
Vi skal byggje om kalkomnen i Kvernsteinsparken med kleberstein! Om berre to månader! Kleber er som kjend motstandsdyktig mot varme og lagrar varme betre enn annan stein. Og kleber vert brukt til omnar. Difor tok Torbjørn og Per førre veka turen til Norsk Kleber på Otta, Noregs store produsent av moderne kleberomnar, for å bestille 8 tonn tilskoren stein. Vi landa ein avtale – og samstundes nytta vi høvet til å sjå på verdas finaste historiske saghus for kleber, på Sagflaten ved Sel, saman med kjentmann Kjell Voldheim. Les meir