
Audun Oppedal har vore ein av Kvernsteinsparkens store støttespelarar i mange år. Og no har han kalka sauefjøsen sin med brend Hyllestadkalk. Frå kalkomnen i Kvernsteinsparken. Ei bøtte med brentkalk, lesking med vatn på staden. Det vart til tjukk måling for to strok på 60 kvadratmeter fjøsveggar. Nett som i gamle dagar. «Eg hugsar at bestefar min og far min kalka fjøsen kvart år for å gjere det reint og kvitt og fint. No vil eg gjere det same.» Grunnen er at moderne produkt ikkje kan måle seg med tradisjonskalk. Så no er fjøsen til Audun ein del av Kvernsteinsparkens kalkomnsprosjekt, som vert støtta av Riksantikvaren. Les meir