Sand frå Loneland til kalkomnen i Kvernsteinsparken

Loneland – eit klassisk sandtak.
Loneland – eit klassisk sandtak.

Ein treng mange materialar til eit restaureringsarbeid på ein «gammal» kalkomn, som den i Kvernsteinsparken: Eldfast naturstein, vanleg naturstein, leire, brentkalk, treverk, jarn. Og mange verkty; hammar og meisel, sag, mureverkty, spikar, tommestokk, bøtter og spann – vatn! Har vi gløymd noko? Sand! Vi treng sand for å lage god, gammaldags kalkmørtel; til fuging og pussing, til å mure stein! Difor tok vi ein tur til Ola Kjell Loneland og det største sandtaket i nærleiken, på Loneland, i Fjaler, nær grensa til Hyllestad. Les meir