Ein kulturminnepris for lokal innsats. Det forpliktar.

Torbjørn fekk kulturminneprisen i lag med Per Olav Mathiesen frå Rendal – av Riksantikvar Hanna Geiran i Stavanger den 29. oktober. Foto: Per Storemyr
Torbjørn fekk kulturminneprisen i lag med Per Olav Mathiesen frå Rendal – av Riksantikvar Hanna Geiran i Stavanger den 29. oktober. Foto: Per Storemyr

Som alle no veit, fekk Torbjørn Løland Riksantikvaren sin kulturminnepris for 2019. Gratulasjonar! Han fekk den for sitt framifrå arbeid med kvernsteinshistoria i Hyllestad og i Noreg. I takketalen sin til Riksantikvar Hanna Geiran og heile kulturminnenoreg delte han prisen med Hyllestad, med kommunen, med bygda. For dette er ein pris som set fokus på betydinga av lokal innsats. Utan lokal innsats, dugnad og entusiasme er det vanskeleg å drive godt kulturminnevern. Utan folk som Torbjørn, utan det han står for, så stopper kulturminnenoreg.

Kulturminneprisen handlar om lokalt kulturminnevern. Torbjørn er ei stjerne på feltet, men han og ingen andre kan gjere dette utan støtte frå både lokalmiljøet og nasjonale kapasitetar. Kulturminnevern handlar om lokal entusiasme, men og om kjølege analyser av fagfolka. Det har Torbjørn fått til i lag med Astrid Waage og mange andre i Hyllestad, i regionen, i heile Noreg, i Europa.

Torbjørn, Astrid og mange andre har drive det så langt at Hyllestad har fått ein UNESCO-nominasjon for 10 kvadratkilometer kvernsteinsbrot. At sjølvaste dronninga opna Kvernsteinsparken. At formidlinga og arbeidet med skuleungdom vert sett på som eit førebilete i kulturminnenoreg. At Hyllestad er ein sjølvskriven kandidat til Riksantikvaren si liste over «Kulturlandskap av nasjonal interesse». At Kvernsteinsparken er vald som «kulturelt fyrtårn» av fylkeskommunen. At ein er blitt eit lite senter for steinhandverk og kalkbrenning. Og mykje anna.

Torbjørn i sitt element. Her frå kvernsteinsbrota på Otringsneset. Foto: Per Storemyr
Torbjørn i sitt element. Her frå kvernsteinsbrota på Otringsneset. Foto: Per Storemyr

Det var Torbjørn som vart heidra av Riksantikvaren. I sin fantastiske takketale delte Torbjørn prisen med heile Hyllestad. Prisen gjekk med det til heile historia og tradisjonen i Hyllestad.

Vi som jobbar i Kvernsteinsparken i dag, er forplikta til å ta dette vidare: Å jobbe i lag med Hyllestad, med dugnadsfolk, men og med fagfolk i Noreg, i Europa, i verda. Vi skal gjere vårt beste.

Riksantikvaren si pressemelding og grunngjeving

Presseomtale:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.