Vandring gjennom kvernsteinsbrot og gammalt kulturlandskap i Hyllestadmarka

Hyllestadmarka. Eit gammalt kulturlandskap. Innan dei raude områda er det meir enn 100 kvernsteinsbrot. Grunnkart: Kartverket. Illustrasjon: Per Storemyr
Hyllestadmarka. Eit gammalt kulturlandskap. Innan dei raude områda er det meir enn 100 kvernsteinsbrot. Grunnkart: Kartverket. Illustrasjon: Per Storemyr

Myklebustbrota i Hyllestadmarka er det nest største samanhengande kvernsteinslandskapet i Hyllestad – etter Rønset. Det er eit gammalt, vakkert landskap med mange «juvelar»: Storbrot, småbrot, ei mengd øydelagde kvernstein. Og det beste er at ein kan gå rett gjennom landskapet langsetter turstien til Brukelia og over til Hyllestadtunet («Gamle Hyllestad»). Ta deg ein tur med born og familie og vener! Under får du informasjon om ikkje berre kvernstein, men òg litt histore om kulturlandskapet. Visste du at Prestegarden var viktig for hogging av kvernstein? Og at det var skeisebane i marka for 50-60 år sia? Til slutt finn du online-kart og praktiske opplysingar. Turen er 3-4 km lang og du kan bruke ein time – eller heile dagen.

Myklebustbrota

Namnet Myklebust kan tyde «den store garden». Han var for 1000 år sia på same staden som prestegarden i Hyllestad ligg no. Her heiter det altså eigentlig Myklebustgarden eller Myklebusttunet; Hyllestad «sentrum» låg fram til tidleg på 1900-talet der Hyllestadtunet («Gamle Hyllestad») no ligg. Alt dette kan du lese om i ein artikkel av Leif Akse i Sogeskrift frå Hyllestad (2019). Myklebustgarden låg under Munkeliv kloster i Bergen i mellomalderen og hadde rettar til utmarka og kvernsteinsbrota i nærleiken. Kyrkjemakta visste jo å nytte verdfulle naturressursar – kvernstein for eksport sto heilt sikkert på lista deira for å skaffe klingande mynt!

Det er ikkje gjort arkeologiske utgravingar, korkje ved Prestegarden eller oppe i Myklebustbrota. Men utifrå det vi veit frå graving i Kvernsteinsparken og på Rønset, så starta nok produksjonen tidleg i vikingtida, på 8-900-talet. Han må ha tatt seg veldig opp mot slutten av vikingtida og i mellomalderen. For det er fleire svære brot og mange spor etter uttak av vasskvernstein.

Hogging av vasskvernstein tok til i overgangen mellom vikingtida og mellomalderen, kanskje innpå 1100-talet. Frå den tida gjekk hogging av vasskvernar og handkvernar hand i hand i Hyllestad. Og som vi veit tok det ikkje slutt før 1000 år seinare – i 1930. Men vi veit ikkje akkurat når det tok slutt i Myklebustbrota, det kan ha vore allereie før Svartedauden i 1349-50.

Kulturlandskapet

Kulturlandskapet i Hyllestadmarka er prega av kvernstein. Det er fordi det går ei «åre» av svært god granatglimmerskifer, sjølve kvernsteinsbergarten, her i marka. Det er fleire tital brot her, det er stiar og vegar som heng saman med produksjonen. Om ein leitar, så finn ein kanskje òg smiar og tufter etter arbeidsbrakker. Ein kan ane stor aktivitet og mykje hardt arbeid. Men det er ikkje lett å sjå i dag. For landskapet har grodd att. Det har òg vore mykje planting av gran i marka på 1900-talet. Ein kan liksom ikkje heilt førestille seg at det eingong jobba mange folk her oppe i lia.

Ein kan heller ikkje førestille seg at det for berre 50-60 år sia enno var stor aktivitet i landskapet. Kyr, sauer og geiter beita her, ein dreiv med slått. Landskapet var mykje meir opent. Folk nytta ressursane i utmarka. Dei jakta, dei hogde ved, dei skar torv til brensle. Du kjem forbi steinhytter der torva vart tørka! Når ho var tørr nok, så blei ho boren heim.

Dette er ikkje lenge sia. Det er eit pust frå den tida då ein hogde kvernstein for 1000 år sia. For då vart nok mange stein frakta på ryggen, men òg med kvennakvist og med slede til hamna i Myklebustfjøra. For å starte på ei lang, lang reise ut i verda.

Her er eit kart du kan bruke for vandringa i Hyllestadmarka. Eller du kan bruke eit online kart lenger nede på sida. Grunnkart: Kartverket. Illustrasjon: Per Storemyr
Her er eit kart du kan bruke for vandringa i Hyllestadmarka. Eller du kan bruke eit online kart lenger nede på sida. Grunnkart: Kartverket. Illustrasjon: Per Storemyr

1 Kvernsteinsparken – start vandring

Du kan starte vandreturen i Kvernsteinsparken eller kor som helst i Hyllestad kommunesentrum. Treng du å parkere bilen, så kan du gjere det i Kvernsteinsparken eller ved Spar Hyllestad. Så går du opp i Myklebustlia, forbi bustadane og til den raudmerka stien ved vasstårnet.

2 Kvernsteinsbekken

Snart kjem du til ein bekk full av kvernstein. Det er sikkert 20 kvernstein her. Stien går gjennom eit stort kvernsteinsbrot. Under torva og i brattkantane på begge sider av stien er det mange brot der steinhoggarane i vikingtida og mellomalderen hogde ut fleire tusen stein både til vasskvernar og handkvernar. Stien går rett over ein øydelagt vasskvernstein der en steinhoggar hogde ut ei lita handkvern! Finn du merka etter kverna?

3 Storbrota

Vidare opp i lia kjem du til dei verkeleg store kvernsteinsbrota. Dei er nesten 10 m høge og vitnar om høgt organisert drift i mellomalderen. Dette er brot som er så store at dei må ha vore i drift i fleire tiår. Du kan tenkje deg eit lag på 10 arbeidarar – fedrar og søner – som held på her kvar dag for å hogge ut kvernstein til Bergen, til andre byar i Noreg og til fleire stader i Nord-Europa. Kvar dag gjekk dei opp og ned den same stien som du nett har gått! Kvar dag hogde dei kvernstein på ein plattform i brotet, høgt oppe i fjellsida.

Og kvar dag gjekk dei for å ete og sove, kanskje i ei stove ved Myklebustgarden, der Prestegarden ligg i dag. Når dei hadde hogd ferdig mange kvernstein, så frakta dei steinane ned til Myklebustfjøra på slede. Så var det ein båt der frå Munkeliv kloster i Bergen som frakta steinane ut i den vide verda.

Vi veit at drifta i storbrota var høgt organisert, kanskje var det ein meister som leia arbeidet. Det har med storleiken på brota å gjere, ein fin veg inn i brota og at alt skrotet ligg i store haugar, vekk frå brota, slik at det gode berget ikkje vart dekt til. Kan du sjå haugane? Dei er minst 5 m høge og ligg framføre brota – i granskogen. Her ligg all steinen som ikkje kunne brukast til kvernstein.

4 Brukelia

Frå Storbrota går du vidare på ein fin sti mot Brukelia. Kanskje stien vart nytta til transport av kvernstein? Du går gjennom gammal beitemark der lauvskogen no veks, du går forbi ei gammal revefelle bygd i stein. Finn du fella, 20 m frå stien, i open lauvskog? Koordinatane er 6820200, -20119, UTM32 for dei som leitar! I fella var det åte og når reven tok det, så fell en steinlem ned og sperra han inne.

Du går vidare oppover og forbi ein gammal brønn ved bekken, gjennom planta granskog. Så kjem du til ein av dei finaste plassane i Hyllestad. Brukelia.

I Brukelia har Torbjørn Løland laga bålplass og gapahuk. Her kan du ta ein rast! Men ver varsam med bålbrenning og slokk godt med vatn frå bekken! Om sommaren er det ikkje lov å brenne bål. Her er det skilta mot «Utsikten» som ligg 50 m unna. Der får du eit flott utsyn mot Lihesten på ein gammal kvernstein! Heile området her er fullt av små kvernsteinsbrot. Du kan leite dei opp!

5 Torvbu 1

Etter rasten i Brukelia går det bratt opp i gammal beitemark nedgrodd med lauvskog, og så kjem du inn i eit langt stykke med planta granskog. No går du mot Kyrkjefjellet. Her er det gamle vegar som ein knapt kan sjå. Var det ei kyrkje her i gammal tid? Ingen har funne att tuftene…

I enden av granskogen ligg ei myr og ei torvbu. Eller rettare: ruinen av ei torvbu. Ein steinsatt firkant som for ikkje så lenge sia truleg hadde treveggar og tak. Her tørka dei torv som skulle brukast til brensle. Myra i nærleiken er full av spor etter torvtaking, du ser dei som små brattkantar. Gå litt utanom stien, så er dei der! Korleis ein i praksis dreiv torvtaking på Skiveneset kan du lese om i ein artikkel av Erna Nesje Storesund i Sogeskrift frå Hyllestad 2018

6 Torvbu 2 og skeisebane (!)

Ikkje langt frå den første torvbua kjem du til ei til. Den ligg ved ei stor myr. Blaut og fæl. Her streva folk med torvtaking for mindre enn 100 år sia. Men myra var ikkje berre fæl. Ikkje i etterkrigstida. For fleire av dei som no er bestefedrar i Hyllestad hadde myra som leikeplass!

Eller, ikkje vanleg leikeplass, men skeisebane om vinteren! Gutane gjekk opp frå Hyllestad, demte opp myra så ho vart full av vatn. Så fraus det og isen la seg på myra. I dag trur vi det knapt var mogleg, vi gjer ikkje slikt meir. (Og myrane frys ikkje til på same vis no som det har blitt varmare om vinteren.)

7 Utsikten

Eit kort stykke til no, langs turstien, så opnar det seg og du er i furuskog på slette bergknausar. Her har du eit vindauge mot Robba og Blåfjellet i aust. Mot høgfjellet i Hyllestad. Det er ein vakker plass. Ein stad for ein rast.

8 Mot Hyllestadtunet

Frå Utsikten er det eit langt strekk mot Hyllestadtunet («Gamle Hyllestad»). Stien er fin, du går gjennom planta granskog og lauvskog. Det er mange kvernsteinsbrot i området, opp mot Sæsol og mot Gåsevatnet (Gåsetjørna). Men turstien går ikkje opp til alle desse brota. Du kan ta deg ein avstikkar, om du vil!

Snart stuper stien nedover. Rett før er det eit godt merka stikryss, midt i tung granskog, der du kan gå mot nord, mot den nye Dagsturhytta i Hyllestad, ved Sørefjordsvatnet.

Men vi går nedover, langs bekken, med utsikt mot Lihesten, i gammal overgrodd beitemark, langs steingardar, mot vegen mellom Hyllestadtunet og Sæsol. Så er vi brått i eit gammalt bygdesentrum! Det som var – og er – Hyllestad, før sentrum vart «flytta» til det noverande sentrum ved skulen og kommunehuset.

Mellomdagens bustader finn du kyrkjegarden frå mellomalderen. Her er det ikkje kvernstein, men annan stein som er forma i granatglimmerskifer: Krossar og gravplater frå mellomalderen! Hyllestad var eit senter for produksjon av krossar på Vestlandet for 1000 år sia.

Og her finn du ei rekke hus som før var alt frå butikkar til fengsel(!), du finn kai og store buar, frå den tida staden hadde anløp av båtar og skip. Det er ei lang historie. Her er lenke til ein kort versjon.

9 Gamleskulen, Svartedalen og «Marthas Hyllestad»

Frå Hyllestadtunet tek du gamlevegen gjennom Svartedalen. Men no kan du med ein gong kople deg til «Marthas Hyllestad» (www.kulturvandring.no/hyllestad), ei kulturvandring mellom Hyllestadtunet og Kvernsteinsparken, der Martha Systad Iden fortel om korleis det var å vekse opp i Hyllestad rett etter 2. verdskrigen. Martha gjekk 7 år på Hyllestad skule, «gamleskulen», der han ligg fritt og fint med utsikt mot Lihesten.

Huset vart bygd som skulehus på slutten av 1890-talet og var i bruk som grendaskule fram til 1970-talet, då den nye skulen på Hyllestad vart teken i bruk. Det vart seinare brukt som privat barnehage i nokre år og seinare som lagshus og atelier.

10 Prestegarden

Så er vi tilbake på Myklebustgarden, den gamle storgarden som i mellomalderen høyrde til Munkeliv kloster i Bergen. Som på 1800-talet vart omgjort til prestegard for Hyllestad. Hovudbygningen, slik han står no, vart bygd kring 1870, men garden har ei lang og innvikla historie. Alt dette kan du lese om i ein artikkel av Ingemar Nordstrand i Sogeskrift frå Hyllestad i 2001.

No er det ikkje mykje att av den gamle Myklebustgarden, der han ligg mellom skulen, butikken og idrettsbanen. Men han er framleis «den beste tomta i Hyllestad». Garden var på mange vis ein føresetnad for at Hyllestadmarka og Myklebustbrota skulle bli ein så viktig stad for produksjon av kvernstein. Det er mange folk i heile Skandinavia som kan takke garden: For utan kvern, ikkje noko brød, og heller ikkje noko liv.

Takk for turen!

Online kart og praktiske opplysingar

På turen kan du bruke teksten over som rettleiar og dette kartet (trykk på firkanten oppe til høgre, så får du opp kartet i Google Maps):

  • Turen er 3-4 km lang, går frå Hyllestad kommunesentrum, opp i bustadfeltet i Myklebustlia til vasstårnet der vegen endar. Herifrå er turen merka med raudt gjennom marka og til Hyllestadtunet. Det er den same turen du finn på ut.no: Rundtur: Hyllestad – Sæsol – Myklebust – Hyllestad, som forvaltast av Fjelltrimgruppa i Hyllestad idrettslag.
  • Parkering av bilen kan du gjere i Kvernsteinsparken eller ved Spar Hyllestad.
  • Gode sko er viktig! Det kan vere blautt i Hyllestadmarka!
  • Hugs at det er generelt bålforbod mellom 15. april og 15. september!
  • På nettsida til Kvernsteinsparken får du informasjon om alt som har med kvernstein å gjere: https://kvernsteinsparken.no/kvernstein.
  • Og hugs at turen går gjennom kvernsteinsbrot som er automatisk freda av Riksantikvaren. Du kan ikkje ta med deg kvernstein eller fragmentar av kvernstein! Men du kan ta så mange bilete du vil!

Tekst: Per Storemyr. Tusen takk til Leif Akse for opplysingar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.