Vi inviterer til Kalknetter og Hyllestadseminaret 26-30 juni 2019. Her er heile programmet

kalknetter2

Vi inviterer deg til Kalknetter i Kvernsteinsparken, med det tradisjonsrike Hyllestadseminaret. Frå onsdag 26. til sundag 30. juni står kalk på programmet i Kvernsteinsparken. Det vert storbrenning i fleire døger, for restaurering av Selja kloster, det vert nasjonalt fagseminar om kalk, det vert demonstrasjonar av kunst og handverk. Noregs og Sveriges fremste kalkfolk er med. Alle er velkomen! Her er heile programmet.

Hovudprogram 26-30 juni

  • Onsdag-laurdag: Storbrenning i den restaurerte kalkomnentil restaurering av Sunnivakyrka på Selja. Start med fanfare kl. 12 onsdag, brenning dag og natt til laurdag.
  • Onsdag-torsdag: Demonstrasjon: gamle måleteknikkar med kalk, fresco/stucco lustro (dagtid, Bent Erik Myrvoll)
  • Onsdag-torsdag: Demonstrasjon: laging av «steinalderskulptur» med kalk (dagtid, George Murphy)
  • Onsdag-torsdag: Minibrenning av østersskjel med kol (dag og natt, Atle Ove Martinussen og Terje Berner)
  • Torsdag-sundag: Etablering av tradisjonell kalkkule og lesking av kalk. Ei grop i bakken i Kvernsteinsparken! (dagtid, Kvernsteinslauget og Tore Granmo)
  • Fredag: Hyllestadseminaret – nasjonalt fagseminar: Småskala kalkbrenning i Noreg i dag – og i morgon. Sjå eige program
  • Sundag: Uttak av brentkalk frå omnen

kalknetter3

kalknetter4Hyllestadseminaret, fredag 28. juni kl. 12-19

Småskala kalkbrenning i Noreg i dag – og i morgon

I Noreg vert det no brend tradisjonskalk på Hamar, i Trondheim, på Agatunet i Hardanger og i Hyllestad. Småskala brenning har og funne stad i Osloregionen og på Røros. Men det finst nesten ikkje tradisjonskalk for sal. Tradisjonskalk vert brukt på staden, til særskilde restaureringsprosjekt.

Det må ein gjere noko med. Vi treng t.d. ein «pool» av ymse tradisjonskalk for sal, som murarar og restaureringsprosjekt kan kjøpe. Om vi ikkje gjer det, så vil murarar og andre aktørar kjøpe NHL, industrikalk eller kalk frå utlandet. Erfaringar visar at mange kjøpar NHL. Vil vi ha det slik i framtida?

Seminaret vil vise erfaringar med småskala kalkbrenning og ein vil diskutere korleis det kan etablerast slik produksjon for sal. Vi vil og trekkje inn erfaringar frå andre land og andre felt, m.a. tjørebrenning og steinproduksjon. Påmelding innan 30.4.2019. Seminaret er ope for alle. Stad: Fleirbrukshuset i Hyllestad sentrum, 200 m frå Kvernsteinsparken.

Program

  • 11:00-12:00    Registrering og lunsj
  • 12:00-12:15    Per Storemyr: Innleiing: Frå bygging av kalkomn til sal av kalk

Erfaringar frå utlandet

  • 12:15-13:00    Henrik Larsson: Kalkbrenning på Gotland og sal av tradisjonskalk i Sverige

Kort kaffipause

  • 13:10-13:40    Jonny Eriksson: Restaurering med lokal tradisjonskalk i Sverige
  • 13:40-14:00    Per Storemyr: Brenning og sal av tradisjonskalk i Romania og Alpane

Kaffipause

Erfaringar frå Noreg

  • 14:30-14:50    Terje Berner: 20 år med småskala brenning av kalk i Noreg. Kva vil vi no?
  • 14:50-15:10    Tore Granmo: Kalkbrenning på Hamar og idear for framtida
  • 15:10-15:30    Chris Pennock: Kalkbrenning for Nidarosdomen og sal av brentkalk
  • 15:30-15:50    George Murphy: Planar for bygging av kalkomn og behov for kalk i Stavanger/Rogaland

Kaffipause

Erfaringar frå andre handverksfelt

  • 16:10-16:30    Inger Marie Egenberg: Erfaringar frå tradisjonell tjørebrenning i Noreg
  • 16:30-16:50    Torbjørn Løland: Erfaringar frå produksjon av kvernstein til ein museumsmarknad
  • 16:50-17:10    Atle Ove Martinussen: Sal av tradisjonsprodukt. Korleis kan ein gjere det?
  • 17:10-17:30    Inger-Marie Aicher Olsrud: Korleis ser Riksantikvaren på sal av tradisjonskalk?

Kaffipause

Diskusjon

  • 17:45-18:30    Korleis etablere sal av tradisjonskalk? Diskusjonsleiar: Morten Stige

Pause

  • 19:30-natt       Festmiddag i Storehuset i Kvernsteinsparken

Bidragsytarar til handverksdemonstrasjonar og Hyllestadseminaret

  • Henrik Larsson, prosjektleiar, Institutionen för kulturvård, Göteborgs Universitet
  • Jonny Eriksson, universitetslektor, Institutionen för kulturvård, Göteborgs Universitet
  • Terje Berner, murmeister, Murmeister Terje Berner & Co, Oslo
  • Tore Granmo, murmeister, Murmeister Tore Granmo AS, Hamar
  • Chris Pennock, restaureringsteknikar, Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider, Trondheim
  • George Murphy, restaureringsteknikar, Arkeologisk Museum, Universitetet i Stavanger
  • Inger Marie Egenberg, avdelingsleiar, Arkeologisk Museum, Universitetet i Stavanger
  • Atle Ove Martinussen, dagleg leiar, Martinussen Tradisjon og Kompetanse
  • Inger-Marie Aicher Olsrud, leiar av Bevaringsprogrammet for ruinar, Riksantikvaren
  • Morten Stige, kulturhistorikar og økonom, Byantikvaren i Oslo/Fabrica kulturminnetjenester AS
  • Bent Erik Myrvoll, stipendiat/kunstnar, Norsk Håndverksinstitutt/Norsk Kunstambulanse, Ålesund
  • Torbjørn Løland, steinhoggar og dagleg leiar, Åfjordstein AS, Hyllestad
  • Per Storemyr, førsteamanuensis/geoarkeolog, Norsk Kvernsteinsenter/Fabrica kulturminnetjenester AS

Alle har stor praktisk og teoretisk erfaring med tradisjonskalk eller anna handverk. Dei fleste er knytt til nettverket kring kalkbrenning som er etablert i Noreg. Mange har vore med på dei seks nasjonale brenne- og handverksamlingane i Kvernsteinsparken sidan 2017.

Her finn du 20 artiklar om alle erfaringane vi har gjort med kalkbrenning i Kvernsteinsparken:

Lesking av kalk ved storomnen i Kvernsteinsparken
Lesking av kalk ved storomnen i Kvernsteinsparken

For publikum

Brenninga i storomnen startar med fanfare kl. 12 onsdag 26. juni. Då vil omnen vere fylt med Hyllestadmarmor som skal brukast til restaurering av Sunnivakyrkja på Selja. Etter at brenninga er ferdig skal kalken fraktast til Selja.

Demonstrasjonar av handverk og kunst, brenning av østersskjel, graving av kalkkule og offentlig føredrag vil gå føre seg nær kalkomnen i dagane frå onsdag til sundag.

Alle desse aktivitetane er ope for publikum og det trengst inga påmelding. Dei er ein del av tilbodet som Kvernsteinsparken har for einskildbesøkjande, grupper, born og familiar. Parken er open som vanleg under Kalknettene. For ei oversikt over billettprisar og andre tilbod, sjå nettsida vår: https://kvernsteinsparken.no/ditt-besok/

For deltakarer på Hyllestadseminaret

Hyllestadseminaret den 28. juni – i Fleirbrukshuset i Hyllestad sentrum, 200 m frå Kvernsteinsparken – er eit nasjonalt fagseminar som er ope for alle. Men vi treng påmelding for å få ei oversikt over tal på deltakarar, også til lunsj og festmiddag.

  • Påmelding skal sendast til post@kvernstein.no. FRIST: 30.april 2019!
  • Påmeldinga skal innehalde: Namn, institusjon, om du skal vere med på middag og om har spesialynskje for mat (allergiar osb.). Og gjerne når du kjem til Hyllestad.
  • Det er inga deltakaravgift, men vi tek ei avgift for lunsj, kaffipausar med frukt og kjeks, og middag. Denne er satt til kr. 400,- og betalast under seminaret (bankkort eller vipps). Avgifta dekkjer også billett til Kvernsteinsparken dei dagane du er her.

Informasjon om reisemåtar til Hyllestad, overnattingsplassar og generell turistinformasjon finn du her: https://kvernsteinsparken.no/turistinfo/.

Ta kontakt om du treng hjelp med reiseopplegg og overnatting.

For bidragsytarar og lokale dugnadsfolk

Kalkbrenninga og andre aktivitetar krev mykje organisasjon og hardt arbeid av mange bidragsytarar og lokale dugnadsfolk. Alle desse vil få spesiell informasjon om det praktiske.

Kontaktpersonar

Oppdateringar og meir informasjon

Velkomen til Kalknetter i Kvernsteinsparken!

Programmet kan lastast ned som PDF HER.

Det er Musea i Sogn og Fjordane/Norsk Kvernsteinsenter og Kvernsteinslauget som skipar Kalknettene, støtta av Riksantikvaren og med Selje kommune og Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider som bidragsytarar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.