Kvernsteinsmarknaden

Kvart år i juni er det Kvernsteinsmarknad! Då kjem det meir enn 500 besøkande til Kvernsteinsparken. Dei kjem for å ta del i Parkens aktivitetar, men fyrst og framst for å møte lokale lag og organisasjonar, det lokale og regionale næringslivet – alt frå lokale matprodusentar til bedrifter som driv med høgteknologi!

Frå Kvernsteinsmarknaden 2015.
Frå Kvernsteinsmarknaden 2015.

Kvernsteinsmarknaden er ein arena for alle i Hyllestad og regionen. Her er det bodar for alle som vil vise fram kven dei er og kva dei sel. Eit viktig treffpunkt i ei lita bygd. Marknaden er skipa som eit samarbeid mellom Kvernsteinsparken/Norsk Kvernsteinsenter og Næringsrådet i Hyllestad. Og har du lyst, kan du fiske i elva eller kikke på dyra våre. Eller smake på god mat frå heilt andre himmelstrok: Hyllestad er ein kommune med høg grad av innvandring.

Kvernsteinsmarknaden 2015. God mat frå Romania!
Frå Kvernsteinsmarknaden 2015. God mat frå Romania!

Les vidare om: