
Myklebustbrota i Hyllestadmarka er det nest største samanhengande kvernsteinslandskapet i Hyllestad – etter Rønset. Det er eit gammalt, vakkert landskap med mange «juvelar»: Storbrot, småbrot, ei mengd øydelagde kvernstein. Og det beste er at ein kan gå rett gjennom landskapet langsetter turstien til Brukelia og over til Hyllestadtunet («Gamle Hyllestad»). Ta deg ein tur med born og familie og vener! Under får du informasjon om ikkje berre kvernstein, men òg litt histore om kulturlandskapet. Visste du at Prestegarden var viktig for hogging av kvernstein? Og at det var skeisebane i marka for 50-60 år sia? Til slutt finn du online-kart og praktiske opplysingar. Turen er 3-4 km lang og du kan bruke ein time – eller heile dagen. Les meir