Leire frå Askvoll for å reparere kalkomnen i Kvernsteinsparken

Blåleira i Vårdal i Askvoll er knallhard! Tung hakke og godt mot! Foto: Torbjørn Løland
Blåleira i Vårdal i Askvoll er knallhard! Tung hakke og godt mot! Foto: Torbjørn Løland

Kvernsteinsparken formidlar historia om kvernsteinsbrota i Hyllestad. Men vi jobbar òg med formidling av anna bergverkshistorie. Den handlar ikkje minst om gamle teglverk, der lokal leire vart teke i bruk for å lage byggestein og takpanner. Og leire treng ein til å bygge omnar som skal tåle høg temperatur. Difor tok vi ein tur til Askvoll, til dei viktigaste gamle teglverka på Vestlandet, Helle og Vårdal ved Holmedal. Teglverka vart lagt ned for mange år sidan, men det er framleis mykje leire her. Vi grov ut 150 kg i Vårdal. Leira skal brukast til å reparere kalkomnen i Kvernsteinsparken i slutten av juni. Les meir