Ei lærerik kalkbrenning saman med Arkeologisk Museum ved Universitetet i Stavanger

Lawrence lagar frukost på kalkomnen. Herleg!
Lawrence lagar frukost på kalkomnen. Herleg!

Helga 8-10 mars brann vi kalk for fjerde gong på 5 månader i testomnen i Kvernsteinsparken. Brenninga kom i stand som eit samarbeid med Arkeologisk Museum i Stavanger. Ho starta eigentleg ei veke tidlegare, med jakt på marmor for brenning på øya Talgje og i Hafrsfjord i Rogaland. Vi fann ei åre på Talgje. Så kom stavangerfolket med ei tønne marmor for å brenne. Det vart ei lang og tung, men svært lærerik brenning.

Marmor i Rogaland. Domkyrkja. Jarnaldargarden

Rogaland har ikkje mykje marmor/kalkstein og vi veit enno ikkje kor råstoffet til muring av dei mange mellomalderkyrkjene i fylket kjem i frå. Men det er ei god åre av dolomittmarmor på øya Nord-Talgje. Denne marmoren har vi tidlegare brend i testomnen i Kvernsteinsparken. Det vart bra kalk av denne åra og han er til testing av stavangerfolket, med tanke på bruk ved den pågåande restaureringa av Stavanger domkyrkje.

Kalkspatmarmor finn ein m.a. i tynne årer i området kring Hafrsfjord og på øya Talgje (Sør-Talgje). Vi labba og gjekk med geologisk kart og fann ein bra plass rett ved den fine mellomalderkyrkja på øya. Her fekk vi løyve av grunneigar, kyrkjetenar Jostein Gard, til å bryte ut nokre bitar. Det er veldig urein, blågrå marmor, men vi ville prøve, sjølv om vi ikkje er sikre på om marmoren har vore nytta tidlegare.

Bjørn og Lawrence bryt marmor på øya Talgje i Rogaland
Bjørn og Lawrence bryt marmor på øya Talgje i Rogaland
Urein marmor frå Talgje. Det kvite er kalkspat. Det grålege og svarte er ei blanding av kalkspat, glimmer, kvarts, amfibol og jarnsulfid. Marmoren har kanskje 80-90% kalkspat.
Urein marmor frå Talgje. Det kvite er kalkspat (CaCO3). Det grålege og svarte er ei blanding av kalkspat, glimmer, kvarts, amfibol og jarnsulfid. Marmoren har kanskje 80-90% kalkspat.
Marmoren på Talgje har ei brunleg vittringsfarge. Det kjem av oksidasjon av jarnsulfid. Fargen på den ferdig brende og leska kalken vert ofte lik vittringsfargen.
Marmoren på Talgje har ei brunleg vittringsfarge. Det kjem av oksidasjon av jarnsulfid. Fargen på den ferdig brende og leska kalken vert ofte lik vittringsfargen.
Marmorjakt på øya Hagøyna i historiske Hafrsfjord i Rogaland. Her er det tynne "benkar" av kalkspatmaror. Men her er det ikje mogleg å bryte marmor. Her er fuglereservat og mange kulturminne.
Marmorjakt på øya Hagøyna i historiske Hafrsfjord i Rogaland. Her er det tynne «benkar» av kalkspatmarmor. Men her er det ikkje mogleg å bryte marmor. Her er det fuglereservat og mange kulturminne.

Om det vert bra kalk, så er Talgjemarmor og andre aktuelle til kalkmåling på eit heilt spesielt hus: Jarnaldargarden. Eit rekonstruert hus frå jarnaldaren på Ullandhaug i Stavanger. Vi har ikkje prov på bruk av kalkmørtel/kalkmåling frå jarnaldaren og vikingtida i Noreg. Det tidlegaste vi veit om i Norge er frå tidleg mellomaldar i Trondheim, ca. år 1000. Men i Danmark har ein funne kalkomnar frå ca. 800 e.Kr. Så det er ikkje umogleg at dette gjekk føre seg også i Noreg på same tida. Vi har berre ikkje funne det enno.

Kalkovnsmiljøet i Kvernsteinsparken tar form. Miniovnen er under hvitting med egenbrent Hyllestadkalk.
Kalkomnane i Kvernsteinsparken under bygging i 2018. Testomnen framst.

Testomnen i Kvernsteinsparken

Storomnen og testomnen i Kvernsteinsparken er bygde for å leggje til rette for at kalkbrenning som tradisjonshandverk vert gjenoppdaga og vidareført. Samstundes er testomnen ein vitskapeleg omn. Her kan vi på kort tid, 24-36 timar, brenne ulike typar kalkstein, marmor og skjel i ein tilnærma tradisjonell, open vedomn, og så teste brentkalken til restaurering. Sidan han vart bygd, sommaren 2018, har vi t.d. brend (sjå alle rapportar her):

  • Hyllestadmarmor
  • Skaftåmarmor frå Osterøy
  • Eidemarmor frå Møre
  • Dolomittmarmor frå Nord-Talgje i Rogaland
  • Kamskjel frå Hyllestad
  • Skjel av stillehavsøsters frå Vestfold

Alle desse marmor- og skjeltypane har ulike eigenskapar, dei leskar svært ulikt og dei vert no testa til mørtel, puss og måling av fleire folk og institusjonar i nettverket vi har bygd: I Bergen, i Stavanger, i Trondheim, på Hamar, i Ålesund, på Selja kloster – og hos oss i Hyllestad. Testing er ein langvarig prosess. For mørtel, puss og måling må tåla ein vinter eller to. Dei må klare frosten! Og dei må ha rett farge.

Forarbeid og brennstart

Som vanleg kom Jan Erik Hatlem i Vestskog med ein sorsekk bjørkeved eit par dagar før brenninga. Veden var ikkje heilt optimal, med eit fuktinnhald på 16-17%. Men det er om lag det beste vi kan få i fuktige Hyllestad, om ikkje veden er lagra innandørs i eit oppvarma rom. Så vart kalkomnen reparert med leireklining dagen før brenninga kunne starte.

Skada kalkomn etter brenning av østersskjel i februar 2019
Skada kalkomn etter brenning av østersskjel i februar 2019
Urein marmor frå Talgje på plass i omnen, som no er reparert med leireklining.
Urein marmor frå Talgje på plass i omnen, som no er reparert med leireklining.
Solveig, Larence og Sverre er klåre for brenning
Sólveig, Larence og Sverre er klåre for brenning

På morgonen fredag 8. mars la vi inn all marmor som Sólveig, Sverre og Lawrence frå Arkeologisk Museum hadde tatt med frå Talgje. Men det vart ikkje nok til å fylle omnen, så vi toppa med grov, kvit marmor frå Osterøy og litt Hyllestadmarmor. Vel 100 kg marmor totalt. Meir får vi ikkje plass til i testomnen.

Vi starta brenninga kl. 12:00. I byrjinga gjekk det så det suste! Aldri har vi hatt ei så stor temperaturauke: nesten 800 gradar på 2 timar! Fukta frå den blaute marmoren brann vekk i nordavinden!

Starten på brenninga var god! Her brenn fukta av marmoren.

Ein kalkomn må ha trekk! Testomnen er byggja slik at nordavinden gjev god trekk. Vind frå sør er eit problem. Og det var slik vind vi fekk i mange av dei neste 24 timane.

Kalkbrenning er hardt arbeid

Etter 6-7 timar var vi oppe i dei naudsynte 850 gradar nedst i omnen. Men vi fekk ikkje temperaturen høgt nok opp i dei øvste delane. Vi hadde vanskar med trekken av di vinden kom frå sør, men vi meinte at dette ikkje kunne vere heile årsaka. Så dagen gjekk med til å sprengfyre og spekulera: Kunne det vere at vi hadde pakka marmoren for tett i omnen, slik at det kom for lite luft gjennom?

Hustrig i starten av brenninga!
Hustrig i starten av brenninga!
Meir ved!
Meir ved!

Flammane slo ut frå omnsopninga, det var heitt og vi byrja å fyre på ein betre måte enn tidlegare: Vi la inn veden på kryss og tvers slik at vi fekk meir luft kring kvar kubbe. Då måtte vi ikkje ta ut oska så ofte og vi held temperaturen opp mot 950 gradar nedst i omnen. Men oppe var det ikkje meir enn 5-600 gradar. Det gløda heitt og fint i marmoren, men det hjelp ikkje stort når temperaturen ikkje er 850 gradar eller høgare.

Fyring med veden stabla slik at han får luft
Fyring med veden stabla slik at han får luft

Leirelokk og temperaturproblem

Klokka 8 på kvelden la vi på eit lokk av leiremørtel på toppen av omnen. Det er ein tradisjonell metode for å halde temperaturen i ein kalkomn. Men det hjelpte ikkje stort. Temperaturen i den øvste delen ville ikkje gå opp til meir enn 5-600 gradar. Vi hadde og mykje røyk, ein indikasjon på dårleg trekk og at forbrenninga av veden ikkje er god nok.

Leirelokk er lagd på toppen av omnen
Leirelokk er lagd på toppen av omnen

Samstundes var det mykje oransje flammar frå toppen, etter at dei hadde kome gjennom marmorladinga i 7-tida på kvelden. Og nedst i omnen brann det godt; nokre gongar målte vi 1000 gradar med lasermålaren vår. Ein slik målar gjev ikkje heilt korrekt temperatur, men han er god nok til å kunne kontrollere temperaturutviklinga i brenninga – og samanlikna med tidlegare brenningar.

Natta gjennom strevde vi med temperaturen. Men det var god stemning kring omnen, for vi visste jo at temperaturen var høg nok nede i omnen til å få brend den viktigaste marmoren – den frå Talgje.

Morning has broken

På morgonen laurdag gjekk det vidare med same problem. Høge temperaturar nede, låge oppe og mykje røyk. Vi fjerna leirelokket og tok vekk ein del marmor på toppen for å betre trekkforholda. Seinare bygde vi ei enkel pipe av kleberstein kring toppen av omnen.

No også med skorstein på toppen.
No og med skorstein på toppen.

Så tok vi det roleg og Lawrence frå England fiksa frukost. Ikkje heilt Full English, men velsmakande Bacon Sandwich. Takk Lawrence!

Vinden veksla, frå nord og frå sør. På morgonkvisten kom han frå nord, så veksla han igjen, og igjen. Vi sørga for at veden vart lagt inn med mykje luft mellom kubbane. Alt dette gjorde at vi held temperaturen høg nede i omnen og langsamt gjekk han mot 700 grader på toppen. Det tydar på at ein større del av marmoren vil verte gjennombrend.

Sverre kalkbrennar legg på meir ved
Sverre kalkbrennar legg på meir ved

Lang kveld på laurdag

Vi diskuterte. Skulle vi gje oss? Nei, vi brenn vidare! Sjølv om vi hadde «motvind» frå sør, og så vind frå nord, så meinte vi at brenninga kunne verte ein suksess. Topplaget hadde vi gitt opp, det kunne vi ikkje få godt brend, men nede i omnen var det høg temperatur. Vi starta ein liten fest, musikk, laurdag kveld kring omnen.

Stemning ved omnen laurdag kveld
Stemning ved omnen laurdag kveld

Vi diskuterte, meir intenst no som det vart festleg: Vi meinte at årsaka til temperaturproblema på toppen var at vi hadde pakka marmorbitane for tett. Men der tok vi feil, skulle det snart vise seg.

Sengetid ved midnatt, etter brenning i 34,5 timar

Snart vart vi so slitne at vi stoppa heile greia. Fest og fyr. Slutt klokka 22:30. Dette var den lengste brenninga i testomnen vi nokon gong har gjort. Ei arbeidsøkt av dei sjeldne. Fleire av oss fire som var på vakt hadde sove nokre timar innimellom, men særleg mykje var det ikkje.

No sov vi godt! Så gjekk vi på arbeid sundag morgon.

Marmor som løyser seg opp når han vert brend!

Sundag var det eit fantastisk ver, sol frå skyfri himmel, vårleg kring kalkomnen. 100-200 gradar i den brende marmoren, greitt nok til å ta han ut, kjøle han ned og pakke i bøtter og spann.

No fekk vi forklaringa! Marmoren frå Talgje hadde løyst seg opp! Den hadde sprukke opp og «sand» hadde tetta mellomromma mellom bitane vi hadde lagt i omnen. Det same hadde skjedd med marmoren frå Osterøy. Ikkje underleg at det vart så dårleg trekk i omnen!

Tre maskerte tek ut brend marmor
Tre maskerte tek ut brend marmor
Stein som har sprukke til sand og pakka omnen
Stein som har sprukke til sand og pakka omnen

Dette er ein viktig lærdom: Nokre marmortypar held ikkje forma si når dei vert brend. Dei tol ikkje dei høge temperaturane, opp mot 1000 gradar, dei vert «pulveriserte». Og då kan vi ikkje få god trekk i omnen. Han «tettar» seg.

Hemmelegheita

Men kvifor fekk vi så høg temperatur nedst i omnen, i meir enn 24 timar? Vi trur det er av di vi jobba intenst med veden: Vi la han inn på «kryss og tvers», sørgja heile tida for at det var mykje luft kring kvar kubbe. Det er noko vi har lært i Romania, på tradisjonell kalkbrenning. Men vi veit det jo alle: Ved treng luft for å brenne godt!

Dette var ei «jobbebrenning». Mot alle odds, så fekk vi ut godt brent kalk i ein «tett» omn. Det skulle vise seg at 2/3-delar av marmoren i omnen var gjennombrend.

Lesking

Så leska vi kalken. Den ureine, nokså pulveriserte marmoren frå Talgje leska heilt fantastisk. Han gjekk i komplett oppløysing. Men han vart brun/beige. Det er av di det er mykje jarn i marmoren, eller i alle minerala som gjer at han er «urein». Det skal bli spanande å sjå korleis denne kalken kan brukast til restaurering. Arkeologisk Museum i Stavanger jobbar med det!

Marmoren frå Talgje leska så det suste
Marmoren frå Talgje leska så det suste

Marmoren frå Osterøy gjekk og i delvis oppløysing under brenninga. Men han leska heilt flott! Det vart nærast kritkvit kalk! Brent- og leskakalk frå Osterøy er god! Han kan brukast til store restaureringsoppgåver. Men fyrst skal han brukast til å kalke fjøsen på Havråtunet på Osterøy!

Slemming av beige Talgjekalk (t.v.) og kvit Skaftåkalk
Slemming av beige Talgjekalk (t.v.) og kvit Skaftåkalk

Lærdom

Å brenne kalk på tradisjonelt vis er ikkje lett. Omnen skal fungera, det skal vere vind frå god retning, Marmor i omnen skal ikkje sprekke opp, gå i oppløysing. Og om ein har problem, så skal ein fyre slik at ein får mykje luft kring veden.

Men det viktigaste: Material som ikkje tol høg temperatur, som løysast opp, som pakkar omnen, kan ikkje brennast effektivt i tradisjonelle kalkomnar som dei vi har i Kvernsteinsparken. Våre vedomnar er avleggarar av den romerske typen som var vanlege i heile Europa frå Romartida, for 2000 år sidan, til slutten av 1800-talet. Dei er gode for material som «held forma»; som ikkje vert «til sand» under brenninga.

Vi hadde det same problemet då vi brende skjel frå østers tidlegare i vinter. Skjela løyste seg opp, vart til «sand» og «pakka» omnen. Då fekk vi ikkje trekk. Vi fekk ikkje brend skjela. Men vi jobba vidare og fekk brend skjela i ein elektrisk keramikkomn. Den vanskelege leskinga fekk vi og til.

I gamle dagar vart det heilt sikkert brend kalk som vart til «sand» under brenning. Vi veit ikkje heilt korleis slik kalk vart effektivt brend. Kanskje vart omnane bygd opp lagvis, med ved og marmor/skjel? Kanskje vart det brend i store miler?

Temperaturdiagram og logg

Temperaturdiagram for brenninga
Temperaturdiagram for brenninga
Logg for brenninga
Logg for brenninga

Deltakarar på marmorjakt og brenning

Marmorjakta i Rogaland i helga 1-2 mars vart utførd av:

  • Sólveig Jónsdóttir
  • Bjørn Idland
  • Lawrence Dennison
  • Ann Meeks
  • George Murphy
  • Sverre Christoffer Guldberg

…alle frå Arkeologisk Museum ved Universitetet i Stavanger og med…

  • Per Storemyr frå Kvernsteinsparken som geolog og «feltleiar»
  • Jostein Gard, kyrkjetenar i Talgje kyrkje, som kjentmann

Forarbeid og brenning 7-10 mars vart utførd av:

  • Sólveig Jónsdóttir
  • Sverre Christoffer Guldberg
  • Lawrence Dennison
  • Per Storemyr (leiar)

Kåre Eide frå Hyllestad hjelpte gjennom delar av natt til laurdag, og nokre bygdefolk kom innom for å sjå på brenninga. Ole Brekke, som har hjelpt mykje med bygging av omnane, feira sin 70-årsdag i Kvernsteinsparken, og heile det store selskapet vart inviterte til å sjå på lesking av kalk. Frøydis Akse og Mal Dickson i Motvind ordna middag til kalkbrennarane på fredag. I deira airbnb var også stavangerfolket innlosjerte.

Takk til alle som var med å gjere dette mogleg! Ikke minst til Universitetet i Stavanger og Riksantikvaren som støttar prosjektet.

Tekst og foto/video: Per Storemyr

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.