ein mogleg UNESCO Global Geopark i HAFS. På ein benk i ein geopark i Italia. Alle ordførarane i HAFS og kultursjefen i Fjaler. Foto: Trude Søilen.
Her diskuterar dei godt om ein mogleg UNESCO Global Geopark i HAFS. På ein benk i ein geopark i Italia. Alle ordførarane i HAFS og kultursjefen i Fjaler. Foto: Trude Søilen.

HAFS Regionråd og arbeidsgruppa for UNESCO Global Geopark i HAFS har vore på studietur. Vi besøkte Sesia Val Grande UNESCO Global Geopark i Nord-Italia og Entlebuch UNESCO Biosfærereservat i Sveits. Målet var å studere korleis parkar er organisert og kva effektar dei har for samfunn og næringsliv. Geoparkar, Biosfærereservatar og Regionalparkar er tre parktypar som alle er basert på den same ideen: Å vere motor for ei positiv, berekraftig samfunnsutvikling. Sånn vil vi ha det i HAFS!

Med på laget var alle ordførarane i HAFS, fleire andre regionale aktørar og  styreleiar i Norske Parker, Eivind Brenna, som rikte turen med verdifull informasjon om Regionalparkane i Noreg og eigen erfaring frå Valdres Natur- og Kulturpark. Organisator og reiseleiar var Franziska Rüttimann frå Norsk Kvernsteinsenter/Kvernsteinsparken.

Eivind Brenna, styreleiar i Norske Parker, informerer om Regionalparkane i Noreg. Eit flammande innlegg! Foto: Franziska Rüttimann
Eivind Brenna, styreleiar i Norske Parker, informerer om Regionalparkane i Noreg. Eit flammande innlegg! Foto: Franziska Rüttimann
På ein heilt spesiell sanseleg sti i Entlebuch i Sveits. Dette er og geopark. Reiseleiar Franziska Rüttimannn førar an. Foto: Trude Søilen
På ein heilt spesiell sanseleg sti i Entlebuch i Sveits. Dette er og geopark. Reiseleiar Franziska Rüttimannn førar an. Foto: Trude Søilen

Møte med grasrota

I løpet av tre dagar møtte vi parktilsette, kommunetilsette, ein ordførar og mange representantar for lokalbefolkninga, først og fremst bønder. Spesielt interessant var besøket i Entlebuch UNESCO Biosfærereservat som har eksistert i 15 år og som gjeld som førebilete og modell for både Geoparkar, Biosfærereservat og Regionalparkar.

Erich og Jole Unternährer med sine 5 barn driver den økologiske garden «Hof» i Romoos i Entlebuch og lever m.a. av gardsturismen. Unge familiar frå byen ferierer på garden og opplev gardsdrifta og naturen på nært hald: Foto: Franziska Rüttimann
Erich og Jole Unternährer med sine 5 barn driv den økologiske garden «Hof» i Romoos i Entlebuch og lev av gardsturisme. Unge familiar frå byen ferierer på garden og opplev gardsdrifta og naturen på nært hald: Foto: Franziska Rüttimann
Entlebuch, Sveits: Jordbruk og melkeproduksjon står sterkt. Foto: Trude Søilen.
Entlebuch, Sveits: Jordbruk og mjølkeproduksjon står sterkt. Foto: Trude Søilen.

Solid auke i antall arbeidsplassar

I Entlebuch har Biosfærereservatet utvikla regionen til eit attraktivt reisemål med tallause tilbod for alle slags målgrupper og å etablere merkevara «Ekte Entlebuch» for lokalt produserte matvarer. I følgje vitskapelege evalueringar har dette i løpet av åra ført til ca. 100 nye arbeidsplassar innan reiseliv og jordbruk og 300 nye lokalprodukt frå 60 ulike produsentar.

I staden for vanlege mjølkekyr satsast det på denne garden i Entlebuch på vannbøfflar. Dyreholdet krev mykje, men så blir bonden kompensera med ein høg mjølkepris. Her vert det buffalomozarella! Foto: Trude Søilen.
I staden for vanlege mjølkekyr satsast det på denne garden i Entlebuch på vannbøfflar. Dyreholdet krev mykje, men så blir bonden kompensera med ein høg mjølkepris. Her vert det bøffel-mozarella! Foto: Trude Søilen.

Stoltheit og identitet

Christine Bouvier, ordførar i den største kommunen i Entlebuch seier: «Det er i dag ikkje lengre mogleg å tenkje seg region vår utan Biosfærereservatet. Før var vi ein av dei fattigaste regionane i Sveits med få perspektiv. I dag er vi stolte av å vere frå Entlebuch og av parken vår!»

I den tidlegare banken her i Roomos i Entlebuch har innbyggjarane innretta ein liten butikk med lokalvarer og handverksprodukt. Dei har og laga ei utstilling, og her finn du informasjon om heile bygda. Enkelt. Greit. Eit godt tiltak. Foto: Franziska Rütimann
I den tidlegare banken her i Roomos i Entlebuch har innbyggjarane innretta ein liten butikk med lokalvarer og handverksprodukt. Dei har og laga ei utstilling, og her finn du informasjon om heile bygda. Enkelt. Greit. Eit godt tiltak. Foto: Franziska Rütimann

Studieturen ga inspirasjon og mange verdifulle idear for vegen vidare mot ein UNESCO Global Geopark i HAFS. Tusen takk til Ilaria, Tullio, Marco og Edoardo i Sesia Val Grande og til Florian, Urs, Pia, Toni, Sabrina, Erich, Jole, Ueli, Christine, Regula og Bruno i Entlebuch.

Og stor takk til alle frå HAFS som var med på studieturen! Dette får vi til!

Tekst: Franziska Rüttimann

Det omfattande programmet for studieturen (17-21 september 2018) kan lastast ned her.

*

Utvikling av ein UNESCO Global Geopark i HAFS-regionen

Arbeidet med å utvikle ein UNESCO Global Geopark i HAFS-regionen drivast av HAFS regionråd og leiast av Gunhild Berge Stang. Ho held styr på ei lita arbeidsgruppe som jobbar fælt. Tidlegare i år vart rapporten «UNESCO Global Geopark i HAFS-regionen: Eit nytt fyrtårn for HAFS og Sogn og Fjordane?» utgjeve i serien «Kvernsteinsparkens skrifter». Forfattar var Franziska Rüttimann og rapporten tok føre seg føresetnader (den framifrå geologien!) og moglegheiter (m.a. næringsutvikling, reiseliv) for ein Geopark. Kvernsteinsparken og Sognefjorden Kystpark er motorar i utviklinga og alle HAFS-kommunane er med. Studieturen til Italia og Sveits var del av eit forstudium. Neste steg er å utarbeide eit forprosjekt for å konkretisere ein HAFS Geopark. I forprosjektet skal næringslivet, politikarar, lag og organisasjonar koplast på i størst mogleg grad. Forprosjektet skal gje grunnlaget for eit hovudprosjekt, realisering av Geoparken – og drifta av han.

Bilete frå studieturen, frå Sognefjorden Kystpark

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.